Vinterhav

Vinterhav

onsdag 3. februar 2010

Josefine og Bjørn



Leste nett no på VG-nett om katten Oskar som bur på ein aldersheim i USA. Det spesielle med Oskar er at han søker til dei pasientane som skal døy - i 50% av tilfella der Oskar oppsøkjer pasientar døyr dei ikkje så lenge etterpå. Elles har eg også ein gong sett ein TV-reportasje om hundar som kan lukte kreft hos tilsynelatande friske menneske. Kor vidt dette er tilfelle eller berre tilfeldig skal eg ikkje ha noko formeining om - men eg vil likevel dele historia om Josefine og Bjørn med lesarane mine.

Då eg traff Bjørn hausten 2004 hadde eg allereie katten Josefine som den gang var nesten eit halvt år. Bjørn var ikkje spesiellt glad i kattar og oversåg Josefine i starten - men Josefine fant seg ikkje i å bli oversett. Ho søkte alltid til Bjørn når han kom på besøk og ville alltid opp i fanget for å kose. Katten vart meir og meir Bjørn sin katt og det vaks fram eit unikt vennskap mellom dei to.

Vi levde glade dager ilag alle 3 og Josefine slo seg godt til ro når vi flytta frå Mosmarka til Vallabøen. Venskapet vart så sterkt at Bjørn ikkje kunne gå til sengs om kvelden før Josefine var koma heim - og når vi reiste på 4 vekers båttur til Sognefjorden var det aldri tvil om at Josefine måtte vere med. Ho fekk seg katteband og bur og stortrivdes ombord i båten saman med oss.

Etter kvart som vi fekk vite at Bjørn var sjuk og hadde kreft oppdaga vi det unike med Josefine. Kvar gang Bjørn var nedfor eller dårleg og måtte ligge på sofaen kunne vi vere sikker på at Josefine kom og la seg til rette på magen til Bjørn. Ho søkte heile tida mot det området i kroppen til Bjørn som vi visste var sjukt.

Vi prata ein del om dette eg og Bjørn og vi syns det var litt rart at katten hadde slik omsut for Bjørn. Når vi då også fekk vite at Bjørn antageleg hadde kreft allereie då eg vart kjent med han - vart det nærliggande å tenkje på at Josefine kanskje allereie då sjøna at det var noko som ikkje var som det skulle i kroppen til Bjørn.

Då Bjørn var død merka eg at katten søkte meir og meir bort frå hus og heim - ho ville sjeldan vere inne og dei gangane ho kom inn var ho uroleg og oppførde seg som om ho leita etter noko. Det verka meir og meir som om katten sakna sin gode ven og ville ut på leiting.

Om dette er tilfeldig eller rett og slett slik at kattane sjønar meir enn vi menneske er ikkje godt å seie. Ein ting er iallefall sikkert - det finst nok meir mellom himmel og jord enn vi menneske forstår.

10 kommentarer:

  1. Hei igjen.
    Dyr er ikke dumme. Dem kan föle ting som ikke vi har peiling på.
    Hvor er den fine katten nå? Du har vell henne enda?

    Klems.

    SvarSlett
  2. Hei Janne Tove:o)
    Dette er ingen tilfeldighet, dyr har sanser som vi menneske ikkje kan forestille oss. Lurte på hvor Josefine var hen nå? Og du har helt rett.... det finnes mer mellom himmel og jord enn vi forstår
    Klem til deg

    SvarSlett
  3. Josefine er desverre reist til pusehimmelen - et valg eg måtte ta når eg vart åleine og ville ut å reise ein del. Dessuten var ho så lite heime at eg var redd for at ho vart ein av "lauskattane" etter kvart. Kven veit kanskje dei er sammen igjenn:-))
    Janne Tove

    SvarSlett
  4. Ho va ei smarte dame ho Josefine :o)

    SvarSlett
  5. Dette sansa katten,det er eg overbevist om! Kattar er kloke dyr,og skjønar mykje meir enn me trur.Rørande historie iallefall.....
    Alvhild S.

    SvarSlett
  6. For eit rørande innlegg du har skrive. Ser nesten føre meg det unike venskapet dei imellom.

    Har sjølv katt, og det er rart med det, når nokon i huset er litt småpjusk, kjem ho og skal koseog på ein måte gi trøyst, elles når vi er friske er den egentlig berre sur og grinete og vil ha fred. Merkeleg med desse dyra, dei har nok ein god utvikla 6. sans.

    SvarSlett
  7. Hunden vår trøysta bestemor mi då han bestefar døydde, ho la labbane om halsen på den vesle, magre gamle dama og la sitt kinn inntil bestemor sitt. Dei forsto kvarandre.

    SvarSlett
  8. Rørande innlegg på mange måtar...

    Takk for kommentaren på servise-innlegget mitt! Tenkjer eigentleg at slike innlegg er litt jålete og frykteleg materialistiske, men denne gongen tok eg utfordringa likevel! Eg likar faktisk veldig godt å vere gjest og måtte ete og drikke av "ei bikkje av kvar sort"-servise! Koppane du viste i går er nydlege, og eg er sikker på kaffien smakar ekstra godt i desse koppane!

    Kos deg i dagen din!

    Klem, Tove

    SvarSlett
  9. Håper dere får en kjempeferie i varmen.
    Skal tenke på dere når eg ser snöen som laver ned her.
    Klart det ikke kan bli annet en bra. Reis nå og KOS dere.

    Det er smart å gå efter snöfresern alltså.
    Her gikk eg för bröytebilen var komt. Litt trim da, de har en berre godt å.

    Vi har hatt minus 1,5 idag. Nå er det 6 kuldegrader. Det har snöva hele dagen. Er så redd for gubben som er ute og kjörer storbil med henger for posten. Han er på tur hjem til Kongsvinger nå, på RV 2 fra Oslo.
    Er like ubehagligt hver gang han skal avgårde.

    Sender med en link. Den er på svensk da, men det skjönner du :D

    Tenkte på din pus eg, når eg las om Oscar.

    http://miatankar.webblogg.se/2010/february/katten-oscar-vakar-vid-dodsbaddar.html

    Det var mine tanker denne kvelden. Veit ikke om eg tör å gå opp å legge meg eller om eg skal vente til han kommer.

    Klems til dere begge to.
    Synnöve.

    SvarSlett
  10. Josefine kunne heilt sikkert merke at Bjørn var sjuk. Det at ho var iherdig på å kome til han sjølv om han oversåg henne, tyder på at ho sansa eit kvart.
    Dei to er gode vener, også no..

    SvarSlett