Vinterhav

Vinterhav

fredag 17. september 2010

To tova badehette.....

Har ein bror og ei svigerinne som er dei reine badenymfer i nyanskaffa jacuzzi - der har dei vistnok tenkt å tilbringe mykje tid i vinter. Jacuzzien er vel plassert ute på terassen med ei fantastisk utsikt over fjord og fjell så eg sjønar godt at dei trivst i godt varmt vatn der når haust og vinterkulda set inn.
Sjølvom det er varmt og godt i vatnet så vil det nok melde seg eit behov for noko varmt på hovudet - og kva er vel då betre ein ei god tova badehette. Eg tok utfordringa og strikka dei kvar si tova badehette som eg har sendt over fjellet i dag.

Badehetta til venstre er tenkt til Randi - og Stein Ove passar forhåpentleg i badehetta til høgre.
Så no håpar eg dei to turtelduene får ein fin haust i badestampen og her heime sit eg og strikkar badehette til meg sjølv og kjærasten - må jo ha med badehette når vi skal på besøk:-)

jannetove

4 kommentarer:

  1. Hahahaha - FABELAKTIG Janne Tove! Heite kor flink du er :-)

    SvarSlett
  2. Du e bra flinke:-)))
    Tenkje det e 2 som blir gla for å halde topplokket varmt også..;))

    Ha ei strålande helg;)Gler meg te å sjå deg neste veke:-))

    SvarSlett
  3. Dei var bra råstilige.He du lyst å strikke te oss to også?kjøper tråd til deg:)Svigers te sondre

    SvarSlett