Vinterhav

Vinterhav

torsdag 6. mai 2010

Medmenneske

I dagens samfunn har vi det så travelt med hus, heim, barn og karriere. Det vert sjeldnare og sjeldnare at vi har tid til å ta ein impulsiv tur innom ein ven, nabo eller gamal slektning.
Samfunnet vårt vert kaldare og kaldare og antall einsame aukar - og tida går....ein vakker dag kunne kanskje dette diktet likegodt vore skrive om deg eller meg.....

Det var en gang…

Ei søt lita jente med draumar og håp

Som trudde himmelen var blå og sommaren var evig

Ei sjønn lita taus som trippa så stolt på skuleveg – trippa så kry mot voksenliv

Ei frisk lita jente som tok sats og levde sitt sorglause liv


Det var en gang…

Ei nydleg ungjente med håp og mål om eit godt liv

Med mot til å klare seg sjølv – med vilje til å få det til

Ei vakker ungjente som smilte mot livet og gjorde si plikt

Ei ungjente som stolt tok sats og fekk det til


Det var ein gang…

Ei vakker ung kvinne med nytt liv under bringa

Så glad og forventningsfull – der ho mottok velsigninga

Ei ung kvinne med håp om eit fint liv som mor og hustru

Som stolt gav liv til sine små – og som glad tok vare på andre sine


Det var ein gang…

Ei ung mor som sorgtung måtte ta farvel med ein av sine

Ei ung hustru som måtte ta i mot vold, terror og svik

Ei ung dame som stod støtt i stormen og verna om sine

Ei stolt kvinne som tok i mot sjebnen med høgreist hovud


Det var ein gang…

Ei vaksen dame som stolt såg barna vekse opp

Ei sterk dame som kunne syte for seg og andre

Ei redd dame som favna dei små og søkte ly når stormen rasa

Ei sår dame som sjøna at himmelen ikkje alltid var blå og at sommaren ikkje varer evig


Det var ein gang…

Ei middelaldrande dame som fann glede i arbeidet sitt – som virka for andre

Ei mor som hadde vore der for barna – ei mor som gjorde så godt ho kunne for sine og andre sine

Ei bestemt dame som stod i mot, tok til motmæle og gjekk ut og fant sin eigen veg

Ei sliten dame som hadde overlevd trass vondord, truslar og hat


Det var ein gang…

Ei stolt mor som gjekk vidare åleine og gleda seg over gode barn og barnebarn

Ei nydleg eldre dame som smilte over livet – som villig gav ei hjelpande hand til eigne og andre sine

Ei vakker dame som nekta å la seg knekke når nye bører vart lagt i sekken

Ei erfaren dame som fant glede over familien, livet og dei nære ting


Det var ein gang…

Ei aldrande dame som på ny måtte gråte ved ei grav – som smerteleg fekk smake livets vinter

Ei søt eldre dame som bøygde nakken og famla seg vidare – som løfta blikket og godtok

Ei sterk dame som trass motgang enno hadde rom for å gi til eigne og andre sine

Ei sliten dame som hadde evne til å kaste bort det vonde og framleis smile gjennom tårene


Det finst…

Ei gammal dame som lever sin kvardag – som utfører sine daglege syslar som alltid før

Ei nydleg eldre dame som smiler, ler og steller godt med både eigne og andre sine

Ei sliten gammal dame som gret åleine og spør Vår Herre – Kvifor meg – kvifor måtte eg få så tung bør

Ei vakker gammal dame som sit der åleine med minna, likevel i stand til å legge planar for framtida


Skal tru om det finst…

Nokon som har tid til å slå av ein prat – nokon som kan dele ein prat over ein kopp kaffi

Nokon som kan ta rundt henne og gje henne ein klem og eit trøystande ord

Nokon som kan høyre på kva ho har å sei – nokon som kan sjå det vakre smilet når det treff auga

Nokon som kan takke ho for alt ho har vore for eigne og andre sine……

-jannetove-


7 kommentarer:

  1. Åååå!!!Site å lese med tåre i augene...!
    Kor nydeleg,Janne Tove..å vemodig å tenkje på at det er mange som denne søte gamle dama...

    Klem:-)

    SvarSlett
  2. Fabelaktig godt, Janne Tove!
    Stor klem :-)

    SvarSlett
  3. Den satt som ett slag i magen som man sier i Sverige.
    Nydelig.
    Kramen Synnöve.

    SvarSlett
  4. Kar du fe det frå, du e berre heilt fantastisk, må snart gje ut bok.Ingrid

    SvarSlett
  5. Takkar for gode kommentarer - Klem til alle dokke:-))

    SvarSlett
  6. ...tenkte på ne bestemor ej no...tårene renne...ho opplevde både krig, tap av sine næraste og mang ei tåre ved graver. Men også mykje glede og kjærleik i barn og barnebarn.
    Savna ne fælt, og skulle ønske eg hadde vore meir på besøk siste tida...

    SvarSlett
  7. Utruleg flott!!! Trur jammen eg må få lov til noko ein gong! Er stadig på farten og må prate både her og der, og det hadde vore kjekt om eg kunne få bruke dette ein gong, Janne Tove! Du er sanneleg ein ekte poet!

    Veldig djupt, veldig vakkert og veldig nært...

    SvarSlett