Vinterhav

Vinterhav

søndag 28. november 2010

Så tender vi det fyrste lys....

.....åleine må det stå.....

Fyrste søndag i advent - ute er det rundt 10 minus, lett snø og litt vind som gjer at det blir snøstormliknande tilstander rundt husnova her innimellom.

Eg har ikkje gjort som alle andre iår...har ikkje leita fram adventsstaken og 4 like lys. Eg har hatt heilt andre ting i tankane - har pakka koffert og tenkjer meg ein tur til varmare strok - til ein stad der dei ikkje feirar adventstida slik som vi.

Kjenner at eg er veldig spent - ein heilt annan kultur - eit anna folk - ein annan temperatur - og antageleg tusenvis med nye inntrykk.

No er det slik at eg ikkje skal vere borte så lenge, så det blir nok jul i heimen her og - sann om ei vekes tid eller så....



Var ein tur på julemarknad sist helg - og denne vesle engelen her kunne eg vanskeleg gå forbi. Eg blir så glad av å sjå på han (eller er det ho) der han står å syng av hjartans lyst.



Dette får bli mitt fyrste lys denne adventstida - eit lys for håp og glede.

God førjulstid alle saman - og husk at jula kjem med fred om ikkje kvar ei krå er skinande rein....

jannetove

ps. kunstnaren heiter Marianne Lund og er frå Eina

3 kommentarer:

  1. Kjempegod tur og velkomen tilbake :-)

    SvarSlett
  2. Treng en egentli om å ha alt klart til første søndag i advent då? Ej prøva so godt ej kan å senke krava til meg sjølv...

    God tur! Kos dokke og nyt varmen! Det ser ut til at det vert kaldt og mørkt og lite sol her i bygda på ei stund ;)

    SvarSlett
  3. Flott engel!

    Kos deg på tur!

    Klem fra meg.

    SvarSlett