Vinterhav

Vinterhav

mandag 31. januar 2011

Mammalykka

Den beste jenta i verda - Helene - er på besøk - og vi har kosa oss med ein mandag utenom det vanlege. Det er fint med sein frukost og kafebesøk på Gjøvik - men det finaste er å bruke tid på kjøkkenet ilag. Først baka vi Kvæfjordkake - ho mor som læremeister og jenta som ivrig elev. Så var det tid for jenta å lage middag til oss. Paprika vart kutta med nette hender...

.....tomat og krydder skulle kokast godt inn.....

.....masse krydder - sterke krydder....

.....sopp er nydleg i gryter....

....fine fine jenta klar for å reinske kylling....

......masse god steikt kylling....

...alt saman i ei gryte med masse godt i.....

Lykka er å vere mamma og ha storejenta si på besøk og få lov å gå til dekka bord. Og så er det så fint å sjå at ho kosar seg på kjøkkenet og lagar maten frå grunnen av - og tenkje at kanskje det er meg ho har lært det av:-))

jannetove

3 kommentarer:

  1. Skjönner godt dine tanker omkring dette.
    Savner familjen eg og. Nå höyrer eg til dem som ikke kan få barn. Ofrivillig barnlöshet som de heter på svensk, så eg savner en stor del av det du forteljer her.
    Men gryta såg i hvertfall go ut :))

    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  2. Kor kjekt med besøk! Helene e so like på mora si...Lett å sjå kar ho høyre heime :)

    Her i huset he storetausa fått det føre seg at det er så kjekt å vaske kle!! I en alder av 10 år!! Jaja, stå på! Skal nok verte bra leide ho også etterkvart ;) Hadde vore betre om ho laga litt middag då ja ;)hihi...kos deg

    SvarSlett