Vinterhav

Vinterhav

torsdag 29. juli 2010

Min barndoms-sommar

Somrane i min barndom vart nesten uten unntak brukte på late dagar i Olden i Nordfjord. Etter mi meining finst det knapt finare stad i verda - har vel noko med barndomsminna å gjere antageleg....

Difor var det så fint å kunne kome tilbake dit no i helga som var...og til det aldeles nydlege veiret. Det var med andakt eg køyrde inn fjorden mot Olden fyste gongen og eg må innrømme at eg kjende ein klump akkurat då.

Grunnen til turen var at syskenbarna på farsida skulle møtast slik tradisjonen er kvart 5.år - ei hending ein ikkje så gjerne vil vere uten.

Fredagen vart det grilling ved naustet der farmor så ofte tok oss med på "Floen" for å otre etter fisk. Her hadde også nokre av tantene og onklane stillt opp så praten gjekk livleg utover natta.
Laurdagen var heile gjengen utfordra til å gå på "Laukjisætra" - og alle som ein kom seg opp og fekk nytt brunostskiva, kaffisupen og ikkje minst utsikta.
Seinare på dagen vart vi skyssa til Yrineset der vi vart trakterte med lokal mat og hyggeleg stemning.


Ei uforgløymeleg helg - takk for laget alle saman - gler oss allereie til om 5 år.

Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar