Vinterhav

Vinterhav

søndag 6. juni 2010

AWARD

Eg har fått ein Award med Gjengen framma dala - og treig som eg er så har eg ikkje peiling på korleis ein får laga linkar inne på dette bloggstyret. Så her blir det ingen fancy linker og dubbeditter, det enkle får duge.

Iallefall så gjekk Awarden ut på at eg skulle skrive ned 7 ting om meg og familien min - og det må eg vel kunne klare.

1. Familien min består av 3 knallande kjekke born, 2 supre svigerdøttre og en goood og snill kjæreste. Ja og så kjekke systå og broren med familie - elles kunne eg vel ramse opp både tanter, onkler og syskjenbarn - alle rundt meg som eg bryr meg om. Opppps!!!! eg holdt på å gløyme pusen hennar Helene......

2. No for tida har eg brukt mykje energi på å få solgt unna huset mitt slik at eg kan ta med meg litt møbler og husgeråd og flytte til Jaren på Hadeland. Det gler eg meg stort til.

3. Eg likar å gå tur i skog og mark, sy, strikke, preike med gode venner og lese gode bøker - likevel blir det mest til at eg gjer ingenting - nokon som anntyder at eg er litt lat....??

4. Drøymer om å vinne i lotto - gjerne den store, store gevinsten - men eg innser at det er ein forsvinnande liten sjangs for at så skjer. I staden gleder eg meg over kvar dag - at eg har mat, husrom, klede og ikkje minst at alle mine lever og har det bra. Det er iallefall mykje, mykje viktigare enn all verdens gull og glitter.

5. Eg er avhengig av å legge kabal på dataen - det er jo heilt idiotisk, men ein rimeleg kostnadsfri lyte.

6. Så syns eg det er kjekt å reise på hoppfelt for fallskjermhopping - både Helene og Bjørn Erik hoppar medan eg sit på bakken og fyl spent med. Like letta og glad kvar gang dei landar trygt og rutinemessig - og så er det så mykje kjekke folk å treffe slike plasser - både gamle og unge.

7. Så prøvar eg så godt eg kan å vere eit godt menneske - slett ikkje alltid eg lukkast, men til oftare eg tenkjer på at eg skal vere det - dess større mulighet er det for at eg kan glede ein kvan innimellom.

Det var mine 7 ting og så er det vist slik at eg skal utfordre ein kvan annan til å gjere det same. Då trur eg at eg vil invitere Synnøve i Blåbær och annat snadder til å kome med 7 ting om seg sjølv/familien.

Klemz

torsdag 13. mai 2010

På limpinnen igjenn....

Det er ikkje så ofte eg kjøper vekeblad, men tysdag falt eg for fristelsen til å ta med heile to blad heim. Eit ordinært vekeblad med forskjellig småstoff, idiellt til do-lektyre og eit "luksus" blad med innhald utelukkande om vakre rom og fine heimar. Sidan eg skulle tilbringe mange dagar heime åleine med rydding og vasking av huset som skal leggjast ut for salg, tenkte eg at eg fekk unne meg litt utenom det vanlege - og eit interiørblad ville vel vere ei god invistering i så måte....
Do-bladet har sakte men sikkert blitt "opplest" og i dag var tida komen til "luksus" bladet som har lege på stovebordet å smila til meg i fleire dagar. Sette meg godt til rette med ein kopp te og tok fatt på bladet. Bladet inneheldt utruleg mykje fine bilder av vakre stover, kjøkken, bad, soverom og uterom - og eg tenkte at jammen meg er det mange driftige folk rundt om som kan klare å lage slike fine stemningsfulle rom.
Romma er fulle av "antikke" ting som gamle melkespann, jutesekker, korger - ja endatil gamle kjoler er hengde opp strategisk for å skape ei stemning. Det meste er i fargane kvitt, grått og natur - nostalgisk - vakkert oppsett til ære for fotografen.....
Ja for det er nettopp det det er, viser det seg....
Dei aller fleste sidene i bladet har lita skrift under som viser kvar du kan få tak i alle desse tinga, kven som er fotograf og kven som er stylist - rett og slett reklamesider for ein eller annan interiørdesigner eller firma.
Men rett skal vere rett - det finst nokre få litt lengre reportasjar frå heimar i Norge og Sverge - smilande familier benka rundt eit nostalgisk gamalt stovebord med blonder og dill og dall rundt omkring. Der er bilder av mest alle roma i huset - frå forskjellige vinklar - alt nøye satt opp og forsyne meg har dei akkurat same lysestakar og blomster både på kjøkken og soverom. For ikkje å gløyme det nydlege bildet frå hageselskapet til ei av huseigarane - selskapet der utemøblane er overleste av kvite puter, tepper, blonder og endatil blomsteroppsatser som står i stil. Damene kosar seg med kvitvin og jordbær og jammen meg har alle damene valgt kvite blondekjoler frå same designer for anledningen... Den minimalistiske teksten til reportasjen kan igjenn fortelje om kven fotograf og stylist er...og sjølvsagt kvar du kan få kjøpt ein del av detaljane...
Så sit eg her då og sjønar at absolutt alt innhaldet i dette magasinet - over 160 sider - er reinspikka reklame. Eg har altså kjøpt ein reklamekatalog til kr. 69,-!!! Men det verste av alt er at i min iver over å få rydda bort mykje gammalt rusk og rask har eg antageleg kasta og kvitta meg med mange verkeleg skattar som kunne vore danderte rundt omkring for å skape ei liknande stemning. Men gråte over "spillt melk" har eg ikkje tenkt å gjere - eg tenkjer at eg er glad for at eg slepp å tørke støv av alle desse "tinga".
Vist er det fint å ha ein heim med stil og eleganse - men viktigare enn all verdens flotte designerartikler, er det at heimen har plass til meg og kjæresten min og at vi kan ha gode dagar ilag.

Ha ein god dag alle saman
Jannetove

mandag 10. mai 2010

Vårens vakraste i Kristiansand


Det er alltid så fint å kome seg bort nokre dagar. Denne helga har vi vore ein tur i Kristiansand på "Vårens Vakraste". Dette er ei årleg tilstelling som Veteranenes Fallskjermklubb arrangerer for medlemmane og deira damer "veterinnene". Vi annkom sørlandsbyen utpå ettermiddagen etter å ha vore ein snartur innom Fallskjermklubben i Tønsberg og deira hoppfelt Jarlsberg - samt sørlandsperla Lillesand. Utover ettermiddagen kom fleire og fleire veteraner til og stemninga var god i bakgården til hotellet. Sørlandsbyen byd på gode resturanger og måltidet vi hadde på resturangen Måltid var fortreffeleg.
Laurdagen var den store dagen for hopping og Kurt stillte på Kjevik med flyet sitt. No var det slik at vinden nok var i det vanskelege hjørne denne dagen så det einaste som vart gjennomført var ein "Demo" på grusbana ved festningen.

Etter ein god fiskesuppelunch vart vi frakta til Statsarkivet der vi fekk ei flott omvisning i kjellaren der nasistane dreiv storstillte avhøyr med tilhøyrande tortur av norske krigsfangar under krigen. Det var ei sterk oppleving å rusle rundt i dei roma/cellene som vart brukt på ein så grusom måte mot norske motstandsfolk. Ei omvising til ettertanke.

Dagen vart avslutta med nok eit godt måltid og masse god "drøs" rundt borda. Ein kjempeflott gjeng veteraner frå mange forskjellige stader i norge gjorde til at vi fekk ei minnerik helg og ein fantastisk forsmak på våren i Kristiansand.

Og det fine er at det kjem fleire slike samlinger med denne flotte gjengen utover sommaren.

Turen heim til Hadeland gjekk gjennom vakre Telemark - ein snartur oppom Geiteryggen for å besøke Grenland Fallskjerm klubb før vi kosa oss med ein god lunch i Gvarv. Kjæresten min var som alltid oppfinnsom med tanke på å køyre "nye" vegar slik at eg får sett meg om der eg ikkje har vore før. Det er alltid så kjekt å vere på tur med Bjørn Erik som sjåfør:-))

Takk for ei fin helg til alle Veteraner og Veterinner:-))

torsdag 6. mai 2010

Medmenneske

I dagens samfunn har vi det så travelt med hus, heim, barn og karriere. Det vert sjeldnare og sjeldnare at vi har tid til å ta ein impulsiv tur innom ein ven, nabo eller gamal slektning.
Samfunnet vårt vert kaldare og kaldare og antall einsame aukar - og tida går....ein vakker dag kunne kanskje dette diktet likegodt vore skrive om deg eller meg.....

Det var en gang…

Ei søt lita jente med draumar og håp

Som trudde himmelen var blå og sommaren var evig

Ei sjønn lita taus som trippa så stolt på skuleveg – trippa så kry mot voksenliv

Ei frisk lita jente som tok sats og levde sitt sorglause liv


Det var en gang…

Ei nydleg ungjente med håp og mål om eit godt liv

Med mot til å klare seg sjølv – med vilje til å få det til

Ei vakker ungjente som smilte mot livet og gjorde si plikt

Ei ungjente som stolt tok sats og fekk det til


Det var ein gang…

Ei vakker ung kvinne med nytt liv under bringa

Så glad og forventningsfull – der ho mottok velsigninga

Ei ung kvinne med håp om eit fint liv som mor og hustru

Som stolt gav liv til sine små – og som glad tok vare på andre sine


Det var ein gang…

Ei ung mor som sorgtung måtte ta farvel med ein av sine

Ei ung hustru som måtte ta i mot vold, terror og svik

Ei ung dame som stod støtt i stormen og verna om sine

Ei stolt kvinne som tok i mot sjebnen med høgreist hovud


Det var ein gang…

Ei vaksen dame som stolt såg barna vekse opp

Ei sterk dame som kunne syte for seg og andre

Ei redd dame som favna dei små og søkte ly når stormen rasa

Ei sår dame som sjøna at himmelen ikkje alltid var blå og at sommaren ikkje varer evig


Det var ein gang…

Ei middelaldrande dame som fann glede i arbeidet sitt – som virka for andre

Ei mor som hadde vore der for barna – ei mor som gjorde så godt ho kunne for sine og andre sine

Ei bestemt dame som stod i mot, tok til motmæle og gjekk ut og fant sin eigen veg

Ei sliten dame som hadde overlevd trass vondord, truslar og hat


Det var ein gang…

Ei stolt mor som gjekk vidare åleine og gleda seg over gode barn og barnebarn

Ei nydleg eldre dame som smilte over livet – som villig gav ei hjelpande hand til eigne og andre sine

Ei vakker dame som nekta å la seg knekke når nye bører vart lagt i sekken

Ei erfaren dame som fant glede over familien, livet og dei nære ting


Det var ein gang…

Ei aldrande dame som på ny måtte gråte ved ei grav – som smerteleg fekk smake livets vinter

Ei søt eldre dame som bøygde nakken og famla seg vidare – som løfta blikket og godtok

Ei sterk dame som trass motgang enno hadde rom for å gi til eigne og andre sine

Ei sliten dame som hadde evne til å kaste bort det vonde og framleis smile gjennom tårene


Det finst…

Ei gammal dame som lever sin kvardag – som utfører sine daglege syslar som alltid før

Ei nydleg eldre dame som smiler, ler og steller godt med både eigne og andre sine

Ei sliten gammal dame som gret åleine og spør Vår Herre – Kvifor meg – kvifor måtte eg få så tung bør

Ei vakker gammal dame som sit der åleine med minna, likevel i stand til å legge planar for framtida


Skal tru om det finst…

Nokon som har tid til å slå av ein prat – nokon som kan dele ein prat over ein kopp kaffi

Nokon som kan ta rundt henne og gje henne ein klem og eit trøystande ord

Nokon som kan høyre på kva ho har å sei – nokon som kan sjå det vakre smilet når det treff auga

Nokon som kan takke ho for alt ho har vore for eigne og andre sine……

-jannetove-


mandag 3. mai 2010

Et dikt til min kjære, kjære Bjørn Erik

Etter å ha opplevd mykje vondt, var det så uendelig godt å finne den nye Mannen i mitt liv. I ei tid med mange motstridande følelsar er det ofte terapi å skrive dikt. Dette diktet skreiv eg til kjæresten min ei stund etter at eg hadde truffe han. No har vi bestemmt oss for å flytte saman og du verden kor eg gler meg til å dele resten av livet med denne mannen....

SØDME
En mann, en kvinne i livets høst,
hender famler og søker trøst
Søkende øyne, fingre som flettes,
nå er det tid for hjerter å mettes

Varsomt du stryker og søker minn munn,
forsiktig vi vandrer på ukjent grunn
Dager og timer i endeløs lengsel,
kjære befri min kropp fra fengsel

Dine hender er ru og slitt av år,
men bare de kan gi meg min nye vår
Gleder og sorger fra tiden før,
gjemmes forsiktig bak hjertedør
Varsom berøring og ømme blikk,
nå kan vi takke for det vi fikk.

Tusen takk kjæresten min - for at du er den du er:-))

Klem frå Janne Tove

torsdag 22. april 2010

Gode kvardagar....

Eg tek meg sjølv ofte i å gå å drøyme meg bort -bort frå kvardagen til ein plass der eg kan oppleve noko spesiellt eller flott utenom det vanlege. Ofte tenkjer eg at tenk om eg vann i lotto - tenk alt eg kunne gjere då. Eg kunne reise for å oppleve både det eine og det andre - for ikkje å snakke om alt eg kunne kjøpe - om eg var rik på penger.
I dagens mediesamfunn får vi inn mange nyhende frå både nær og fjærn. Vi høyrer om eit fly som har falle ned - eit tog som har kollidert - ei bilulykke. Så er det alle naturkatastrofene som rammar rundt om i verda - vulkanutbrot - jordskjelv - brannar og ekstremver. For ikkje å snakke om alle stadar i verda der krig og naud herjar. Alt dette er så langt unna og det anngår ikkje meg - liksom - så eg kan berre leve vidare og sulle med mitt og drøyme meg bort.
Men plutselig midt opp i dette mediehavet dukkar det opp hendelsar som også rører meg. Eg høyrer om folk som har vorte sjuke - ramma av alvorlege sjukdomar. Eg høyrer om folk som har mista sine kjære både av sjukdom og bråe hendingar. Rundt om i det ganske land sit det alltid ein kvan og gret og sørjer over tapt helse eller liv - medan eg surrar vidare med mitt liv og mine draumar.
Vi kan ikkje ta inn over oss all verdens naud og sorg - då ville vi gå under som menneske. Vi kjem alle - før eller seinare opp i ein situasjon der det er vi som gret og sørgjer, difor er det så viktig å leve og vere glad medan ein har gode dagar.
Når vi kjem i slike situasjoner endrar draumane våre karakter. Då tek vi oss sjølve i å drøyme om ein dag med heilt vanlege syslar som å vaske hus - lage mat - vaske klede og klippe plen.
I dag har eg ein slik dag - ein heilt vanleg kvardag. Eg har vaska doen og badet - støvsuga litt og skrifta på sengklede. Eg er også så heldig at eg har ei vaskemaskin som vaska dei skitne kleda i ein fei og ute på snora blafrar dei i vårsola og vinden gjer sitt til at dei nok er tørre på ei lita stund. I tillegg fekk eg overskudd til å lage lettvinte ostebollar som smakar fortreffeleg - og seinare i dag skal eg lage ein heilt vanleg kvardagsmiddag.
Eg takkar for at livet mitt er fullt av slike heilt vanlege kvardagar......

Eg er kanskje ikkje så rik på pengar - men du verden kor rik eg er.....


fredag 16. april 2010

En fin fredag

Av alle dager i veka er det fredagen eg likar best. Sidan dagane mine no er forholdsvis rolege og eg ikkje går i fast arbeid, skulle ein tru at alle dagar var like. Men det er dei ikkje - fredagen er og blir den dagen som er best. I dag vakna eg tidleg til ein knall blå himmel og med den kom gleda og humøret sigande innover meg. Eg er verkeleg heldig som kan nyte ein slik fin dag i fred og ro.

Det første eg gjorde var å rydde litt i heimen og sette på ei vaskemaskin - det var så greit å fare over med støvfilla sidan kjærasten hadde vaska alle golva i går medan eg var på strikke-kafè med kjekke damer frå Hadeland. Når kjærasten kom innom i pausa si delte vi ein lang og god frokost - det er den beste stunda på dagen.

Så var det tid for å henge opp kleda ute i frisk luft (eg ser ikkje så mykje aske her så det går vel bra) - dei tørkar på rekordtid no når sola skin og det er ein fin bris i lufta. Badet har endeleg fått ein skikkeleg omgang med "Cillit Bang" og dei blå flisene på golvet skin nyvaska og blanke i kapp med sola.

Å vaske hus er ikkje det beste for min muskelvonde kropp - men eg tåler litt smerte og verk når eg kan nyte ein varm dusj i reine omgjevnader. Og så veit eg at eg kan bruke resten av dagen til det eg vil.

Eg trur eg skal kose meg ei lita stund i godstolen med strikketøyet - Ambulansesokkane som Sondre skal få. Sidan kan eg kanskje begynne på ei av dei nye bøkene eg kjøpte meg i går eller ta meg ein liten spasertur å for å sjå om eg kan finne nokre nyutkome Blåveis i vegkanten.

Så når det lid ut på ettermiddagen kjem gokaren heim og vi kan kose oss med ein god middag og kanskje eit kakestykke i kvelds-sola. Og kven veit - kanskje eg får meg litt raudt i glaset til gullrekka på tv`n i kveld.

Framføre oss har vi ei lang helg, der vi kan glede oss over kvarandre, våren, gode venners lag og forhåpentlegvis ein fin tur ut i naturen ein eller annan stad på vakre Hadeland.

God helg til alle og klem frå Janne Tove