Vinterhav

Vinterhav

torsdag 10. desember 2009

Obama og julestri

Ja så sit eg her då, heime i mi fredlege stove og ser på kaoset i Oslo til auge blir stort og vått. Har ikkje hatt tid til å ete frukost heller...må jo få med meg den stor hendinga dette året. Har vel sett den karen og kona hans gått ned trappa frå flyet minst 10 ganger. Kjære vene - kva er gale med oss menneske?? Fyren er jo berre ein heilt vanleg mann, eg er sikker på at han går på do og prompar han og...

Trur jammen meg eg syns litt synd i den mannen og kona hans eg. Kan de tenkje dokke kor utruleg travelt det må vere? Eit tettpakka program i heile dag og med alle`s auge klistra på han. Godt at han har eit stort og fint "campingvogn" fly slik at han kunne få stelle seg og pynte seg før han vart kasta til ulvane. Antageleg fekk han seg frukost også. Håpar at det blir tid til at han kan få seg ein liten tur på do innimellom i dag.

Og så alle dei smiskande folka han møter i dag. Uansett kor godt dei likar han eller ikkje - så vil dei smile - godsnakke og vere høflege med han uansett kvar han kjem. Alle vil stå på pinne for denne mannen og følge hans i heile dag. Og i morgon?.... jau då vil dei skryte av at dei har vore så nær den store mannen. Reine lottogevinsten og den store lykka for desse menneska.

Men dette er berre for nokre få undt å oppleve, og er det verkeleg slik lykke dette? I mine auge er det nok ikkje det. For kva er vel lykke her i verda?

Lykke kan vere så mangt og heilt indviduellt frå menneske til menneske, og er vi i det heile i stand til å oppdage den i vår travle kvardag?

Eg er lykkeleg når eg kjenner at eg kan stå opp om morgonen og vite at dagen ligg framføre meg.
Eg er lykkeleg når eg kjenner at helsa held
Eg er lykkeleg når eg veit at mine 3 fantastiske ungar har det godt og er friske
Eg er lykkeleg når eg svettar meg gjennom husvasken og kjenner at eg er eit heilt vanleg menneske
For ikkje å snakke om når eg kan kokkelere eit godt måltid som eg seinare deler med mine i skinet av stearinlys
Eg er lykkeleg når eg kan sleppe taket i stresset vi har no i førjulstida og vite at jula kjem om det er aldri så mange hybelkaniner under sofaen
Eg er lykkeleg når mine næraste fortel meg at dei er "gla på deg mamman min" eller "gla i deg jenta mi"
Eg er lykkeleg når eg har opplevd vonde ting og så etter kvart kjenner at livet går vidare og eg har vakse litt på opplevingane

Håpar Obama og fruen får ei fin stund her i Norge og at dei også får oppleve å vere lykkelege med dei små tinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar