Vinterhav
torsdag 13. mai 2010
På limpinnen igjenn....
Do-bladet har sakte men sikkert blitt "opplest" og i dag var tida komen til "luksus" bladet som har lege på stovebordet å smila til meg i fleire dagar. Sette meg godt til rette med ein kopp te og tok fatt på bladet. Bladet inneheldt utruleg mykje fine bilder av vakre stover, kjøkken, bad, soverom og uterom - og eg tenkte at jammen meg er det mange driftige folk rundt om som kan klare å lage slike fine stemningsfulle rom.
Romma er fulle av "antikke" ting som gamle melkespann, jutesekker, korger - ja endatil gamle kjoler er hengde opp strategisk for å skape ei stemning. Det meste er i fargane kvitt, grått og natur - nostalgisk - vakkert oppsett til ære for fotografen.....
Ja for det er nettopp det det er, viser det seg....
Dei aller fleste sidene i bladet har lita skrift under som viser kvar du kan få tak i alle desse tinga, kven som er fotograf og kven som er stylist - rett og slett reklamesider for ein eller annan interiørdesigner eller firma.
Men rett skal vere rett - det finst nokre få litt lengre reportasjar frå heimar i Norge og Sverge - smilande familier benka rundt eit nostalgisk gamalt stovebord med blonder og dill og dall rundt omkring. Der er bilder av mest alle roma i huset - frå forskjellige vinklar - alt nøye satt opp og forsyne meg har dei akkurat same lysestakar og blomster både på kjøkken og soverom. For ikkje å gløyme det nydlege bildet frå hageselskapet til ei av huseigarane - selskapet der utemøblane er overleste av kvite puter, tepper, blonder og endatil blomsteroppsatser som står i stil. Damene kosar seg med kvitvin og jordbær og jammen meg har alle damene valgt kvite blondekjoler frå same designer for anledningen... Den minimalistiske teksten til reportasjen kan igjenn fortelje om kven fotograf og stylist er...og sjølvsagt kvar du kan få kjøpt ein del av detaljane...
Så sit eg her då og sjønar at absolutt alt innhaldet i dette magasinet - over 160 sider - er reinspikka reklame. Eg har altså kjøpt ein reklamekatalog til kr. 69,-!!! Men det verste av alt er at i min iver over å få rydda bort mykje gammalt rusk og rask har eg antageleg kasta og kvitta meg med mange verkeleg skattar som kunne vore danderte rundt omkring for å skape ei liknande stemning. Men gråte over "spillt melk" har eg ikkje tenkt å gjere - eg tenkjer at eg er glad for at eg slepp å tørke støv av alle desse "tinga".
Vist er det fint å ha ein heim med stil og eleganse - men viktigare enn all verdens flotte designerartikler, er det at heimen har plass til meg og kjæresten min og at vi kan ha gode dagar ilag.
Ha ein god dag alle saman
Jannetove
mandag 10. mai 2010
Vårens vakraste i Kristiansand
Det er alltid så fint å kome seg bort nokre dagar. Denne helga har vi vore ein tur i Kristiansand på "Vårens Vakraste". Dette er ei årleg tilstelling som Veteranenes Fallskjermklubb arrangerer for medlemmane og deira damer "veterinnene". Vi annkom sørlandsbyen utpå ettermiddagen
Laurdagen var den store dagen for hopping og Kurt stillte på Kjevik med flyet sitt. No var det slik at vinden nok var i det vanskelege hjørne denne dagen så det einaste som vart gjennomført var ein "Demo" på grusbana ved festningen.
Etter ein god fiskesuppelunch vart vi frakta til Statsarkivet der vi fekk ei flott omvisning i kjellaren der nasistane dreiv storstillte avhøyr med tilhøyrande tortur av norske krigsfangar under krigen. Det var ei sterk oppleving å rusle rundt i dei roma/cellene som vart brukt på ein så grusom måte mot norske motstandsfolk. Ei omvising til ettertanke.
Dagen vart avslutta med nok eit godt måltid og masse god "drøs" rundt borda. Ein kjempeflott gjeng veteraner frå mange forskjellige stader i norge gjorde til at vi fekk ei minnerik helg og ein fantastisk forsmak på våren i Kristiansand.
Og det fine er at det kjem fleire slike samlinger med denne flotte gjengen utover sommaren.
Turen heim til Hadeland gjekk gjennom vakre Telemark - ein snartur oppom Geiteryggen for å besøke Grenland Fallskjerm klubb før vi kosa oss med ein god lunch i Gvarv. Kjæresten min var som alltid oppfinnsom med tanke på å køyre "nye" vegar slik at eg får sett meg om der eg ikkje har vore før. Det er alltid så kjekt å vere på tur med Bjørn Erik som sjåfør:-))
Takk for ei fin helg til alle Veteraner og Veterinner:-))
torsdag 6. mai 2010
Medmenneske
Samfunnet vårt vert kaldare og kaldare og antall einsame aukar - og tida går....ein vakker dag kunne kanskje dette diktet likegodt vore skrive om deg eller meg.....
Det var en gang…
Ei søt lita jente med draumar og håp
Som trudde himmelen var blå og sommaren var evig
Ei sjønn lita taus som trippa så stolt på skuleveg – trippa så kry mot voksenliv
Ei frisk lita jente som tok sats og levde sitt sorglause liv
Det var en gang…
Ei nydleg ungjente med håp og mål om eit godt liv
Med mot til å klare seg sjølv – med vilje til å få det til
Ei vakker ungjente som smilte mot livet og gjorde si plikt
Ei ungjente som stolt tok sats og fekk det til
Det var ein gang…
Ei vakker ung kvinne med nytt liv under bringa
Så glad og forventningsfull – der ho mottok velsigninga
Ei ung kvinne med håp om eit fint liv som mor og hustru
Som stolt gav liv til sine små – og som glad tok vare på andre sine
Det var ein gang…
Ei ung mor som sorgtung måtte ta farvel med ein av sine
Ei ung hustru som måtte ta i mot vold, terror og svik
Ei ung dame som stod støtt i stormen og verna om sine
Ei stolt kvinne som tok i mot sjebnen med høgreist hovud
Det var ein gang…
Ei vaksen dame som stolt såg barna vekse opp
Ei sterk dame som kunne syte for seg og andre
Ei redd dame som favna dei små og søkte ly når stormen rasa
Ei sår dame som sjøna at himmelen ikkje alltid var blå og at sommaren ikkje varer evig
Det var ein gang…
Ei middelaldrande dame som fann glede i arbeidet sitt – som virka for andre
Ei mor som hadde vore der for barna – ei mor som gjorde så godt ho kunne for sine og andre sine
Ei bestemt dame som stod i mot, tok til motmæle og gjekk ut og fant sin eigen veg
Ei sliten dame som hadde overlevd trass vondord, truslar og hat
Det var ein gang…
Ei stolt mor som gjekk vidare åleine og gleda seg over gode barn og barnebarn
Ei nydleg eldre dame som smilte over livet – som villig gav ei hjelpande hand til eigne og andre sine
Ei vakker dame som nekta å la seg knekke når nye bører vart lagt i sekken
Ei erfaren dame som fant glede over familien, livet og dei nære ting
Det var ein gang…
Ei aldrande dame som på ny måtte gråte ved ei grav – som smerteleg fekk smake livets vinter
Ei søt eldre dame som bøygde nakken og famla seg vidare – som løfta blikket og godtok
Ei sterk dame som trass motgang enno hadde rom for å gi til eigne og andre sine
Ei sliten dame som hadde evne til å kaste bort det vonde og framleis smile gjennom tårene
Det finst…
Ei gammal dame som lever sin kvardag – som utfører sine daglege syslar som alltid før
Ei nydleg eldre dame som smiler, ler og steller godt med både eigne og andre sine
Ei sliten gammal dame som gret åleine og spør Vår Herre – Kvifor meg – kvifor måtte eg få så tung bør
Ei vakker gammal dame som sit der åleine med minna, likevel i stand til å legge planar for framtida
Skal tru om det finst…
Nokon som har tid til å slå av ein prat – nokon som kan dele ein prat over ein kopp kaffi
Nokon som kan ta rundt henne og gje henne ein klem og eit trøystande ord
Nokon som kan høyre på kva ho har å sei – nokon som kan sjå det vakre smilet når det treff auga
Nokon som kan takke ho for alt ho har vore for eigne og andre sine……
-jannetove-
mandag 3. mai 2010
Et dikt til min kjære, kjære Bjørn Erik
SØDME
En mann, en kvinne i livets høst,
hender famler og søker trøst
Søkende øyne, fingre som flettes,
nå er det tid for hjerter å mettes
Varsomt du stryker og søker minn munn,
forsiktig vi vandrer på ukjent grunn
Dager og timer i endeløs lengsel,
kjære befri min kropp fra fengsel
Dine hender er ru og slitt av år,
men bare de kan gi meg min nye vår
Gleder og sorger fra tiden før,
gjemmes forsiktig bak hjertedør
Varsom berøring og ømme blikk,
nå kan vi takke for det vi fikk.
Tusen takk kjæresten min - for at du er den du er:-))
Klem frå Janne Tove