Livet går i bølgedalar
det har eg fått kjenne på dei siste dagane.
Eg var så innstillt på å få inn Veneporten på fredag
men då var verdien som fortel om kor godt imunforsvaret mitt er nede på 0,6...
....og legen som skulle
operere meg meinte at eg nok ikkje ville få cellegiftkur på måndag heller.
Det er slik at for operasjon må denne verdien vere på 2 og helst 2,5 slik at
infeksjonsfaren ikkje er så stor. For å få cellegift kan den vere ned mot 1
Kjende at eg ramla fleire trinn i kjellartrappa
men ein liten "pepptalk" med kreftsjukepleiar fekk meg nokre trinn opp
og vi vart einige om at eg skulle møte til cellegift som avtalt
Så helga vart god den - men god mat - godt drikke og
småpusling i heimen i lag med kjæraste kjæresten min
og eg var mange turar opp loftstrappa
Måndagen kom og eg budde meg vel eigentleg på å måtte
reise heim for å vente nokre dagar på giftangrep
Derfor vart gleda så uendeleg stor
då eg vel inne hos kreftlegen vart fortald at verdien hadde stege til 3,1
i løpet av helga.
Med slik god verdi fekk eg oppleve eit helsevesen som
verkeleg kan samarbeide og få ting gjort i ei handevending
Kreftlegen kontakta Kirurgen på dagkirurgi
og han ville gjerne ta seg tid til å la meg få sett inn Veneporten same dagen
og på Kreftpoliklinikken fant dei ny tid for cellegift dagen etter....
....og plutselig låg eg i ei seng på dagkirurgi
og venta på min tur
Litt venting måtte eg rett nok tåle
men klokka 17.00 var eg ferdig og kirurgen hadde sett over røntgenbilda mine
og kunne bekrefte at alt såg fint ut der inne ved lunger og hjerte
og eg fekk reise heim
No var eg nesten heilt oppe på loftet og romesterte
og i natt vakna eg fleire ganger - rett nok med smerter rundt operersjonsstaden
-men med glede over at eg skulle få cellegift berre ein dag forseinka
Idag reiste eg til Gjøvik og kreftpol med godt mot
litt god smertelindring i kroppen
og framleis vaglande i loftstrappa
Det intravenøse utstyret vart kopla til den nye Veneporten
og giftangrepet starta
først med saltvatn
så kvalmestillande
så kurdel 1
så saltvatn
så kurdel 2
så saltvatn
så kurdel 3
og det heile avslutta med saltvatn
deretter vart eg kopla i frå og kunne reise heim
med ny time om tre veker
Intravenøst utstyr kopla til Veneporten 291111
Veneporten er ein membran som er
operert inn rett under huda på brystkassa
ein slange går frå denne - under kragebeinet
eit stykke opp og nedatt i ei stor vene ved hjertet
Ei vene med stor kapasitet og stor blodmengde
Ei vene som tåler cellegifta mykje bedre enn
dei små venene som er i handa
Denne Veneporten kan ligge under huda i fleire år
og når eg skal ta blodprøver eller få intravenøs behandling
stikk sjukepleiaren berre nåla rett gjennom huda
og inn i membranen og dermed
er eg "påkopla" og klar for behandling
No sit eg heime i soffan
har ete godt og prøver å drikke mest mogeleg
tek mine nøye tilmålte kvalmestillande
og belagar meg på nokre dagar
der eg er litt uggen og sliten
Me du verda
det har ingen ting å sei
eg sit framleis og dinglar med beina i loftstrappa
og er glad eg bur i Norge
eit av dei landa som er
best på livreddande brystkreftbehandling
Eg har SÅ mykje å glede meg over
og når ein har vore ein tur i kjellaren nokre gangar
er GLEDA ekstra god å kjenne på:-))
Klem Jannetove