Vinterhav

Vinterhav

mandag 27. desember 2010

Lengter...............

....ja det er vel ikkje så rart - med det kalde veiret vi har her i Norge for tida. Lengter tilbake til vakre Dubai - emiratet som tok så godt i mot oss då vi var der på føljulsturen vår....

Et absolutt must når ein er på dei kanter er å besøke verdens høgste hus - Burj Kalifa - 828 meter høgt. Litt guffent å kome ut på verandaen der og kjenne at golvet gynga litt - sikkert gjort med vitande vilje. Bjørn Erik var trass høgdeskrekken sin imponerande modig ved vidauga så høgt oppe.

Nesten 30 varme - deilig sandstrand - akkurat passe varmt badevatn. Stranda rett ved sida av Skydive Dubai var god å ha for oss damene når guttaboys kosa seg med sin store lidenskap - fallskjermhopping.

Men skulle heimlengselen bli for stor - ja så var det berre å ta ein tur til Emirates Mall og besøke innendørs skibakke med passe vintertemperatur - 2°C....ikkje akkurat noko for oss som skulle vere i varmen berre ei veke.....

Høgdepunktet for meg denne veka var vel fallskjermhoppet eg fekk vere med på. Bråbestemte med for eit tandemhopp og var så heldig at eg fekk hoppe ilag med Bjørn Erik - som også kom og holdt meg i handa under det frie fallet.

Å sveve i fritt fall er spesiellt - å sveve i fritt fall over The Palm of Jumeirah er berre stort.....

Det går ganske fort mot bakken (ca. 200km/t) i fritt fall - reine ansiktsløftinga....

Men du verden for ein opplevelse - heldige meg som får lov til å kose meg slik....Ikkje rart eg lengtar tilbake vel.....

jannetove

2 kommentarer:

  1. Du? Hårre heite for ei tøffe dame du e!! Lengselen din til Dubai er lett å forstå seg på..;-)
    Klem!

    SvarSlett
  2. Steik kor tøff du e!! Ditta ha ej aldri tort...ikkje en gong om nåken ha heve penge ette mej! Han e no bra tøff so hoppa fallskjerm med høgdeskrekk Bjørn Erik.

    Dubai...ja, en he lov å lengte å drøyme... :)

    God jul til dej!

    SvarSlett