Vinterhav

Vinterhav

torsdag 5. mai 2011

Skogen "min"

Startar forsiktig, roleg på asfaltveg - høyrer den jamne dunkinga av joggeskoa på det harde underlaget - kjenner den kalde vinden som trengjer gjennom ulla, men veit at det ikkje varer ved.

Ikkje så langt - berre eit lite stykke nedover vegen - så over på den knasande grusen og her startar stigninga. Forsiktig oppover i starten - over på gras-stien - kjenner at det blir godt og mjukt å gå - så inn i skogen. Inn i skogen der eg blir omslutta av trea, fuglesongen - koret som stig til uante høgder når eg kjem inn og uroar - der eg er i ly for den sure vinden.

Snart dunkar blodet i årane, blodsmaken, leggane verkjer, pusten går og kroppen vert varm - den sure vinden er som svalande bris. Oppover - oppover - jamnt og trutt - steg for steg - trassar smertene i musklane - pustar og pesar - det er like låkt kvar gong. Og så - endeleg oppe på sletta der stien flatar ut og stega går lettare.

-oppe på sletta- 11

Alt blir straks så mykje betre når stien flatar ut og ein kan gå med lettare steg ei stund. På kryss og tvers - snart bortover - snart nedover - og like fort oppattover.
-variert terreng- 11

Finne ei glenne i skogen - der sola kan sleppe til - der ein kan stogge ei lita stund og lytte. Det følest som om eg er åleine - men eg veit at eg ikkje er det. Eg høyrer livet av fuglane og ser at elgen har vore her på alle små elgperlene.

-langt inni granskauen- 11

Men det einaste eg ser av bevegelse er solstrålane som skin gjennom greiner i tett skog - ny stigning - nye utfordringar.

-lysglimt på stien- 11

Ei opning ut av dette skogsrommet - men det er ikkje denne opninga som er mi i dag - det får bli ein annan dag at eg tek denne vegen ut.

-inngang eller utgang- 11

Tek meg tid til å sjå på alt levande som gror langs med stien - blomster og kløver - firkløverlykka? Stega er lettare no og sinnet er fylt med frisk luft og gode lukter av skog, vår og fridom.

-kløver- 11
 
Vegskillet - det finst mange slike valg å ta - ikkje alle er like lette å få auge på - og det spørst ofte på kva for ei retning ein kjem ifrå. Eg tek mine valg idag som eg gjorde dagane før - ein gong hit og ein gong dit.

- vegskillet -11

Lyden av vårbekken møter meg ved eit vegskille - gå over eller gå langs - må finne ein veg som gir variasjon. Litt oppover - litt bortover og litt nedover.

- vårbekken - 11

Ein dag skal eg ha med kaffi og nistemat hit - heimebaka brød med brunost og godt smør og ein kaffitår - berre tanken på det gjer godt.

- rasteplassen - 11

Til slutt på tide å "gå seg ned" - finne den vegen som går rakt nedover att - ned og til venstre - så vidt synleg når du veit kvar den er - stien...... 

- nedover sti - 11

....som fører over bekken på store steinar og rake vegen ut av den lune gode og trygge skogen - ut og heim til ein velfortjent tekopp.

- frå stein til stein så lett over bekken -  11

Det kjennest godt å vere ferdig med ei naturmedisinykt. Hjertet har fått dundra og banka i lange og korte intervaller - øyra har fått høyre vakker naturmusikk, auga har fått sett vakre naturbilete og tankane har vandra frå motløyse til håp og glede. Motløysa i dei verste bakkane er erstatta med glede over å kjenne at kondisjonen blir betre for kvar dag og håpet om å få lov å gå slike turar mange mange gongar til.

Skogen "min" er ikkje stor - den er avgrensa med vegar og hus på alle sider - så det er ingen fare med å gå seg bort. Skogen "min" er eit einaste virvar av stiar - på kryss og tvers - opp og ned. I dag var eg på farten i 45 minutt - men her kan ein gå i timevis berre ein tek dei rette vala i alle vegkryssa. Skogen "min" er Kalvedriten og eg ser den frå stoveglaset på nordveggen.

jannetove

2 kommentarer:

  1. Så godt med ein slik tur..

    klem

    SvarSlett
  2. Skøn tur og flotte billeder.

    Ønsker dig en dejlig afslappende weekend med gode ture i det fri og hygge indendøre.

    :)

    SvarSlett