Livet går i bølgedalar
det har eg fått kjenne på dei siste dagane.
Eg var så innstillt på å få inn Veneporten på fredag
men då var verdien som fortel om kor godt imunforsvaret mitt er nede på 0,6...
....og legen som skulle
operere meg meinte at eg nok ikkje ville få cellegiftkur på måndag heller.
Det er slik at for operasjon må denne verdien vere på 2 og helst 2,5 slik at
infeksjonsfaren ikkje er så stor. For å få cellegift kan den vere ned mot 1
Kjende at eg ramla fleire trinn i kjellartrappa
men ein liten "pepptalk" med kreftsjukepleiar fekk meg nokre trinn opp
og vi vart einige om at eg skulle møte til cellegift som avtalt
Så helga vart god den - men god mat - godt drikke og
småpusling i heimen i lag med kjæraste kjæresten min
og eg var mange turar opp loftstrappa
Måndagen kom og eg budde meg vel eigentleg på å måtte
reise heim for å vente nokre dagar på giftangrep
Derfor vart gleda så uendeleg stor
då eg vel inne hos kreftlegen vart fortald at verdien hadde stege til 3,1
i løpet av helga.
Med slik god verdi fekk eg oppleve eit helsevesen som
verkeleg kan samarbeide og få ting gjort i ei handevending
Kreftlegen kontakta Kirurgen på dagkirurgi
og han ville gjerne ta seg tid til å la meg få sett inn Veneporten same dagen
og på Kreftpoliklinikken fant dei ny tid for cellegift dagen etter....
....og plutselig låg eg i ei seng på dagkirurgi
og venta på min tur
Litt venting måtte eg rett nok tåle
men klokka 17.00 var eg ferdig og kirurgen hadde sett over røntgenbilda mine
og kunne bekrefte at alt såg fint ut der inne ved lunger og hjerte
og eg fekk reise heim
No var eg nesten heilt oppe på loftet og romesterte
og i natt vakna eg fleire ganger - rett nok med smerter rundt operersjonsstaden
-men med glede over at eg skulle få cellegift berre ein dag forseinka
Idag reiste eg til Gjøvik og kreftpol med godt mot
litt god smertelindring i kroppen
og framleis vaglande i loftstrappa
Det intravenøse utstyret vart kopla til den nye Veneporten
og giftangrepet starta
først med saltvatn
så kvalmestillande
så kurdel 1
så saltvatn
så kurdel 2
så saltvatn
så kurdel 3
og det heile avslutta med saltvatn
deretter vart eg kopla i frå og kunne reise heim
med ny time om tre veker
Intravenøst utstyr kopla til Veneporten 291111
Veneporten er ein membran som er
operert inn rett under huda på brystkassa
ein slange går frå denne - under kragebeinet
eit stykke opp og nedatt i ei stor vene ved hjertet
Ei vene med stor kapasitet og stor blodmengde
Ei vene som tåler cellegifta mykje bedre enn
dei små venene som er i handa
Denne Veneporten kan ligge under huda i fleire år
og når eg skal ta blodprøver eller få intravenøs behandling
stikk sjukepleiaren berre nåla rett gjennom huda
og inn i membranen og dermed
er eg "påkopla" og klar for behandling
No sit eg heime i soffan
har ete godt og prøver å drikke mest mogeleg
tek mine nøye tilmålte kvalmestillande
og belagar meg på nokre dagar
der eg er litt uggen og sliten
Me du verda
det har ingen ting å sei
eg sit framleis og dinglar med beina i loftstrappa
og er glad eg bur i Norge
eit av dei landa som er
best på livreddande brystkreftbehandling
Eg har SÅ mykje å glede meg over
og når ein har vore ein tur i kjellaren nokre gangar
er GLEDA ekstra god å kjenne på:-))
Klem Jannetove
Kjære deg. Riktig tøffing er du,og det har du visst bruk for nå (også).
SvarSlettFint å lese at du føler deg gladere. Og jeg er enig med deg: Vi er utrolig heldige i landet vårt!
Sender en klem i vinden. Den er nok hos deg i kveld,rett før du sovner-jeg prøvde å lage en kvalmestillende ;-)
Dette var godt og lese, Janne Tove, og svært interessant også.
SvarSlettEr jo ikke på "din side" i behandlingen, men jeg kjenner mye av veien fra 'etter prøvetaking' til svar foreligger på kreftavdelingen!
Tenker på deg, og sender sterke og gode tanker!!
Det uler rundt nova i kveld, så jeg er sofa- og sjokoladegris:)
Deilig avogtil!
GodklemM
Å hildrane du, så godt å høre!!!
SvarSlettDu er bare tøffere enn toget, Janne Tove.
Takk for at du skriver så opplysende om prosessen du er oppi. Både på det følelsemessige, men også på det reint praktiske planet. Jeg lærer mye av å lese det du skriver.
Håper de "uggene" dagene går greit for deg.
Elisabethklem
Å så glad eg vart!!!
SvarSlettstor klem :-)
Du e virkelig tøff som dela so mykje av prosessen med oss lesarar. Ikkje alle som har ryggrad til stå så bratt i det som du!
SvarSlettEj trur vinden i kveld blese i di retning, sjølv om det e storm i kasta...
Stå på!
Så godt å høre at verdiene dine hadde godt så mye opp i helgen at du både kunne få satt inn veneport og starte på ny runde med cellegift. Det er også godt å høre at du har gode dager, må det bli mange av dem fremover for deg. Stor klem :0)
SvarSlettJeg tenker og tror noen våker over deg der ute Janne Tove. Noen som vil at dette skal du klare:))
SvarSlettOgså litt for du er et fantastisk menneske. Det er lett å lese seg til:) med en god porsjon humor:)))
Jeg sender små bønner ut, tenker at den som våker over deg fanger den opp:))
Nattetanker fra meg til deg:)
: )) det var utrolig godt å høre !!! var ganske sikker på at verdien ville komme opp.. men at du både fikk veneporten innstallert og kur dagen etter.. det er helt fantastisk : ))
SvarSlettsynes du skal ta deg tid til flere slike samtaler.. reis inn og snakk.. det kan være vanskelig å si så mye til ens nærmeste.. man vil ikke uroe eller belaste.. men snakke trenger man.. selv om en er aldri så "sterk".
håper du får en fin dag : ) klæm fra mæ
Du e so tøffe!
SvarSlettStor klem :)
Åh så godt at læse, at det alligevel gik som det skulle. Og du er tapper! Flot og beundringsværdigt. Stå på.
SvarSlettHåber du har en god dag i dag. Klem.
For en flott opplevelse i møte med det norske helsevesen;-) Slike historier er oppløftende lesing når det butter imot! Klem
SvarSlettEg blir stum av beundring. Du står sånn på Janne Tove. Du er beintøff. Gyver laus. Og samstundes fortel du at dette er hardt. Det forstår eg virkelig. Men du fortel det med slik ei styrke. Eg ender med å smile når eg les, rett og slett fordi inn i mellom alle orda så ser eg ei Janne Tove som har bretta opp armane og går på. Beundringsklem:)
SvarSlettSå godt å høre at det ordna seg denne gangen!
SvarSlettOg at du har gode stunder, skjønner jo at dette er tøft å gå igjennom.
Setter stor pris på alle dine koselige besøk på bloggen min.
Her er det ruskevær, eg og 11 visen min, er heime og er forkjøla. Pus syns det er best å være inne også.
Håper dagen din er fin. Klem fra meg.
Så godt å høre at dette gikk bra, jeg tenkte på deg på mandag:)
SvarSlettHåper du fortsatt dingler med føtene fra loftstrappa, og at den gode følelsen blir en fast følgesvenn.
God klem og god natt,
Hanne:)