Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 21. mai 2013

DET NYE LIVET

I desse dagar er det to år sidan eg snakka om 
mine mistankar for fyrste gong
- mistankane om at noko var gale 
frykteleg gale
Tida som har gått sidan eg fekk bekrefta
mistanken
- at eg hadde brystkreft 
har vore ei lang reise
Fortviling, sjokk, vantru, glede, redsle, motløyse og mot
- er berre nokre av følelsane som har fare gjennom hovudet
Gode dagar 
mindre gode dagar 
og skikkeleg vanskelege dagar
Tenk om eg viste korleis dagane kom til å bli
- då trur eg at eg hadde mist motet.

I dag ser eg ut akkurat som før
- berre litt mørkare i håret
- berre mykje meir krøllete på hovudet
-berre ørlite tynnare
-berre så utruleg mykje meir sliten
- berre så uendeleg plaga av seinverknader/biverknader
- berre så mykje klokare
- berre så veldig mykje meir glad i livet

Dagane mine går med til å leve
- leve på den måten eg klarer no
Nokre dagar orkar eg mest ikkje stå opp
Nokre dagar må eg kvile rett etter frukost
Nokre dagar krev berre litt kvile
Og nokre dagar kjenner eg at eg eig verda

Det har tatt lang tid
å kome dit eg er no
- å klare å erkjenne at det gamle livet mitt er borte
- å ynskje det nye velkomen
Det har vore ei vanskeleg omstilling
Det har vore lærerikt
og det har kosta

Men sjølvom eg ikkje lenger orkar
alt det eg orka før

Så orkar eg å glede meg over at eg er til

Uendeleg takksam

Jannetove

 
 

fredag 21. desember 2012

Tusenogein landet

Ein draum
Ei glede
Så utruleg godt
med sol og varme
 Dubai
i slutten av november og byrjinga av desember
Verdsmeisterskap i Fallskjermhopping
Sol
God mat
Rekreasjon for kropp og sjel
Minner vi kan leve på ei stund
 
Det Norske området på Skydive Dubai

Badeområdet på Hotellet

Lekkert med forfriskande sprudlande vatn i varmen

Basseng med poolbar

"Fruen" i Norske fargar på Skydive Dubai

Skydive rett på standa

Jumeira Beach med hotellet vårt laaangt der borte

Tid for utskeielsar

Tid for det sunne

Atlantis - Akvarium 

Verdens største glasvegg - Akvarium på Dubai Mall

Burj Kalifa i sjokoladedrakt på Dubai Mall

Burj Kalifa i blåtimen

Promenaden ved Dubai Mall/Burj Kalifa

Kveldsstemning ved Dubai Mall

Siste frukosten før heimreise

For ein stad
For eit land
Så eksotisk
Så ulikt det vi er vande med
Minna tek eg med meg og så drøymer eg om å reise tilbake 
ein vakker dag.....

Borte bra....men heime best:)

Ei retteleg God Jul
og eit sorglaust Godt Nyttår

...frå meg til alle dokke rundt om - klem  


søndag 18. november 2012

Litt garn, litt pinnar....og vips......

I mangel av den store energien til å ta fatt på store prosjekt
har eg i dei seinare vekene kosa meg
med litt handarbeidspussel.

Veska her skulle eigentleg bli Vinhøne til påske for to år sidan
....så vart det altfor stort
...tenkte å lage eit sitteunderlag - ja det ville sikkert bli bra
....men så plutseleg vart det ei tova veske
...ja det vart skikkeleg bra:)
 

På Montebello måtte eg ha noko mellom fingrane 
i godt lag utover kveldstimane.
Tok med store pinner og restegarn
Strikka uformelege deler 
og tova
...og vips så vart det flotte hatter for 
fine damer:)


Men endå var det att meir garnrestar
og med litt grønt og gult
og store pinner
vert det gode tofa tøfler
...som desverre vart for små for min fot...
...jaja det blir nok ein fin gevinst til eit lotteri ein dag:)


Denne er sjølvkomponert
...men det er aldeles hemmeleg kven som skal få den
...ja om mora til jenta les dette - ja så sjønar ho nok heilt sikkert
kva som ligg i "ekstrapresangen" under treet til jul:)
 

Men får den eine så må også den andre få
Cupcake 
me påsydd strøssel
blir nok fint på ei anna lita taus:)



Tova tøfler i restegarn 
varmar føtene mine når kjærasten lufta ut all varmen i stova:)

Elles går det litt tid med
til å male....
....vi har ein kjellar 
...ei utleigeleilighet
som er i ferd med å få ny drakt.

Ein time eller to om dagen
med pensel og spann
avbrote av ei laaang og god kaffiykt
...sakte men sikkert 
klarar eg og kjæresten 
å utføre vår del av jobben.

Resten
det tek snekkar, rørlaggjar og elektrikar seg av....
....jammen godt ein kan leige seg litt hjelp.

Berre vent - om ikkje lenge 
kan eg legge ut før og no bilder
- det gler eg meg til:)
 

torsdag 8. november 2012

Eit god og lærerik tid


For eit år sidan var eg i full gang med cellegift - hårlaus og på ingen måte
i særleg form.
Det er rart å tenkje på at det er så lenge sidan.
Hugsar godt då eg fekk beskjeden om at eg hadde kreft - 
hugsar tankane som då rasa gjennom hovudet - 
- skal tru om denne jula er mi siste?
- skal tru kor alvorleg dette er?
- er det spreidning?
- korleis vil mine nærmaste reagere?
Mange tankar - vonde tankar.

Det er underleg å tenkje på kor livet brått endrar seg - 
- frå å vere "normalt" til å bli fullstendige kaos.
Eg hugsar at eg ikkje grudde meg for operasjonen, 
å ta bort eit bryst betydde så lite.
Eg visste så uendeleg lite om kva dette var for noko. Eg hadde høyrt at mange som fekk
brystkreft slapp både cellegift og stråling - dei fekk berre tablettar som dei skulle ta i 5 år.
Eg hugsar at eg håpa på at min kreft skulle vere slik - at eg berre kunne ete pillar og alt ville bli bra...
 
Eg budde meg på full pakke og forespeila meg det verste.
Eg hugsar alle gongane eg sat på eit venterom -
- venta på å kome inn til lækjar 
- venta på å få høyre kor alvorleg det var med meg.
Hugsar kaldsveitten når namnet mitt vart ropt opp
Eg hugsar kor eg misstenkte lækjaren for å ikkje fortelje meg sanninga.
 
Eg hugsar spenninga når eg skulle få fyrste cellegifta
Hugsar så godt då eg tok ut parykk (som eg ikkje har brukt)
Eg hugsar kor spennande det var å gå til frisør og rake av meg alt håret då eg merka 
at det fall av i store dottar.
Eg hugsar nettene etter kur - då eg ikkje fekk sove
- sveittetoktene som kom og gjekk
- den dårlege matlysta
- utmattinga

Alt dette er lenge sidan
No veit eg så mykje meir
No har eg vore inne til kontrollar - sjekka omlag det som kan sjekkast
og lækjaren let vel og meiner eg ikkje har grunn til å vere engsteleg.
No trur eg på lækjaren
No tenkjer eg stort sett berre positivt og har ingen angst for kor mange juler eg skal få.
Eg forundrar meg over kor lett det er å leve med at eg har hatt
denne sjukdomen i kroppen
Forundrar meg over kor lite eg tenkjer på det
 
No veit eg så mykje meir
 
Eg har lært mykje
Eg har lært at dei tablettane eg tenkte skulle vere så greie å tygge
på langt nær var det eg trudde
Eg har lært at cellegift gir seinverknader
Eg har også lært at Herceptin verkar inn på hjertefunksjonen
- ikkje visste vel eg at kreftbehandlinga skulle gje så mykje biverknader....
 
- vulkanske sveittetokter som når ein har trimma verkeleg hardt
- muskelverk og smerter i heile kroppen
- fatigue - total utmatting enkelte dagar
- problem med negler som sprekk
- plager med tørr munn og lepper
- konsentrasjonsproblem
- hukommelsetap
- nedsett hjertefunksjon

.....ja det er mykje fælt
eg syns det....

Livet har blitt heilt annleis enn det var før
No må eg planlegge aktivtetane mine - eg må prioritere
Eg må innsjå at eg ikkje er i same form lenger
at eg ikkje orkar for mykje på ein gong
Det er ikkje enkelt når ein har vore vand med å ture fram som ein har ynskt i alle år.

 
Pa Montebello september - 12

Mykje biverknader og seinverknader - ja - 
men det blir lite når ein tenkjer på alternativet
Eg kunne faktisk ha vore i ein heilt anna situasjon
dersom eg ikkje hadde kome så tidleg til lækjar og fått diagnosen

Gjennom dette året 
har eg opplevd mykje fint og positivt
Eg har blitt kjend med andre i same situasjon
Eg set meir pris på dei små og nære ting
Eg kjenner meg rikare

Eg vil ikkje sei at eg ikkje villa vore det foruten
men når det først skulle hende meg
ja så må eg sjå på det som ei lærerik tid som har utvikla meg som person:-)

Bålkaffi på Montebello september -12


tirsdag 4. september 2012

Vinterved

Hausten er komen og veden er tørr 
og dette er ikkje ein blivande stad.

Nokre trillebårlass kvar dag
 

Ei pause med rein energi....


....så etterkvart er vedskjulet fyllt opp
med varme -
knitrande god varme 
til vinteren.


Eit velfyllt vedskjul
er ei enkel kvardagsglede:-))
 

søndag 26. august 2012

Sommar med LevNo

For ein sommar eg har hatt - 
eg har verkeleg kjent på at eg har levd her og no.
Dei fleste dagane har vore gode
og vi har kosa oss frå sør til nord
og frå vest til aust.
Ein tur på Vikingmuseet på Bygdøy

Ein fin fjelltur på Buhammaren


Flyshow i nydleg veir i Bodø


Overnatting på Inndyr i Nordland med middnattsol


Svartisen bada i sol


Nydlege Strynsvatn i Jonsokhelga


Jonsokbrudlaup i Olden Kyrkje
Gratulerer til bror Stein Ove og svigerinne Randi


Kveldskos på Voss Camping under Ekstremsportveko


Sol og god stemning på Bømoen og Skydive Voss 


Så ein tur innom kreftpoliklinikken på Gjøvik for å få påfyll av Herceptin


Friaren i Geirangerfjorden


På Helset i Hellesylt på World Base Race


På tur i Torghatten Brønnøysund


Ein fin kveld på Offersøy ved Sandnessjøen


Møtte gode vener på camping på Forøy


Lofoten i kuling og sidelengs regnveir


Nyksund ein skikkeleg regnveirsdag


Nokre dagar på Skydive Elvenes -
der eg fekk meg eit tandemhopp:-))


Koseleg lunch i Luleå


Flâse Camping i sommarnatta


Det var vakkert på campingen ved Søderhamn - 
der vi vart kjende med Kaisa og Uffe


Vestby Prestegård - der Arne Martin - kamerat svoger
feira 50 års dagen sin


Vi vart små samanlikna med klauskjerings / campingbilen
til dei nygifte


Og for eit måltid
tapas i store mengde - så absolutt vellukka


Ein tur til Ørsta for å besøke
Sondre - Sigurd og Ingeborg - i tillegg til mange gode vener


Dei tre ungdommane i stova til Ingeborg og Sigurd


Jau jammen har det vore ein flott sommar - 
eg angrar ikkje på at vi satsa på LevNo
No er sommaren på hell - 
og eg kjenner at eg har fått henta mykje energi
i alle turane vi har hatt
No er eg klar for å ta fatt på hausten
klar til å reise på eitårs kontroll
klar til å fullføre behandlingsopplegget
Klar for livet:-))