Vinterhav

Vinterhav

søndag 11. september 2011

Klirrande pinnar og gode samtalar

Når ein flyttar til ein ny stad
i ein alder av nesten 50 
har ein ei utfordring med å finne seg 
eit nytt nettverk.

Det er liksom ikkje så mange 
som kjem å ringjer på døra og spør om ein vil ut
å "leike"

For eigen del valgte eg strikkekurs 
gjennom Husflidslaget og garnbutikken
Garnboden i Brandbu

Her har eg lært mykje nytt sidan
eg starta der tidleg i 2010
og fått mange nye gode veninner

Men denne oppskrifta har eg fått av Tove
Ein aldeles nydleg BABYSEKK og LUE
til heilt nyfødde


I mangel på modell vart
det julepynten til Siw som vart modell
og jammen vart han fin
nissen i den nye babysekken og lua


Må innrømme at det har blitt brukt ein 
del penger på strikkepinner og garn siste halvanna
året - men vel verdt spør du meg

Etterkvart har det meldt seg eit
behov for å ha litt oversikt over 
strikkepinnane. 
Det har lett for å bli slik at ein 
kjøper garn til eit nytt prosjekt og 
automatisk tek ein med pinnane som høyrer til.

Fekk eit godt råd av ei strikkedame
Zip posar til pinnane
Ein pose til kvar pinnetjukkelse.

Så no er pinnane ordna etter størrelse
og eiga pinneveske er anskaffa.


Så er det berre å huske på
å ha med pinnane når ein har planer om nye prosjekt.


Retteleg praktisk vart det.

Strikkekafeen på onsdagar og torsdagar har
blitt eit av vekas høgdepunkt.

Vi samlast rund langbordet
og sit midt i "snopebutikken" og kosar oss
med kvar sine arbeid
og praten går livleg til strikkepinnar og kaffisuping.


Damene som møtest her er i alle aldrar og med ulik erfaring.
Har ein eit problem med eit prosjekt er
det alltid ei som kan trø støttande til og lære frå seg
lure knep.


Nye møstrer blir studert
mangt eit problem løyst
og ikkje minst mange gode 
trøystande ord 
når nokon opplever vonde eller vanskelege
dagar i livet.

For meg er desse damene veldig 
viktige - kanskje meir viktige enn dei sjølve er klar over
No når livet er inne i ei litt meir spennande fase enn ein 
set pris på - er det blandt anna her eg henta energi og omsorg.

Tusen takk flotte jenter for at de 
er der og for at eg har fristundene ilag med dokke.

Denne veka blir det ikkje strikkekafe på meg
men eg veit at eg er med i tankane dokkars når eg
legg meg under kniven.
...og plutseleg dukkar eg oppatt.

Stor klem til dokke alle -
ha ei flott veke

-jannetove-

12 kommentarer:

  1. Gode venner er gull verdt!! Lykke til Janne Tove! Eg sender 1000 gode tankar!

    Klem

    SvarSlett
  2. Janne, du skriver så flott og du skal vite at du betyr MYE for oss også!
    Jeg kommer til å tenke på deg hele uka, spesielt onsdag.
    Vi sees snart.
    Lykke til!

    SvarSlett
  3. Så koselig dere har det da :)Strikkekafè er ingen dum idè...

    Lykke til med inngrepet.

    Klem fra Kari

    SvarSlett
  4. Zipposer var jo en god idè....mine strikkepinner ligger hulter til bulter og hadde trengt en opprydding. Ser ut som en kjekk og vakker gjeng strikkedamer rundt bordet.

    Lykke til med behandlingen og tvi tvi...xfingrene.

    SvarSlett
  5. Kjære Janne Tove!
    Kjenner deg ikkje på ordentleg, berre igjennom bloggen. Alikevel sit eg med tårer i augene..
    Glad fordi du har fått eit nettverk av flotte damer som støttar deg..
    Og så er vi her for deg vi bloggdamene også..

    Varme gode tankar din veg, tenkjer på deg og ber for deg! klem

    SvarSlett
  6. Hei Janne Tove! Eg vart heilt sett ut av det forrige innlegget ditt. Kjende at eg måtte fordøye det du skreiv før eg sjølv klarte å setje meg ned å skrive til deg... Nokre har fleire prøvelsar enn andre. Du er ei av dei. Eg kjenner at eg er veldig lei meg på dine vegne og at er sint for at livet kan vere så urettferdig. Du må vite at vi alle sender deg varme tankar og at vi kryssar alt vi har for at dette skal gå bra og at du vert heilt frisk. Masse lukke til med alt du skal gjennom.... PS! Du er veldig heldig som har eit nettverk av fantastiske damer rundt deg. Eg likar så godt slike grupper som er godt blanda, både med tanke på alder, interesser og stadier i livet!

    Mange gode klemmar frå gamlegrendi!

    SvarSlett
  7. Hei igjen!

    Gløymte heilt å skrive at det var så kjekt at du har strikka ugleposen "min"!!! Utruleg smart sak, ikkje sant??? Dei er heldige dei som får liggje i ein slik!

    SvarSlett
  8. Så fint med jeres strikkeklub. Jeg kommer til at tænke på kvinder, der samles omkring bålet og taler sammen. Deler sorger og glæder. Den samhørighed er nærmest guddommeligt.

    Jeg ønsker dig en god uge og med tanke på det, du skal, sender jeg de bedste styrkende tanker. Alt godt til dig, gode ven. Klem.

    SvarSlett
  9. Strikking er topp og så er det så hyggelig at det lett kan gjøres sammen med andre og tas med over alt.

    Takk for de hyggelige kommentarene du har lagt igjen på bloggen min. Jeg setter utrolig pris på de.

    Håper du mottar all den styrken og de gode tankene vi sender deg denne uken. Gleder meg til å høre fra deg igjen. Lykke til og klem.

    SvarSlett
  10. Ser kjempekosligt ut må eg si.
    Men eg kan ikkje strikke eg så eg har nok ingenting på ett slikt sted å gjöre vil eg tru.

    Under kniver sier du, hvad i alle dager skal ske nå?
    Håper dokk att hvad det enn er at det går bra.
    Ska tenke på deg.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  11. Hallo... bare suser innom..ikke kan jeg strikke,men det ser veldig koselig ut! Har sendt avgårde en stor bøtte med mot og tro og trygghet til deg! Lykke til :-)

    SvarSlett
  12. Jeg stjeler ideen med Zip-poser med en gang. Hvor får man tak i slike tro???
    Jeg skal på min første strikkekafe' til onsdag. Gleder meg. Så hyggelig det virker på "din" kafe'.

    Jeg tenker på deg i dagene nå,Janne Tove. Dette greier du! Så godt at du er åpen om det som skal skje. Det har jeg tro på.
    Alt godt ønskes for deg og de rundt deg som er glad i deg.

    SvarSlett