Vinterhav

Vinterhav

lørdag 22. januar 2011

Hadelandsprosjekt

Syns Hadelandsvottane er kjempefine og kjempeartige å strikke - dei er passe krevjande slik at det ikkje blir kjedleg og enkle nok til at eg får det til. Når det også er gamal handverkstradisjon frå området her - ja då er det klart at kjærasten må få seg eit par.


Til gebursdagen i september fekk han seg ein Vancuver OL gensar i desse fargane - og berre så det er heilt klart - det var IKKJE eg som strikka den. Det torde eg ikkje ta sjangsen på - og ikkje hadde eg kome i mål heller...



Tenkte derfor det kunne vere fint med vottar i same fargane - og så fekk eg det føre meg at ei hue strikka i same mønster måtte vel vere flott. Dermed har eg "designa" mi eiga Hadelandslue og eg er igrunnen ganske så godt fornøgd med den.


Så no håpar eg på skikkeleg fint veir i morgon - slik at eg kan ta med den fine karen ut på ein liten spasertur - i matsjande genser, lue og vottar. Og om nokre veker får eg og min Vancuver genser (flott at det finst megaflinke strikkedamer her rundt om...) - og då kan eg og ta på meg mine vottar og lue som har vore ferdige ei stund.

Etter iherdig strikking i dag var det tid for heimelaga pizza til laurdagskos -



- og takka vere tacokrydder, vårlauk og pepperonipølse i tillegg til sjampinjong, elgkjøtdeig og annanas vart det nokre skikkeleg smakfulle bitar.

jannetove

1 kommentar:

  1. Så flotte votter og den lua til da....
    Du er flink du.
    Eg må läre meg å strikke trur eg. Det kan vel ikkje väre forseint eller?

    Hjemmelagd pizza er ikke det verste man kan spise. Blir det her til middag i morgo. Men strandamör ska det väre på :))

    Nå skal eg kose meg med ten og gubben en stund. Sen blir det jobb....00-06.
    Klem Synnöve.

    SvarSlett