Vinterhav

Vinterhav

torsdag 9. september 2010

Det lyser i ballongen

Så lenge eg kan minnast har det eksistert ein gammaldags vin-ballong i mi familie - ei rusten jarnramme rundt ein brun glasballong. Den tida den var i bruk var den isolert med glasull mellom ramma og den store "glasflaska".

Eg minnest godt då far min sette vin på ballongen - ja eg meiner også at han brukte den når han brygga øl.

Men tida går og far min er borte for mange år sidan - og mor mi likeså - men ballongen den har fulgt meg trufast på mi rastlause reise fram til der eg no er. Ei tid lagra i ein mørk kjellar, ei stund som dekorativ pynt i stova mi, ei periode i ein gang før den no har havna med på lasset til Jaren.

Siste tida har han stått ute på trappa her - og både eg og kjæresten har kikka på den - grunda og tenkt på kvar vi skulle plassere den.

Så plutselig fekk gemalen ein lys idè - kva med lys i ballongen. Ein tur på butikken for å kjøpe det som trongst og litt arbeid med å få rigga alt på plass. Og vips så har den kjære vin-ballongen fått eit nytt liv.....


....no kan den lyse opp i mørke kveldar her i stova - eit kjært minne om farne tider og eit lyst håp om mange gode dagar famover.

Takk for ein fantastisk god tanke kjære Bjørn Erik :-))

1 kommentar:

  1. Ditta vart en kjempeflotte lampe då! E so kjekt å kunne bruke oppatt ting ein har gode minner om i staden for å late dei stå å støve nede i ein mørk kjellar.

    Lat oss håpe på ein koseleg haust med mykje lys og varme :)
    Gode tankar til dej Janne Tove :)

    SvarSlett