Vinterhav

Vinterhav

torsdag 12. juli 2012

Sommarhelsing frå landevegen

Heisann lenge sidan sist og nokre lurer på kvar i alle dager det har vorte av meg...
Eg er så opptatt med LevNO prosjektet mitt at eg har ikkje stunder til å blogge så mykje for tida.
Men til alle de som lurer - eg har det fint. Kosar meg i sola med ei utsikt som kan ta pusten frå ein.
LevNo er noko av det luraste eg har gjort - eg kjenner at eg lever fullt ut kvar einaste mil og kvart einaste minutt på dagen.


Så folkens ta imot ei Sommarhelsing frå ei som føler seg som verdas heldigaste for tida:-))

Klem jannetove

lørdag 2. juni 2012

Om å lyfte kvarandre fram.

Idag fekk eg melding om at eg har fått ein Award...
den kom frå gode Hanne
med bloggen Livets Små øyeblikk.

Hanne har ein varm fin blogg der ho let oss få ta del i hennar og familien`s kvardag.

Ho set pris på min blogg og ynskjer å lyfte den fram i lyset

Takk Hanne - det var veldig fint gjort:-))




https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhPZ_cwI3LJBtnRBebpCCDLhFBhOVx5oKXjhyphenhyphenR_vFK4XbkQ2oqvgOS9R6UdMVKAEuYpUDYGxdAI94qsLtxhXsSIWNjSZzFFZj6jrxEyht_x52fOZUvLj3LQ0Pm8BK-567bUryrTCYLFKg/s1600/liebster+blog+award.jpg

"Liebster Blog Award är skapad för att lyfta fram bloggar med 200st prenumeranter eller färre.

In order to accept the award, the recipient will:
1. Thank the person who gave you the award.
2. Link back to that person’s blog.
3. Copy and paste the award to your blog.
4. Present the award to 3-5 blogs of 200 followers or less that you feel deserve this recognition.
5. Let those blogs know by leaving them a comment"


Så var det min tur til å finne nokre bloggar som eg 
likar og sende dei fram i lyset.

Eg kunne valgt ut mange fine blogger
men valet falt på desse 5
Bloggar som gjev meg stor glede i å lese.
 Takk for at de let meg få ta del i dykkar kvardag. 

Liv Heges Skriveblogg
Ei spennande reise frå manus til bok:-))

Bratte bakka og grøne lier
Biletskildringar som kan ta pusten frå alle og ein kvar:-))

Dikt for dagen
Nydlege små diktdrypp krydrar kvardagen:-))

Sub Eodem Tecto
Fantastiske livsfunderingar til stor glede:-))

En SMAK AV kajakk, naturen og foto
Storslått hav og livsglede:-))

Berre eit lite utdrag av bloggar eg set pris på å fylgje.

Ha ei god helg kvar de enn finst i verda.
Klem jannetove





mandag 21. mai 2012

Vårprosjekt og Natur-Nasjonal-tur

Tittitt 
her er eg igjen :-)
Har vore så opptatt sjønar de
at eg har ikkje hatt tid til verken å blogge eller lese noko særleg hos andre.
Eg har vore så opptatt med LevNO prosjektet vårt
og dei andre vårprosjekta våre.
Og når kvelden har kome 
ja så har eg rett og slett vore så sliten og trøytt
at eg ikkje har orka å surre så mykje her inne i denne bloggverda.

Her hos oss brukar vi å kjøpe veden ferdig kløyvd og rå
om våren.
Det har gitt mykje varme allereie.
Mykje varme, stive musklar og sår rygg...
...men sjå berre her...
....no er alt stabla og lagt under tak
slik at sol og vind kan tørke den gjennom sommaren.
Så vert det ei ny runde til hausten -
- når den skal flyttast inn i skålen.
 

Så var det garasjen då.....
Fin og svart har den blitt med tjærelin på veggar 
og kvitmaling på døra.
Må nok berre melde om kneskjelv i stigen
og vonde fingrar etter kvart som den jobben skreid fram.
Men fint vart det - om eg så skal sei det sjølv:-))


Så var turen komen til terassen
Ikkje så få kvadratmeter skulle vaskast og oljast på nytt.
Både frosen, stivbeint og rygglaus....
....men no skin den så fint og vatnet prellar av i store dråpar.


Mange tunge tak har det vore
for å få i hamn vårprosjekta.
Men vi har kome i mål
med små arbeidsykter avbrote av mange små pauser i solveggen
med kaffikoppen og god prat.

Eg set så stor pris på at vi er ferdige
og at vi fekk gjort jobben sjølve-
vi to som går her med kvar sine sjukdomsplager.
Så tenkjer eg at det er godt at vi ikkje veit kva som ventar oss....
....hadde nokon fortalt meg kor nedsett eg skulle bli av alle medisinane i fjor på desse tider...
....ja då hadde eg nok mist motet.......

Men.... sååå....
 
......så vart det tid for tur
Natur-nasjonal-tur
trur eg at eg vil kalle det.
Vi tok laust på 16.mai -
-pakka i bilen
og reiste på måfå.
Fant oss ein plass ved eit vatn og sov over til den store dagen.
17. mai - litt ut på dagen
parkerte vi ved vannkanten - 
etter å ha reist gjennom eit stykke Telemark
uten is
uten kake
uten tog
(og utan bunadstas og findress)
Berre meg og kjærasten
i fred og ro
langs stille 17.mai vegar.


Etter ein god middag
eit glas kvitvin
og barnetog på TVèn
var det denne utsikta vi såg 
før vi stengde døra og tok ein tidleg kveld.
I slike omgjevnader 
fekk vi sove i fred og ro
med berre fuglane som musikk.


Så tilbake til sivilisasjonen
og stor boogie faktor.
Parkert ved sovevogna
hos Grenland Fallskjermklubb i Skien.
Her var det samling av gamle og unge fallskjermhopparar
(og nokre som ikkje hoppar - men berre går rundt og pratar tull)


Fallskjermklubben har investert i nytt fly-
LN PER
som vart skikkeleg "døypt" i champagne
av Skiens ordførar
som forøvrig gjorde sin entrè 
i tandem fallskjerm.
 

Rett ei fin langhelg har det vore og eg.....jau....
.....eg kjenner eg er takknemlig 
for at vi er to - to ilag om både kvardag og helg.

Sidan sist har eg vore på 6 månaders kontroll
og legen syns ting ser fint ut.
"vi har tenkt at du skal bli heilt frisk" sa han - ok kar han legen igunnen:-))
Førre veka var eg å testa hjertet rutinemessig sidan eg går på Herceptin 
-og mugatesten var ikkje heilt fin....
vart litt bekymra då....
....men ultralyden i dag viste gode resultat og eit hjerte som har bra funskjon.
Så dermed fekk eg fortsette med den viktige Herceptinkuren
iallefall nokre veker til.

Så får vi ta det derifrå

og berre fortsette med LevNO prosjektet vårt.

Klem Jannetove

tirsdag 1. mai 2012

Sola skin over Hadeland

Sola skin over Hadeland
og eg har fleire gode dagar enn dårlege.
Kjellertrappa er reinska for hybelkaniner
etter at eg har brukt ein god del tid 
med å krabbe der nede i det siste.
Biverknadane og etterverknadane av medisiner og Cellegift
slo meg heilt ut både fysisk og psykisk.
 
Men no er dagane litt lysare.
Nokre av biverknadane er i ferd med å gje opp
og eg føler at kroppen sakte men sikkert
begynner å våkne til liv att.
Sjølvom eg ikkje har så mange krefter for tida
får eg likevel gjort litt.
-Puslar med litt husarbeid
-Går ein tur
-Deltek på strikkekafe
-Engasjerer meg i Fibromyalgiforeninga sitt arbeid...
....ja eg har endatil bestått eit enkelt livreddarkurs i bassenget.

Det store prosjektet for våren her på garden er
Beising av garasje....
....tungt arbeid som vi nok må bruke litt tid på
men med tida til hjelp
og i godt lag
får vi gjort litt kvar dag - eg og kjærasten.

Og så har vi tid til å kvile når vi treng det.

Vekene er prega av "fast abonnement" på Helse Sør Øst
Gjøvik, Hamar og Lillehamar - godt kjent der etterkvart.....
No er det snart tid for 6 månaders kontroll etter operasjonen.
Kjenner at eg begynner å merke spenninga - 
- ei spenning eg nok må leve med resten av livet.
For dette er berre den første kontrollen i ei lang rekke av kontrollar eg må gjennom i åra som kjem.

Men tenk på kor heldig eg er som blir kontrollert -
- eg er inne i eit system som har planer om å halde meg frisk
- og som tek vare på meg 
- passar på meg
- som skreddarsyr eit tilbod berre for meg.

Sola skin over Hadeland
og det håpar eg ho har tenkt å gjere framover og.

jannetove

tirsdag 17. april 2012

Ting tar tid

Det er i motgang vi blir sterke heitest det.

Eg kjem til å bli fryktelig sterk trur eg...
....må berre vente ei stund....
Vente til Fatiguen har reist sin veg
Vente til smertene i kroppen forsvinn
Vente til magen har roa seg ned
Vente til heitetoktene roar seg
Vente til denne totale utmattinga tek til vetet og forlet kroppen min.

Eg tykkjer det går seint
er så utolmodig
Vil så gjerne yte
Vil så gjerne ha tilbake mitt gamle liv

Eg må vere tolmodig -
La kroppen få bruke den tida den treng
for å kome seg.

Tolmod har aldri vore mi sterke side
eg har alltid likt å få unna ting
Alltid likt å vore effektiv
jaga frå oppgåve til oppgåve.

No berre må eg ta det med ro
må berre innsjå 
at eg har meir enn nok med å kome meg gjennom dagane.
 
Men eg lever
og eg har trua
trua på at eg skal bli kjempesterk...
kanskje like sterk som Pippi....
 
....eg skal berre kvile litt fyrst...
 
jannetove


onsdag 11. april 2012

Det forløysande ordet......

Frisk
eit lite ord
med så uendeleg mykje godt i seg.

Frisk
"eg reknar deg som frisk"
sa legen i går.

Frisk 
frå kreften
ja for den er borte
tatt bort med kniv
tatt ut or kroppen.

Eg kjende at eg sveva rundt på loftet
i allefall ei stund - 
- heilt til neste heitetokt kasta meg i bakken
- heilt til smertene i kroppen henta meg ned på jorda igjen
- heilt til utmattinga lulla meg i svevn
der eg sat i godstolen.

Alle desse biverknadane
av etterbehandlinga
Alle desse seinskadene
etter knallhard cellegift
gjer at eg på ingen måte føler meg som Frisk

Men at legen 
seier det befriande ordet
Frisk
Gjer at gleda likevel boblar i kroppen
og eg kjenner at eg får styrke til å lære meg å leve
med alle dei usynlege (og nokre synlege) plagene.
Eg får styrke til å kjenne på at eg er takksam
- takksam for at eg kom tidsnok
- takksam for at eg får den medisinen
som no gjer meg dårleg
- medisinen som skal forebygge tilbakefall.

Styrke til å leve her og NO
Leve eit liv i sakte tempo
Ikkje slik det var før
Men likefullt eit godt liv

TAKK


mandag 9. april 2012

LevNO

Heisann
då er eg tilbake i bloggverda
etter ei økt med LevNO.

Turen starta Torsdag før palmehelga.
Vi køyrde til Fagernes og fekk kaffi hos Kirsten og Erik
og spaninga var stor då vi skulle prøve den nye bilen -
over Filefjell i snøføyk og vind.
Men iflg. "privatsjåføren" var bilen perfekt å køyre
Kjende godt at vinden ruska i den forholdsvis store "vindfangen"
og vinteren hadde kome tilbake enkelte stadar.
Men vel over fjellet var det berre å lene seg tilbake og slenge føtene høgt -
- dette gjekk så fint så:-)

Første natta med fricamping var også spennande - 
mykje å passe på
mykje å lære
- og du verda kor godt vi sov - der vi stod på ei utkjøyrsle like utanfor Lerdal.

Så var det tid for å finne vegen til Fagre Stryn
og 40 årsfeiring.
Gode dagar
med god mat og familie og vener rundt oss.

Utsyn til Stryn i påskeregn

Mandag i påskeveka skulle turen gå vidare over til Ørsta
og no hadde veirgudane verkeleg slått seg vrange.
I snøkave så ein mest ikkje såg vegen 
vart turen over til Hondalsvatnet og over Stigedalen
rimeleg strabasiøs - men når ein tek tida til hjelp vil det som oftast gå greit.

Ørsta openberra seg med sol og rundt 20 cm nysnø - 
eit vakkert skue.
Dagane der var fylde med besøk av born og vener
middags og kaffi invitasjonar
og late dagar i svært så varierande veir.

Så vart det tur i påska i år og - 
og det er garantert ikkje den siste turen med LevNO.

No skal den siste dagen i påska nytast med
god mat og besøk av godaste Helene jenta.
LevNO har flytta inn i stova heime -
og dagane ruslar og går litt opp og litt ned
i mine to livstrapper:-))

Jannetove