Vinterhav

Vinterhav

fredag 30. desember 2011

Mitt annaleis år 2011

Mitt 2011
vart eit annaleis år
både på godt og vondt

Eg fylde 50 år
i påska
og såleis fekk eg oppleve ein milepæl i livet
Eg gledde meg over å få lov å bli endå eit år
Gåva frå kjærasten 
var ein stor draum
eg fekk oppfyllt
Ein tur med Hurtigruta
frå Bergen til Kirkenes
og tilbake
på flott lugar
med god mat
og tusenvis av gode opplevingar
og inntrykk
Opplevingar eg fekk ilag med han som er min beste ven
min gode kjærast og støttespelar


Finnkjerka ved Kjøllefjord

Mot slutten av turen
fekk eg første varsel
om at noko var feil
Men i gledesrusen over turen
klarde eg å la vere å tenkje på at det kunne vere sant

Utover sommaren vart teikna tydlegare
og eg sjøna at noko var fatalt gale
Noko vaks i kroppen min
og eg var i ferd med å 
oppleve det store marerittet

Eg gjekk frå den store gleda
til den mørkaste redsla
Tida fall lang
når eg gjekk å venta på svar
Svar som kunne endre livet mitt fullstendig
Det var ei tid full av angst og redsle
håp og tru
glede og gråt
Og i august var det ikkje lenger muleg å la vere å ta det innover seg
Det var eit faktum
Eg hadde fått kreft
Eg måtte gå den tunge vegen
og fortelje borna mine at eg var sjuk

Samtidig som legen sa orda til meg
kom roa
då kom styrken 
Dette skulle eg klare 
dette skulle eg møte med humor
åpenheit
og styrke
men også tillate meg å ha tunge stunder innimellom

Så gjekk det slag i slag
Operasjon
og 
Cellegift

Hausten har gått så fort
og med handa på hjarte kan eg seie det har vore ei fin tid
til tross for kvalme
til tross for engstelse
til tross for tunge stunder
Denne hausten har eg møtt så mange flotte menneske
som har gitt meg støtte
omsorg og gode ønsker

Eg har fått prøvd mange nye ting
frå operasjon og fram til i dag
Eg har fått med mange nye erfaringar
lærdom som eg alltid vil ha med i bagasjen

Å måtte barbere hovudet
avdi dei korte hårtustane stakk når eg la hovdet på puta
vart berre artig 
når den gode Helenejenta mi 
tok høvelen og barberskummet fatt
og raka skallen til mor
og kjærasten tok bilder i alle vinklar
Då sat latteren og galgenhumoren laust 
der vi alle tre beundra resultatet


Helene i full sving med skum og høvel og no er mammahovudet blankt og mjukt.

Eg kjem til å gå inn i det nye året
med mange utfordringar
Eit par cellegiftkurar til
Så kanskje nokre veker med stråling
Antistoff kurar kvar 3.veke i eit år
Antihormontablettar i 5 år
Alt dette er medisin som vil forringe livskvaliteten min reint fysisk
Men eg er budd og har tenkt å kome igjennom det på ein god måte

Vi har så mange planar for 2012 - eg og kjærasten
Vi skal realisere fleire store draumar
Vi skal leve livet og gripe dagane
Vi skal le og gråte
Vi skal leve
og håpe at året blir slik vi ynskjer

Eg vil takke for kvar dag
Takke for styrken eg har
Takke for humøret eg er velsigna med
Takke for alle som er rundt meg og som viser at dei er glad i meg

Å leve med kreft
er vanskelegast 
FØR du har opplevd det

Godt nyttår til alle eg er glad i 
og takk for det gamle:-))

Jannetoveklem

torsdag 29. desember 2011

Romjulsbesøk

Her på Hadeland 
regnar det i dag
det er vått og glatt
der vind og regn ikkje allereie har tina isen

Her i stova er det varmt og godt
Brennsnuten var ferdig i går kveld
og skal berre varmast oppatt idag
den smakar ekstra godt 
når alle smakane har fått satt seg

Hompekaka (kvæfjordkake)
vart fyllt seint i gårkveld
slik at den også får "satt" seg

Alt er klart for å ta imot
romsjulsgjester
Systa og familien frå Vestby
og hennar svigerforeldre frå Stokmarknes
kjem på besøk

No skal vi berre leite fram
nokre ekstra stoler og ei innleggsplate
til spisestova
så kan vi kose oss med 9 rundt bordet seinare i dag

Slike stunder er 
det som er viktig i livet
Å kunne dele eit bordsete
ilag med kjente og kjære

Håpar din Romsjulstorsdag
blir fin.....
.....eg gler meg iallfall til min

Klem

tirsdag 27. desember 2011

Berre meg og alle andre

MEG
Gjennom livet
Dag etter dag
Gjennom gleder
Gjennom sorger
Åleine - eg er alltid meg
Tenkjer berre mine tankar
Berre eg heile tida
Ser alle andre – alle dei flotte
Alle dei vellukka – alle dei rike
Alle dei sorglause – alle med suksess
Tenkjer eg ville vere ein annan
Ville vere flott – vellukka – rik – sorglaus og med suksess
Alle andre går og gjennom livet
Åleine – med sine tankar
Alle andre har og sine sorger – sine gleder
Alle andre tenkjer kanskje det same
At dei vil vere ein annan
Så kanskje er det greitt at eg er meg
Med mine tankar - sorger og gleder
Vi er mange - og om vi ser oss rundt og deler
Så kan vi vere oss sjølve – saman

-jannetoveløken nov-11-


Med ønske om roleg Romjul

Klem

søndag 25. desember 2011

Glad jul

Eg er så glad
det er første juledag
og her i huset står 
ribbe og lefse på bordet
og kvar og ein kan 
tusle rundt i romslege klede
og nippe til maten
og berre nyte den stillaste dagen i året.

Eg er så glad
fordi eg hadde ein så fin julekveld i går
i lag med gode Helenejenta
beste kjærasten 
og ein fallskjermvenn
I tillegg dukka det opp ein 
uventa gjest frå Sunnmøre
på gjennomreise
som hadde tid å ete julegrauten ilag med oss

Eg er så glad 
for at forma etter siste kur
har vore så bra
Glad for at akupunktur og seaband
hjelpte på kvalmen
Glad for at eg har greidd
å ikkje stresse og mase med juleførebuingane i år
Glad for at eg har eit nettverk
rundt meg
som sender gode tankar og klemmar

Glad for at eg veit 
at dei to gutane mine som feirar jula 
andre stadar har det bra
veit at alle mine rundt om har gode dagar


Jula i år er spesiell
det er ikkje noko spesiellt kjekt å være i ein situasjon
der ein må gjennom tunge tak med cellegift 
Men i slike situasjoner
vert ein sterkare
ein ser ting litt annleis....
...livet og dagane får eit anna perspektiv

.....og akkurat no så ser eg lyst på livet
ser fram til å bli ferdig med kurane
ser fram til å leve godt i 2012
Ser fram til å nyte gode dagar ilag med dei som eg bryr meg aller mest om:-))

Ha ei fortsatt fin Romjul
....det tenkjer eg at eg skal ha.

Klem

mandag 19. desember 2011

4 av 6 er gjennomført

I dag har eg vore på
kur igjenn
- den 4. av 6
Hadde med Helenedattera
som sjåfør og 
moralsk støtte
"Visegutt" var ho òg
- spurta på apoteket og fekk 
påfyll 
- ein pose full 
med små drops 
som skal 
bære meg gjennom dei første dagane

Akkurat no 
er formen fin
eg har fått julebrus
og ein ny type vanlege drops
som har god smak
Frykeleg greit med 
litt god smak
i den emne munnen

Grana vart kjøpt på Bohus
og ser forundereleg ekte ut
Og når den vart pynta i går
syns eg jammen det var stas.

Godt å vere nesten ferdig
til jul
Berre småting som står att
ting som kan beordrast frå soffan:-))

Eg er heldig eg
som får behandling
i pose og sekk
når det tengst
Midt i julestria
sender eg varme tankar
til dei eg kjenner som slit
med sorg og savn etter nokon som vart borte
- som brått måtte innsjå at jula ikkje vart som dei trudde
- som grur seg til jul fordi nokon er så sårt sakna

Husk å lev her og no

Klem

tirsdag 13. desember 2011

Aksept

Det er mange ting her i livet vi så gjerne skulle vore foruten
men så må vi ta det med allikavel
Vi har av og til ikkje noko val
Men det er ofte at ting blir betre om ein Aksepterer
det som har skjedd -
lærer seg å leve med situasjonen -
lærer seg å godta at det er slik det er -
og slik vil det vere
Då kan ein bruke energien
på positive tankar istaden

For meg var det vanskeleg å akseptere at
eg hadde fått ein kronisk sjukdom
ein sjukdom som er omstridt
ein sjukdom som ikkje syner -
og som mange trur er innbillt
Men som for den som har den 
betyr smerter og uro
søvnvanskar
konsentrasjsonsvanskar
utmatting
stress og angst
og ikkje minst sorg over tapt helse

AKSEPT
Eg høyrer at du seier det
Eg ser at du meiner det
Eg kjenner at det er slik
Men alt i meg strittar imot

Eg vil ikkje at du seier det
Eg vil ikkje at du meiner det
Eg vil ikkje kjenne at det er slik
Eg vil bort

Bort frå orda dine
Bort frå truverde i auga dine
Bort frå smertene i kroppen min
Eg vil ikkje akseptere

Eg må høyre at du seier det
Eg må akseptere at du meiner det
Eg må godta smertene i kroppen min
Eg åleine må innsjå og akseptere at diagnosen er Fibromyalgi



Desse orda kom til meg
i møte med ei fortvila dame
som hadde fått same diagnosen som meg
ei dame som sleit med å akseptere at ho i ung alder 
måtte gje tapt i arbeidslivet
Ei dame med ein stor sorg
over å ikkje kunne yte for samfunnet lenger

No har denne diagnosen mindre betydning for meg
den er der  - og cellegifta forsterkar smertene
men no er det kampen for å bli frisk av kreft som 
gjeld for meg
Her må eg også lære meg å Akseptere
innsjå at livet har tatt ei anna vending enn eg hadde håpa på

Mitt opp i dette
kjenner eg at kreftdiagnosen er lettare å akseptere

Kvifor spør du kanskje......
.....jau det er fordi det syner
ingen trur at eg innbiller meg at det var kreft i brystet mitt
mitt hårlause hovud et eit tydleg bevis på at kreften har budd i kroppen min 

Det finst mange der ute
som slit med diagnoser
som ikkje viser så godt utanpå
men dei kan vere like tunge allikavel
og det verste er å ikkje bli trudd

søndag 11. desember 2011

Nostalgi

3. sønadag i advent og eg har ikkje tent lyset enno
men eg har leita fram juledukane og stroke dei
og lysa vil eg tende når det mørknar litt

Blandt min julepynt finst det
nokre få godbitar
nostalgiske småting
som eg har arva frå mi kjære mor

Juleduken er så tynn
og sart at det er berre så vidt eg 
tør å vaske og stryke den
Men fram på bordet må den i jula
for å minne meg på tider som var
gode tider i mammahuset


Minner er gode å ha
gode minner

No er det berre nokre dagar til 
eg får besøk
først av den yngste sonen
og dagen etter kjem dattera
Eg gler meg som ein unge
til å få besøk
og ha gode dagar ilag med
dei som betyr så mykje for meg


Idag skal eg berre kose meg
med litt handarbeid
og god mat
og tilslutt ein tur ut i kulda
for å gå meg ein tur
Eg fyller energibegeret mitt
Kva gjer du i dag?


Klem jannetove

onsdag 7. desember 2011

Min "fjord" og mitt "hav"

Ein treng ikkje alltid gå så lang ein tur 
før ein føler at ein har fått fyllt opp energibegeret
I nydleg småkaldt veir
og med eit lyst sinn
tok eg turen til Badestranda i går

Det er ikkje lange biten frå her eg bur
ein fredleg plett på vår jord
Stranda ved Jarenvatnet


Trur kanskje dette er omkledningshus....
 

I den lave vintersola
ligg stranda der
med utsikt mot
Granavollen


Lange strå i vannkanten
iferd med å fryse inn


Fuglar som stille
flyt på den vesle delen av vatnet som enno er open


Badebrygge
og vinterstille gardar


Dette er min "fjord" og mitt "hav"
Det er denne vass- spegelen eg ser frå stoveglaset vårt
Denne vass-spegelen som er så viktig for meg som er vand med fjorden og havet
Det at eg kan sjå ope vatn og åsane i vest
gjer at eg ikkje føler at vestlandet er så langt borte


Så må eg også fortelje at eg har vunne
trekninga hjå
ein flott adventskalendar -
så no ventar eg på å få ein ny engel i hus:-))

Ha ein god dag alle der ute
klem jannetove

tirsdag 6. desember 2011

Advent - ventetid på mange måtar

Gifta har herja frå seg for denne gong
Det har vore ei tung veke på godt og vondt
Alt gjekk så fint med Veneport mandag
Cellegift på tysdag gjekk som ein leik i den nye VAPèn
og onsdag følte eg at eg hadde overskot og krefter
Var på strikkekafe og møte i Fibro`n 
Litt kvalm og sliten innimellom
men eg hadde jo ein grunn for det 
og ikkje vil eg vel leggje meg føre heller
Torsdagen var det avslutning på Livslystkurset
det ville eg så gjerne ha med.....
.....men på strikkekafeen om kvelden måtte eg "melde pass" og reise heim lenge før tida

Fredag, laurdag og sundag
er dagar som ikkje skal få stå fremst i hukommelsen
Kvalm og motlaus
vondt i kroppen
vondt i hovud
trøtt - trøtt - så uendeleg trøtt
sveittetokter og frostrier
Ei lang vandring nederst i kjellartrappa
berre nokre få stunder nederst i loftstrappa

Men det er når eg har det slik
at trykkventilen opnar
at alt det tunge og vonde får utløp
i sinne, frustrasjon og salte tårer
Det er når eg har det slik at tankane og kroppen vert rensa
Det er i slike dagar
eg finn trøyst i ein kjærast som held rundt meg og pakkar meg inn i pleddet på soffan
og minner meg på at etter regn kjem sol

Og ja
det går over
etter regn kjem det sol
I går kom sola for fullt
Energien og livslysta var tilbake
og alt vart så mykje betre


På trappa står lyset tent
Nissen er komen på sin faste plass


Etter nyttelaus leiting
etter julelysa frå i fjor
gjekk eg til innkjøp av nye lysslynger
og eg og kjærasten kosa oss med
å sette dei nye lysa opp på verandaen


Og "Ottanissen" står igjenn og helsar
frå Haugsbakken
Den gamle gode Nissen som
svigermor Otta
laga for mange år sidan

Tradisjon
Glede
og Tru på gode dagar


Når desse tunge dagane
har tatt seg ei pause 
kjem også orda
orda som berre plutselig er der
og dannar små dikt

STRENGEN

Der er ein streng -  lang der inne i meg
Ein spelestreng
Som spelar livet mitt
Stundom som ein stile bekk - trillande lette og mjuke tonar
Stundom som ein brusande foss  - buldrande tunge og mørke tonar
Stundom som stille vatn – rolege vare og gode tonar
Stundom som stormfullt hav – såre salte og vonde tonar
Tilsaman er dette livet mitt - det er tonane i  hjarta og sjela
Melodien som gjer meg til eit heilt menneske
Jannetoveløken -11


I dag spelar eg julemusikk
et klementin til frukost
brenn levande lys
og ser at sola renn i sør
...og kjenner at eg har det godt

Grip dagen min venn - lev i nuet

Jannetoveklem
 

fredag 2. desember 2011

Nattevandringa

 Eg berre kviskrar litt
fordi det er midt på natta
berre ein liten tur innom her
for å syte litt......
 
Knalltrøtt og kvalm
tissetrengd og tørst
Klokka er berre 04.00
og eg er oppe på mi faste
nattevandring 
mi faste kvalme-nattevandring 
kan eg vel heller kalle det

Har vore ein tur på do
opna meg ej julebrus 
(ja du las rett)
rista meg ei loffskive med Greddost på
og putta i meg to afipran
tablettane mot kvalmen som eg kan ta innimellom
når eg har behov for det.
Eg har funne ut at eg har behov for dei
både tablettane, 
doturen
loffskiva og julebrusen
midt på natta 
dei første nettene
etter giftangrepet
 
Berre siste biten av skiva er komen i magen 
og tablettane har virka litt
er eg eit nytt menneske
Då forsvinn kvalmen
tissetrongen reiste allreie på do
og tørsten er slukka
 
 Men det er litt 
tungt å kome dithen.....
 
Men du....
når eg fyrst sit her oppe
med eit teppe rundt meg
med datan på fanget
(eg slår den ikkje av om kvelden slik at "de" kan halde meg med selskap med ein gong)
Så kjenner eg plutselig 
at det er litt godt -
det er mørkt ute
vindstille
og stjerneklart 
eg kan "surfe" litt på 
blogger
nyheiter
og FB
- sjå kva som har skjedd sidan eg 
tusla i seng 
forholdsvis tidleg i går kveld
og eg kan kjenne på stillheita ei vinternatt

Dette er den tredje natta 
etter giftangrepet
og viss det er som forrige gang
så er det siste kvalme-nattevandringa
for denne gongen
 
Eg er halvferdig med kuren
No blir dagane betre og betre
det er advenststid
og eg kan kose meg 
og nyte dagane 
fram mot neste angrep....
 
.....men den tid den sorg
No tuslar eg meg inn i senga 
og tek resten av nattesøvnen
og når eg våknar
tenkjer eg at eg har ein god dag.

Natteklem frå jannetove



tirsdag 29. november 2011

Ned og opp og vips så ordnar det meste seg

Livet går i bølgedalar
det har eg fått kjenne på dei siste dagane.
Eg var så innstillt på å få inn Veneporten på fredag
men då var verdien som fortel om kor godt imunforsvaret mitt er nede på 0,6...
....og legen som skulle
operere meg meinte at eg nok ikkje ville få cellegiftkur på måndag heller.
Det er slik at for operasjon må denne verdien vere på 2 og helst 2,5 slik at 
infeksjonsfaren ikkje er så stor. For å få cellegift kan den vere ned mot 1

Kjende at eg ramla fleire trinn i kjellartrappa
men ein liten "pepptalk" med kreftsjukepleiar fekk meg nokre trinn opp
og vi vart einige om at eg skulle møte til cellegift som avtalt

Så helga vart god den - men god mat - godt drikke og 
småpusling i heimen i lag med kjæraste kjæresten min
og eg var mange turar opp loftstrappa

Måndagen kom og eg budde meg vel eigentleg på å måtte
reise heim for å vente nokre dagar på giftangrep
Derfor vart gleda så uendeleg stor
då eg vel inne hos kreftlegen vart fortald at verdien hadde stege til 3,1 
i løpet av helga.

Med slik god verdi fekk eg oppleve eit helsevesen som 
verkeleg kan samarbeide og få ting gjort i ei handevending
Kreftlegen kontakta Kirurgen på dagkirurgi
og han ville gjerne ta seg tid til å la meg få sett inn Veneporten same dagen 
og på Kreftpoliklinikken fant dei ny tid for cellegift dagen etter....

....og plutselig låg eg i ei seng på dagkirurgi
og venta på min tur
Litt venting måtte eg rett nok tåle
men klokka 17.00 var eg ferdig og kirurgen hadde sett over røntgenbilda mine
og kunne bekrefte at alt såg fint ut der inne ved lunger og hjerte 
og eg fekk reise heim

No var eg nesten heilt oppe på loftet og romesterte
og i natt vakna eg fleire ganger - rett nok med smerter rundt operersjonsstaden
-men med glede over at eg skulle få cellegift berre ein dag forseinka

Idag reiste eg til Gjøvik og kreftpol med godt mot
litt god smertelindring i kroppen 
og framleis vaglande i loftstrappa

Det intravenøse utstyret vart kopla til den nye Veneporten
og giftangrepet starta
først med saltvatn
så kvalmestillande
så kurdel 1
så saltvatn
så kurdel 2
så saltvatn
så kurdel 3 
og det heile avslutta med saltvatn
deretter vart eg kopla i frå og kunne reise heim
med ny time om tre veker

Intravenøst utstyr kopla til Veneporten 291111

Veneporten er ein membran som er 
operert inn rett under huda på brystkassa
ein slange går frå denne - under kragebeinet
eit stykke opp og nedatt i ei stor vene ved hjertet
Ei vene med stor kapasitet og stor blodmengde
Ei vene som tåler cellegifta mykje bedre enn
dei små venene som er i handa
Denne Veneporten kan ligge under huda i fleire år
og når eg skal ta blodprøver eller få intravenøs behandling
stikk sjukepleiaren berre nåla rett gjennom huda
og inn i membranen og dermed
er eg "påkopla" og klar for behandling

No sit eg heime i soffan
har ete godt og prøver å drikke mest mogeleg
tek mine nøye tilmålte kvalmestillande 
og belagar meg på nokre dagar
der eg er litt uggen og sliten

Me du verda
det har ingen ting å sei
eg sit framleis og dinglar med beina i loftstrappa
og er glad eg bur i Norge
eit av dei landa som er 
best på livreddande brystkreftbehandling
Eg har SÅ mykje å glede meg over
og når ein har vore ein tur i kjellaren nokre gangar
er GLEDA ekstra god å kjenne på:-))

Klem Jannetove

søndag 27. november 2011

Kontrastar

Fyrste sundag i advent
Her skin sola og det er vårleg temperatur
Eg ser på FB at snøen fell i gamlegrenda
og stormen feiar over hav og land andre stader i norge

Eg sit og har god sundagsstemning 
med skirenn på TV`n
Har så smått planer om 
å pakke inn julegåver
og kanskje strikke litt

Eg har ein god dag
og føler at livet smiler.

For ei tid tilbake
skreiv eg dette diktet
som er med på å minne meg
om å nyte dei gode stundene.....

KONTRASTAR
Ei mor gret over barnet ho miste
Ei anna gret i glede for det ho fekk

Ein mann skyt skarpt for å verge seg sjølv
Ein annan skyt elgen i lykkerus

Eit barn klagar over skuledagen
Eit anna gler seg til å endeleg få lære

Ein ungjente feller tårer for tapt kjærleik
Ei anna smiler nyforelska til kjærasten sin

Ei kvinne døyr av tørst og svolt
Ei anna går evig på slankekurs

Ein mann sørjer over tapet av kona
Ein annan feirar at si kjære fekk leve

Ein unggut fortvilar over knusktørr jord
Ein annan klagar over regn som fell

Alt skjer i same sekund - ein stad på vår store jord
Nokon gret – nokon ler – nokon døyr
Og nokon får leve

jannetoveløken - 11

Mitt advenstsfat 
ber preg av å bruke det enkle
det eg fant i skuffen


Ha ein fin fyrste sundag i advent
Gled deg over dei små tinga
det er kanskje dei som er dei viktige.

Klem jannetove

fredag 25. november 2011

Storm

Her på Hadelandet mitt
er det stille og roleg ute
ingen vind
ingen bårer 
ingen storm som herjar ute

Men akkurat i dag kunne 
eg tenkje meg å vere ute ved havet
ved Runde
eller Flø
eller kanskje Kråkenes Fyr
Berre for å oppleve stormen
kjenne på at naturen 
viser sin styrke

Roleg hav ved Runde januar 09

Men eg er ikkje ved havet
og kjenner på stormen
Eg sit her 
heime i mi eiga stove
og har kjent litt på stormen allikavel
stormen inne i meg

Eg hadde så store forhåpningar til denne dagen
Eg skulle få operert inn Veneport
for å gjere det lettare 
å ta imot cellegift
for å gjere det lettare å få antistoff
for å gjere det lettare å ta blodprøve
Men eg vart vennleg beden om å reise heim
blodprøvene som viser kor bra imunforsvaret mitt er 
var på bånn - skikkeleg på bånn
Fekk beskjed om å vere ekstra på vakt no
ekstra påpasseleg med handhygiene
For no er eg lite imun
Så lite imun at om ikkje verdiane stig til mandag
så vert eg vennleg skyssa heim
utan å få cellegift

Det er rart
eg vil jo eigentleg ikkje ha den gifta
men eg vil så gjerne ha ho til rett tid allikavel
for eg veit jo at det er den som skal beskytte meg mot at tullecellene
finn på å vekse fram att
samtidig som det er den som bryt meg så ned

Men stormar går over
Eg har tent mange lys
det er fyr i omnen
Eg har kosa meg med gullrekka
lese litt bloggar
ete litt godt
og drukke julebrus
og berre kjent på at det er helg
Og om ikkje så lenge skal eg sove meg inn i laurdagen
vakne til ein ny dag med nye opplevingar
Så får mandagen kome
med dei utfordringane det blir
enten det blir gift eller ikkje


Å oppleve ein storm
å slite seg igjennom den
gir styrke til å ta imot gleda
og vekeleg glede seg over stilla
når stormen har lagt seg

No er det roleg og stillt 
både inne og ute
her på Hadelandet mitt

God helg til alle
både de som står i stormen 
og de som leikar i gleda

jannetove

søndag 20. november 2011

Julemarknad, nye gjestesenger og ein god Søndag

Roleg og god søndag
Litt sein frukost 
som kjæresten 
serverte med
stil og smil

Så ein tur på Julemarknad

Englane kjøpte eg i fjor
og då tenkte eg det passa fint med
ei stjerne i år

Englar og stjerne laga av Carina Maritza Vildem


Smykkesettet i sølv 
har eg kikka på lenge
og i dag tok eg sats
og kjøpte det
tenkte kanskje eg fortjente det

Så fant eg også eit 
smykkesett i glas
som eg ska bruke 
til den nye kjolen min
Oransj er fargen for meg i år

Sølvsmykka laga av Jane Johnsen 
og glassmykka laga av Carina Maritza Vildem


Ein annan lur ting eg fant 
var denne papirlommetørkle-posen
Kjempefin å ha i veska 
når nasen treng ein puss

Papirlommetørkle-pose laga av Kari Bjone Engelien


Siste vekene har det vore 
arbeidd med eit nytt gjesterom her i huset
Trappa til kjellaren vart tatt bort 
og når golvet kom på plass vart det eit rom på 6 kvadratmeter

Ikkje så store romet 
men godt utnytta
gjev det to gjestesenger, nattbord og skap
og vi har plass til fleire gjester i slengen


Dette er blitt mitt "Furterom"
Her skal eg ha pass til strikke og sysaker
viktige papir og diverse småting som 
ikkje får plass andre stader

Rommet er mala i heilt kvitt
noko som eg kjenner gjev ro i sjela
Men det er greitt å ha litt fargeklattar til det heilt kvite
derfor vart det "sirkus" gardiner og mørkeraude sengtepper

Dei heimelaga hønene har også fått ein stad å bu
Eigentleg påskepynt
men i vinduskarmen på "furterommet"
passar dei heile året


Ein fin søndag har det vore
og no skal kvelden berre senke seg
og så er eg klar for ei ny veke
ei veke med mange gode avtalar
og forhåpentleg 
ein operasjon på fredag...
...men det avheng av blodprøveverdiar
Eg skal nemleg få operert inn 
ein veneport
så slepp eg å ha så vondt i armen
av cellegifta
Det tenkjer eg skal bli bra

Klem jannetove

lørdag 19. november 2011

På fest

Morgonen i går var vakker
sola skein så flott
på Granåsen 
då ho kom opp over åsane i sør

Usikt frå verandaen 181111

Eg brukte dagen til å 
ladde opp
meg sjølv 
før vi skulle til Oslo
og på fest med Ofsk

Eg tok aromaterapi
og berre pusla med å 
pakke finkleda våre

Slappa av og kosa meg

Vel framme på Hotel Bristol
var det godt å finne eit 
delikat rom og god service



Vi masa ikkje mykje med å finne
ein stad å ete og fekk bord
på Bristol Grill
Der nytte vi god mat og godt drikke
Eg tok lutefisk med alt som høyrer til
det er så godt syns eg.....
....men cellegiftmagen min syns nok ikkje det nei
Godt at hotellroma har eige bad....

Noko forseinka kom vi oss vel avgarde til festen
Vi rusla den korte vegen
ute i ein tidleg Oslokveld
Mange flotte menneke 
helste oss med gode klemmar
og varme handtrykk
Praten gjekk livleg
og eg kjende at energibegeret mitt fyldest
med glede over å få vere ein del av eit stort felleskap
Som Askepott
forlot vi selskapet i god tid før klokka slo tolv
og rusla gjennom Oslonatta tilbake til 
hotellet og nattesøvn
Det er vel berre å innsjå at vi mest truleg 
gjekk til sengs 
idet Oslo vakna på rett ei natt til laurdag

God frukost og fin tur heim
Då var det godt å få fyrt opp i omnen
Då var det godt å finne sofaen sin
slumre der nokre timar

Dagen i dag bær preg av at eg ikkje er som eg var før og eg er sliten
sliten av å gjere nesten ingen ting
sliten av å ha vore ute i lag med mykje folk
sliten av at magen ikkje spelar på lag
Eg må nok berre innsjå at forgiftinga av kroppen
verkar inn sjølv om eg ikkje kjenner det direkte
Eg toler nok ikkje like mykje no som før kuren starta

Så sit eg her då og lurer på om eg fylde opp energibegeret eller om eg tømde ut.....

Sjølvom eg er sliten i dag så vel eg å tru at eg fylde opp
for så kjekt som vi hadde det 
og så god som maten var
og så fint det var å "mingle" med gamle og nye bekjente
så var det ein fin opplevelse

I kveld blir det levande lys
litt lett mat
og julebrus

Og i morgon er nok dagen betre skal du sjå....

Klem jannetove

fredag 18. november 2011

Enegibegeret vert fyllt opp

Hadelandet mitt vaknar
og sola er i ferd med å Gripe Dagen
akkurat slik eg sjølv 
er i ferd med å gjere.

Vakna før klokka ringde i dag
så glad og forventningsfull
til denne nye dagen  -
- endå ei gåve i livet

Utsikt mot sør frå trappa vår 181111

Eg sit og fyller energibegeret mitt
med varm kaffi, levande lys og The Priests
på øyret
Eg sit og nyt den stille morgonen
med utsikt til ein time med
aromaterapi
før vi skal ha oss ein 
tur til Oslo og bu på ærverdige Bristol
og delta på Oslo Fallskjermklubb sin førjulsfest

Men før eg kjem så langt 
skal dagen nytast
Eg skal gle meg over at
eg har ein god dag
kose meg med litt huslege ting
og berre vere i livet

Utsikt mot vest frå trappa vår 181111

Her om dagen kom
denne boka i posten


Det er fyrste diktsamlinga til

Ei fin lita bok
med gode dikt
om litt av kvart
Så når dei litt meir tunge dagane kjem
kan eg leite fram denne
og lese litt av dei gode orda 
ho skriv
og på nytt fylle opp energibegeret mitt

Kva gjer du for å fylle ditt
energibeger
Husk at dette begeret blir tømd gjennom kvardagen
og må fyllast på innimellom
Finn din måte å fylle dette begeret på
så smiler livet litt oftare

Eit ynskje om ei god helg til alle mine lesarar
og alle andre - 
- og takk endå ein gong for alle dei gode orda de legg att
-orda som også er med på å fylle opp mitt energibeger.

Klem jannetove

tirsdag 15. november 2011

Små gleder

Tåka ligg tjukk over heimen
nokre få minusgrader i lufta
og rimen legg seg på trea ute


Lykta som vart tent i går kveld
for å ynskje gjestane velkomen
får berre stå og brenne 
til den brenn ut av seg sjølv


Ein fin kveld vart det
og i posten 
venta pakke
med korta som eg hadde bestillt frå 
med bloggen Dikt for dagen
- gå gjerne inn å les alle dei gode orda ho produserer

Ho lagar også julekort
Nydlege julekort
med fin dekor i form av ord
gode ord
Gler meg til å sende 
desse korta til 
dei eg set mest pris på


Tenkjer på at det skal bli ein fin dag i dag òg
Snart kjem kjærasten heim til lunch
og vi kan dele eit koseleg måltid 
før vi igjenn går kvar til vårt
for å bruke dagen vår.

Klem