Vinterhav

Vinterhav

mandag 20. juni 2011

Gode dager i sol og regn

Carpe - diem
eller Grip dagen som vi seier på Norsk.
Ikkje alltid like enkelt å huske på
- men du verden kor enkelt når vi berre kjem på det.

Med ein kjærast som går å ventar på 
å få att løyve til å køyre buss og meg som 
skal bruke tida på å "hente" meg innatt - er det 
enkelt å Gripe dagen.

Kyrkjetårnet i Tønsberg var opplyst om natta 
og var vakkert mot den klare nattehimmlen.


Sola har gått ned over Tønsberg by og 
etterlet seg den raude himmelen som lovar godt veir neste morgon.


Tidleg morgon på Verdens Ende - takka vere ein kjærast som
er litt kjend i området fekk eg oppleve denne flotte delen av landet vårt.


Det gamle fyret er eit kunstverk i seg sjølv.


Her på Verdens Ende kan ein tru ein ser like til Verdens Ende.


Etter ein fin spasertur i naturen er det Jarlsberg Flyplass
som får besøk av oss. Staseleg Twin Otter som blir brukt
til fallskjermhopping.


Etter ein lang og aktiv dag med hopping og tur
smakar det godt med ein apperetif før god middag på bryggekanten.


Etter måltidet var turen komen for Slottsfjellet i Tønsberg medan sola 
stod lavt på kveldshimmelen. Å gå her å rusle og tenkje tilbake på alt desse murane har vore 
vitne til var godt. 
Her var det "Ingebjørg Olavsdatter" virka og levde på 1250 talet - det er lov å bli litt
andektig.


Sola står lavt bak dei store gamle trea på Slottsfjellet.


Dagen er på hell og kvelden og natta er i ferd med å ta over
scena.


Utsynet frå Slottsfjellet mot Tønsberg var ikkje av det verste, 
men i vest skimtar vi tunge skyer som vitnar om anna veir...


...og ganske riktig - her i badebukta i Stavern gjekk sjøen høgt 
og båra braut godt innover sand og strand.


Mange var dei - krigsseilarane som fekk si grav i frådande
hav under første og andre verdskrig.
Minnehallen var eit kunstverk i seg sjølv og når vi to fekk
privat omvising sjøna vi nok litt meir av alle offera som har
vorte gjorde for at vi i dag kan leve i eit fritt land...


Larvik hadde storfint besøk av krigsskipet Thor Heierdal
vi fekk ikkje med oss omvising der - men staseleg nok å gå på 
brygga å sjå på dimensjonane.


Utover kvelden letta det litt opp og det vart
igjenn tid for å rusle i skogen. Helgeroa var målet for helga - fritt og 
flott for seg sjølv i naturen.


Gamle steingardar og vill kaprifol


Lama Airport hos Lise og Kåre framstår som 
den perla det er når sola igjenn får overtaket neste dag.


Berre eit par hundre meter frå Lamagarden og flystripa på jordet
veks stråa i strandkanten og innbyd til eit bad for dei mest hardføre.


Etter at Dacota DC-3 har droppa 15 fallskjermhopparar og desse har 
landa trygt på Lama Airport - kjem "han" inn på lavflyg rett
over hovuda på oss - staseleg.


Og ivirge fallskjermveteraner kan pakke skjermen og gjere seg 
klar til helikopterhopping resten av dagen.


Sommar i sol og regn
Tønsberg, Jarlsberg, Verdens Ende
Stavern, Larvik og Lama Airport
Ingen skal sei at vi ikkje Greip dagane og stunda
Retteleg kosa oss har vi gjort.

Takk til Lise og Kåre Liane 
for utmerka gjennomført Lamaboogie
Takk til gode veteraner og veterinner for samværet i helga
og Takk til kjæresten som tek meg ut og hjelper meg å Gripe dagen.

jannetove

2 kommentarer:

  1. For ein flott tur!!
    Og virkeleg heldige med veret :-)
    Berre i morgon med sol og minst 9 dagar med regn seier yr.no..
    Ja, ja vi får gjere det beste ut av det også. Carpe Diem klem

    SvarSlett
  2. Og takk for turen, Janne Tove.

    Ser du har vært på besøk bl.a. i min hjemkommune.

    God helg!

    SvarSlett