St.Hans aften eller Jonsokafta som
eg alltid har kalla dagen - midtsommar med
lange lyse netter og godt veir.
Kanskje akkurat den tida på året
som vi går å drøymer om
heile hausten, vinteren og våren
igjennom.
No er den her - lever du ut dagen no?
Eg har starta feiringa med
ein lang og god tur i skauen.
Blomane står i full flor i utkanten
av slåttemarkane eller kornåkrane.
Sola skin innimellom kvite skyer.
Inne i skogen min er det svalt og godt
og kløver og andre blomar gror godt
på den mjuke skogbotnen.
Nokre stader svingar stien seg i utkanten -
langs ei eng og eit gjerde.
Brått dukkar det opp teikn til
liv på bygda.
Det er tydleg at eg ikkje har skogen for meg sjølv
- men akkurat i dag fekk eg gå åleine.
Sist eg var her var det fullt av leikande born
i dette området.
Den lokale barnehagen brukar denne delen av skogen
flittig - her har dei laga enkle leikeapparat -
- og ein stad å vere om veiret skulle vere
litt våtare enn i dag.
Trur nok det er mange store
auge her når "tanta" eller "onkelen" les
frå eventyrbøkene.
Her treng ein kanskje ikkje bok ein gong -
her kan eventyra levast og leikast.
Når eg går slik i skogen
går tankane ofte tilbake til min eigen skog -
skogen som var mitt barndomsrike.
Askjellhaugen heiter den no - ja den
heitte vel kanskje det når eg var lita og -
men vi kalla det berre ned under granene.
Der leika vi i den vesle skogen
laga store bondegardar av tjuker, kvist og mose.
Ein stad berre for glede den gong -
no ligg kyrkjegarden på område -
rart å tenkje på kor glede går hand i hand med sorg.......
Då eg var ung var det viktig
å gå ut å plukke blomar jonsok kvelden.
7 forskjellige blomar -
under hovudputa -
så skulle jenta drøyme søtt om sin tilkomande husbond.
Mykje vatn har runne i elvane sidan
den gong -
livet har gjeve både sorg og glede
hand i hand har dei gått gjennom livet.
No i ettermiddagsykta er det fint
å minnast og tenkje på kor mykje flott
ein har fått oppleve -
og kor godt ein egentleg har det.
God midtsommars kveld der ute -
jannetove