Vinterhav

Vinterhav

torsdag 22. april 2010

Gode kvardagar....

Eg tek meg sjølv ofte i å gå å drøyme meg bort -bort frå kvardagen til ein plass der eg kan oppleve noko spesiellt eller flott utenom det vanlege. Ofte tenkjer eg at tenk om eg vann i lotto - tenk alt eg kunne gjere då. Eg kunne reise for å oppleve både det eine og det andre - for ikkje å snakke om alt eg kunne kjøpe - om eg var rik på penger.
I dagens mediesamfunn får vi inn mange nyhende frå både nær og fjærn. Vi høyrer om eit fly som har falle ned - eit tog som har kollidert - ei bilulykke. Så er det alle naturkatastrofene som rammar rundt om i verda - vulkanutbrot - jordskjelv - brannar og ekstremver. For ikkje å snakke om alle stadar i verda der krig og naud herjar. Alt dette er så langt unna og det anngår ikkje meg - liksom - så eg kan berre leve vidare og sulle med mitt og drøyme meg bort.
Men plutselig midt opp i dette mediehavet dukkar det opp hendelsar som også rører meg. Eg høyrer om folk som har vorte sjuke - ramma av alvorlege sjukdomar. Eg høyrer om folk som har mista sine kjære både av sjukdom og bråe hendingar. Rundt om i det ganske land sit det alltid ein kvan og gret og sørjer over tapt helse eller liv - medan eg surrar vidare med mitt liv og mine draumar.
Vi kan ikkje ta inn over oss all verdens naud og sorg - då ville vi gå under som menneske. Vi kjem alle - før eller seinare opp i ein situasjon der det er vi som gret og sørgjer, difor er det så viktig å leve og vere glad medan ein har gode dagar.
Når vi kjem i slike situasjoner endrar draumane våre karakter. Då tek vi oss sjølve i å drøyme om ein dag med heilt vanlege syslar som å vaske hus - lage mat - vaske klede og klippe plen.
I dag har eg ein slik dag - ein heilt vanleg kvardag. Eg har vaska doen og badet - støvsuga litt og skrifta på sengklede. Eg er også så heldig at eg har ei vaskemaskin som vaska dei skitne kleda i ein fei og ute på snora blafrar dei i vårsola og vinden gjer sitt til at dei nok er tørre på ei lita stund. I tillegg fekk eg overskudd til å lage lettvinte ostebollar som smakar fortreffeleg - og seinare i dag skal eg lage ein heilt vanleg kvardagsmiddag.
Eg takkar for at livet mitt er fullt av slike heilt vanlege kvardagar......

Eg er kanskje ikkje så rik på pengar - men du verden kor rik eg er.....


5 kommentarer:

  1. Er så hjartens enig med deg skal du veta.
    Vi har så mye å väre glad for, men vi bryr oss ikke. Vi vill ha mere. Mye mere. Flotte biler, fine hus, mye penger og siste mote ang klär.
    Men veit du hvad eg er så glad for?
    Jo at eg får lov å sitte på min veranda, med en god kopp kaffi og se utover Nuguren. Ikke trenger eg å väre redd at noen skal true meg med våpen, krig og annet. Eg er glad for at eg er trygg!
    Håper du skjönner hvad eg mener...

    Har du noen oppskrift på di derre ostebollene?
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  2. Det er som eg skulle ha sagt det sjølv! Heldt på og rydda i kjellaren i dag,og då tenkte eg med meg sjølv:Kva i all verda skal me med alt! Har huset fullt av ting som sjelden eller aldri er i bruk, og likevel kjøper me stadig nytt. Har sjølv vore i den situasjon at eg har ønska meg normale kvardagar,og dei er faktisk både best og viktigast! F.eks det å få ete frukost i lag med den du er glad i er mykje meir verdt enn all verdens gods og gull!
    Ønsker deg ei fin helg.
    Klem Alvhild S.

    SvarSlett
  3. Det er så sant så sant....det fins mykje trist og leitt i denne verda, me kan ikkje ta inn over oss alt, me må ta det som kjem når det råkar oss.Det er likevel godt å verte minna på kor heldige me er som kan leve kvardagane slik me vil, og det er uten tvil dei heilt vanlege kvardagane som er dei beste....då set ein også ekstra pris på dei gongane ein kan gjere noko ekstra kjekt! Fin blogg du har.Mange kloke ord frå deg som eg har forstått har erfart litt.... Unner deg alt godt vidare i livet! J.

    SvarSlett
  4. Kloke, kloke ord, Janne Tove. Takk for at du skriv så fint om viktige ting. Ei nyttig påminning for meg, og sikkert for mange andre. Ønsker deg og din kjære alt godt.

    Helsing Hurpe

    SvarSlett