Vinterhav

Vinterhav

mandag 31. januar 2011

Mammalykka

Den beste jenta i verda - Helene - er på besøk - og vi har kosa oss med ein mandag utenom det vanlege. Det er fint med sein frukost og kafebesøk på Gjøvik - men det finaste er å bruke tid på kjøkkenet ilag. Først baka vi Kvæfjordkake - ho mor som læremeister og jenta som ivrig elev. Så var det tid for jenta å lage middag til oss. Paprika vart kutta med nette hender...

.....tomat og krydder skulle kokast godt inn.....

.....masse krydder - sterke krydder....

.....sopp er nydleg i gryter....

....fine fine jenta klar for å reinske kylling....

......masse god steikt kylling....

...alt saman i ei gryte med masse godt i.....

Lykka er å vere mamma og ha storejenta si på besøk og få lov å gå til dekka bord. Og så er det så fint å sjå at ho kosar seg på kjøkkenet og lagar maten frå grunnen av - og tenkje at kanskje det er meg ho har lært det av:-))

jannetove

lørdag 22. januar 2011

Hadelandsprosjekt

Syns Hadelandsvottane er kjempefine og kjempeartige å strikke - dei er passe krevjande slik at det ikkje blir kjedleg og enkle nok til at eg får det til. Når det også er gamal handverkstradisjon frå området her - ja då er det klart at kjærasten må få seg eit par.


Til gebursdagen i september fekk han seg ein Vancuver OL gensar i desse fargane - og berre så det er heilt klart - det var IKKJE eg som strikka den. Det torde eg ikkje ta sjangsen på - og ikkje hadde eg kome i mål heller...



Tenkte derfor det kunne vere fint med vottar i same fargane - og så fekk eg det føre meg at ei hue strikka i same mønster måtte vel vere flott. Dermed har eg "designa" mi eiga Hadelandslue og eg er igrunnen ganske så godt fornøgd med den.


Så no håpar eg på skikkeleg fint veir i morgon - slik at eg kan ta med den fine karen ut på ein liten spasertur - i matsjande genser, lue og vottar. Og om nokre veker får eg og min Vancuver genser (flott at det finst megaflinke strikkedamer her rundt om...) - og då kan eg og ta på meg mine vottar og lue som har vore ferdige ei stund.

Etter iherdig strikking i dag var det tid for heimelaga pizza til laurdagskos -



- og takka vere tacokrydder, vårlauk og pepperonipølse i tillegg til sjampinjong, elgkjøtdeig og annanas vart det nokre skikkeleg smakfulle bitar.

jannetove

fredag 21. januar 2011

Fredagskos

Endeleg fredag - det går nærast eit sus over landet - endeleg fredag....Rundt om i dei norske heimane landet rundt er det helgestemning og mange har fast "fredagsmat" som heile familien gled seg til heile veka. Ser at nokre brukar fredagstaco - andre brukar heimelaga pizza til gullrekka - atter andre gjer det enkelt og får bringa maten denne dagen. Uansett kva ein vel så er det alltid noko ekstra fredfullt og godt over fredagen. Helga ligg framføre oss og vi har eit "hav" av tid før det igjenn vert mandag og kvardagen krev oss.

For eigen del har eg ikkje lenger nokon fast fredagskos - ikkje ein gang Kim`s som reklama så ivrig vil påprakke meg. Nei her i huset blir det som oftast at vi i felleskap finn eit eller anna i frysen rett etter frukost som får ligge å tine seg til herskapet finn det for godt å bli middagssvoltne.

I dag vart det kyllingfilet med steikte grønsaker - ris og sursøt saus til. Eigentleg hadde eg få tankar om at eg skulle lage eit "fint" helgemåltid i dag - men etter kvart som arbeidet med maten kom i gang - kom også inspirasjonen.

Første steg i prosessen var å krydre kjøtstykka godt med salt og peppar og brune dei raskt på steikepanna.
Kjøtet vart så hatt i ildfast form og ferdigsteikt i steikomnen. Dei steikte grønsakene denne gongen bestod av ei gulrot skiva i tynne skiver med ostehøvel, ein sjalottlauk i bitar, stangselleri og vårløk kutta i bitar, ein boks hermetiske sjampinjongar, ein halv squash og ein liten boks annanas.
Alt dette vart surra i steikepanna med god olivenolje og masse basilikum til alt var møyrt. Sidan eg ikkje er oppvaksen med kinamat - må eg rett og slett innrømme at sursøt saus kan eg rett og slett ikkje lage - så eg brukar å ha nokre kjøpesaus ståande i skapet - sann i tilfelle....
Men eg må berre tilføye at no kan eg det....altså lage sursøt saus....det er jo kjempeenkelt....takka vere nettstader som matprat.no . Så no må eg berre få kjøpt inn det eg treng så blir det nok ei løysing på det også:-))

God mat fortener god drikke og heldige meg......vinhylla var ikkje heilt tom. Fant ei flaske som vi har fått i gåve av ein kamerat - ei flaske som berre har venta på eit godt måltid. Vinen saman med ein karaffel isvatn med lime og maten vart eit rasande godt måltid.

Og som vanleg laga eg akkurat ein porsjon for mykje...så restane blir ei finfin gryte til å varme opp til føremiddagsmat i morgon. Men før den tid......har eg tenkt å kose meg med resten av vinflaska og fredagskvelden ilag med kjærasten min - forøvrig verdens beste:-))

God helg alle der ute:-))

jannetove

tirsdag 18. januar 2011

Brød på ein sunn måte

Har nemnt det før og eg står ved det....eg har ingen nyårsløfter. Men like fullt kjenner eg på kroppen at den har behov for litt anna næring enn all den karbohydratmaten som vi gjerne omgir oss med. Kom over ein blogg her om dagen - ei ung jente hadde laga eit brød uten kveitemjøl - og dette brødet såg skikkeleg godt ut....

Brødet blir laga av egg, creme fraiche, olje, solsikkekjerner, sesamfrø, linfrø, kruskakli og bakepulver. Kjempe enkelt - berre å blande i hop og legge i smurt form. Og har du slike fin fine silikonformer som eg er så heldig å ha fått fatt i - ja så treng du ikkje en gang å smørje forma.

Desse brøda smaka fortreffeleg og er absolutt å anbefale.

Har vore ein tur til ein naturmedisinar her i dag - fått meg litt masasje på "vondtane" mine. Det gjer så godt å belønne seg sjølv litt innimellom - humøret blir betre og ein orkar straks litt meir. Naturmedisinmannen min var av den oppfatning at det kanskje kunne vere lurt å slappe av etter behandlinga og drikke mykje vatn.

Vatn er vel noko av det viktigaste for livet på jorda og heilt sikkert undervurdert som næringsmiddel - noko vi her i Norge tek som ein sjølsagt del av livet.

Eg må innrømme at eg er litt slurvete med vassdrikkinga mi - tyr gjerne til kaffi eller brus istaden - men når eg fyller ein fin karaffel med reint, kaldt og friskt vatn og har i nokre skiver lime - ja så blir det faktisk både delikat og godt.

janne tove

mandag 17. januar 2011

Ein anfall av sunnheit....

No har det vore ei periode med litt ruskete veir og ein del snøfall - så i dag var det fantastisk å vakne til flott vinterveir med klar himmel og - 6°C i morgontimane. Bestemte meg for å gå runda over Framstadhøgda - ei runde på ca. 5 km med ganske bratt stigning i byrjinga og slakke nedoverbakkar på slutten.

Tok med solbriller - sola er så lav no i midten av januar at det kan vere godt å ha noko som skuggar litt for augene når ein går.....men det var ikkje så behageleg med briller. Varmen frå heite kjakar og pusting og pesing i bakkane gjorde at brillene dogga så eg mest ikkje såg nokon ting - men eg fekk no med meg naturen rundt meg allikavel.

Sjå berre her....store spor i snøen som hadde kryssa gjerdet i motbakke....kan antageleg ikkje vere eit lite dyr dette....ein elg kanskje - eg har no ikkje peiling, men eg vel no å tru det eg....

Var ikkje berre eg som var ute denne fine føremiddagen - desse tre ser ut for å fått eit eller anna godt å ete i snøen - opptatt som dei var med nasen i bakken. Fine kulisser å innta lunchen i - med Rånåsen i bakgrunnen.

Vel heime etter ein frisk og god tur, kjende eg på at det kunne vere godt med litt å ete. Fant ut at eg skulle lage meg litt linsepurè - kjempegod erstatning for poteter og sunt og godt. Starta med 3 dl raude linser og 6 dl vatn som skal koke saman i ca. 10 minutt. For å få litt meir smak på maten leita eg fram litt sjalottlauk og selleristenger og hakka i......

.....med litt salt og krydder (basilikum, peppar og kvitløkspulver) vart det ein lekker purè som tilbehør til ein halv boks tunfisk i vatn. Ein rask og sunn lunch full av protein og nesten ikkje karbohydrat.


Det er berre midten av januar enda og lenge lenge til våren - men ein kan ha lov å bli aldri så lite vårkåt når ein får sola inn gjennom stoveglaset og den skin så fint over tulipanbuketten frå helga....

Håpar vi får mange mange slike fine dagar frametter....




Janne Tove:-))

søndag 9. januar 2011

Glad for vinteren

Eg har liksom aldri heilt vore eit vintermenneske - syns alt er så mykje enklare og bedre når det er tørre vegar, god temperatur og gardina flagrar i vinden. Men når ein får slikt ei flott vinterveir så må endatil eg innrømme at det er vakkert.
Første juledag hadde vi eit nydleg veir og kjæresten og julejestane Johan og bikkja leda an på tur i bakkane her. Fint å få trimma bort litt julemat før nyttårshelga sette inn...

Jula var knapt ferdig før nye etargilde venta - og i år - nei i fjor meinar eg - var eg så heldig å få pinnekjøt hos syster mi på nyårsafta. Det var utruleg godt å kome til dekka bord - nesten som å kome heim til mor for mange år sidan medan ho enno levde...

Etterpå var det berre å ta fatt på oppvasken.....og jammen slapp eg lett unna den og.

Når nyåret er eit faktum og alle andre har satt seg sine fortsett - er det greit å vite at eg ikkje har satt meg eit einaste eitt. Eg kan slappe av i sofaen, ete bollar og gjere akkurat det eg vil uten å bryte eit einaste løfte.

Det har vore litt nedbør her rundt om i det siste og kaldt som det har vore så har det blitt litt snø her og. Men her ein dag letta det opp og vi tok oss ei ykt med snøfresing og avpynting av jula ute. Godt å vere godt kledd i kulda og til det arbeidet ein skal gjere.....

Når snøbyga lettar og ein får auge på litt blå himmel og ser at sola framleis går på himmelen - får ein liksom med ein gang eit løfte om vår....

Men våren er nok langt unna sjølv om ein kan få eit streif innimellom - og midt i alt dette grå/kvite vert sjølv tagginga på vegundergangen ein fin fargeklatt...

I dag var det gråveir når vi vakna og det hadde kome ein god del snø i løpet av siste par døgna. Bjørn Erik fekk trimma seg med å gå etter snøfresen ein times tid og eg tok meg ein tur vegalangs for å få bevega meg litt. Ikkje fritt for at det er litt pes å gå tur i tunge marsjstøvler og vinterdress på dårleg brøytte vegar - men så får vi det att når vi kan trippe i sommarsko - om nokre månader. Runda eg gjekk i dag byr på ein del fine motiv så fotoapparatet låg trygt i lomma og etter nokre bakkar og ei flate openbera dette flotte bildet seg. Ingen kan vere i tvil om at vinteren er flott....

....og viss ein let at augene så kan ei sjå føre seg at til sommaren vil det gå buskap på beite bak dette gjerdet.

På løypas øverste punkt kjennest det som om eg er på toppen av verda - iallefall på toppen Hadelandsverda....

Utsikta er det ingen ting å seie på - det islagde Jarenvatnet i botnen av Viggadalen og i vest Tingelstadhøgda og bakom der ligg Randsfjorden.

Endatil i grått vinterveir er det fint her på Hadelandet mitt - Å tenk så heldige vi er som har denne lange vinteren - så set vi ekstra stor pris på våren og sommaren når den kjem.
Vi får ta vare på dagane vi får - klem jannetove

lørdag 1. januar 2011

Nyttårsynskje

2010 er historie - 2010 var eit år både på godt og vondt - men det er fortid. 2011 er framtida - den tida vi forhåpentlegvis får. Sjølve livet er akkuarat her og no - det er akkurat her og no vi må kjenne på at vi lever.

Eg har ikkje tenkt å utbasunere store vidløftige nyttårsforsett som eg ikkje klarar å halde likevel. Eg vil berre ha eit lysegult håp - eit håp om gode kvardagar, eit håp om å sleppe dei store sorgane, eit håp om gode stunder med mine rundt meg, eit håp om at eg skal klare å leve livet akkuart her og no....



Så håpar eg at eg skal få lov å gjere mest muleg av det eg har lyst til - og gjere mindre av det eg ikkje syns er kjekt.

Godt Nyttår til alle:-))