Vinterhav

Vinterhav

mandag 1. november 2010

Yoga

Phuuu endeleg er eg ferdig med endå ei yogaklasse - ja det er vist det det heiter - yogaklasse.
Eg har fått det føre meg at Yoga er noko som sikkert er bra for meg med kronisk muskelsmertesyndrom - ja jamvel nyare amerikansk forskning viser at det har ein positiv effekt på folk med mine plager.
Eg møtte opp med ope sinn forrige mandag - og ilag med nærare 40 andre damer i alle farger og fasonger fekk eg prøve mine første yogaøvelser. Vi fekk utlevert kvar si matte og kvart sitt teppe - og så var det berre å følge etter den flotte slanke dama som var yogainstruktør.
Dei første øvelsane var ikkje så verst vanskeleg - men det var til å begynne med det. Etter ei stund skulle vi stå med begge handflatene i matta heilt lengst framme og føtene strake heilt bakerst på matta. Halebeinet skulle vi rulle under oss og rompa skulle peike opp i lufta, ansiktet opp og fram medan vi pusta vekselvis inn og ut....Heilt umuleg spør du meg - og så eg som er så inderlig opptatt av at eg skal gjere alt rett - det var like før eg berre gjekk i lås der eg stod....
Men etter at vi hadde halde på i ein og ein halv time var det total avspenning som gjaldt og det er eg skikkeleg flink på - berre ligge rett ut og gjere ingen verdens ting - det kan eg!
Både tysdagen og onsdagen var eg veldig usikker på om eg i det heile skulle tore å gå på neste kurskveld - ja eg var igrunnen veldig usikker på om eg nokon gong kom til å klare å gå normalt igjenn. Elles var eg umåteleg overaska over at det kunne vere muleg å få så inderlig gangsperre berre ved å strekke musklane...

Men i dag har eg altså vore der igjenn - eg huska igjenn nokre av øvelsane frå sist - visste litt meir kva som skulle skje og eg følte at eg faktisk fekk til nokre av øvelsane ørlite bedre enn sist.

Eg er ikkje sikker på om Yoga er det som skal gjere meg og min musklatur bedre - men eg vil iallefall prøve så godt eg kan å gjennomføre heile kurset - og i morgon trur eg at eg vil kjøpe meg ei slik matte - ja slik at eg kan øve meg heime:-)))



Så får vi sjå om eg blir ein skikkeleg Yogatilhengar eller om det er berre eit lite blaff slik som så mykje anna eg har prøvd opp gjennom livet.....

....men eg har iallefall prøvd og dermed utvida min horisont:-)

jannetove

4 kommentarer:

  1. ÅÅhhh, du e superflink, Janne Tove!! Kunne godt ha tenkt mej å prøvd yoga sjølv men he ikkje komt so langt enda.....
    Synst du skal klappe dej sjølv på skuldra ej for at du he bestemt dej for å fullføre kurset, sjølvom du va nåke usikker i starten.
    Lykke til me yogaen, og ha ei fantastisk flotte veke :-)
    Klem frå Kristin

    SvarSlett
  2. Haha!! Ser føre meg halebeinet ned,rumpa opp,føte her og armar der...*sveitt*
    Men det gjere sikker godt..:-))
    Ej e so takksame for kiropr.og fisioterapeutar.he klippekort der ej no...;-))
    Håpar vi ser dej neste veke!?

    Klem

    SvarSlett
  3. HAHA...fYsio..skulle det vere..;))

    SvarSlett
  4. Hei og gokveld.
    Yoga ja, trur neppe ei he klart å komt meg opp fra gulvet om ei skule ha prövd.
    Men det er sikkert kjekt å pröve.

    Fortel meg hvordan du föler deg etter nokre ganger så får vi se.
    Ei lurer på å starte med zumba...
    Om gulvet er sterkt nok da vil si hihi.
    Litt sjölironi må en ha hihi.

    Ska nå ta ut bröder ur steikovn, så ska ei inn til byen og möte veninna fra Sverige som kjem på höstferiebesök.
    Det skal jammen bli kjekt.
    Fole kaule.

    Ha ei fin kveld nå.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett