Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 23. februar 2010

Amadore

Det er godt å vere så heldig å få lov å reise ein tur til sydligare strøk når vinteren bit som verst her heime. Ei heil veke saman med gode venner - og med ca. +25C i lufta - det gjer godt både for kropp og sjel. Vi var ein gjeng på 13 frå Veteranenes Fallskjermklubb som reiste saman denne gangen. Fallskjermgutta fekk lufta skjermen sin og vi damene eller "veterinene" som vi blir kalla kosa oss på stranda eller rusla tur i det fine veret.

Det vart også tid til ein liten rundtur i bil for å sjå litt av landskapet og fjella - ein båttur til Mogan som er ein skikkelig "kardemommeby" og ei flott vandring langs strandpromenaden i Maspalomas. Kveldane var lune og fine og vi kunne kose oss med god mat og god drikke før vi trøtte og fornøgde fant loppekassa på hotellet og gjorde oss klar til neste dags opplevelser.

Trur eg kunne bli vant til eit slikt liv i ein fei:-))

1 kommentar:

  1. Hei der.
    Ser du kommet godt hjem igjen ja. Det er deiligt å dra avsted noen dager skal eg si deg.
    Skjønner godt at du koste deg eg.
    Klems Synnøve.

    SvarSlett