Om eg fekk velge - ja så ville eg nok velge den ekte
men det toget har gått
og då er det fint at alternativa slett ikkje er så verst.
No er "han" komen i hus
ja for det må vere ein "han" trur eg
"han" har iallefall lyseblå seng
som "han" skal sove i kvar natt
Men om det no er han pupp eller ho puppa
så spelar det lita rolle
Denne dingsen som har lyseblå seng og
eiga lomme i BH`en min
kjem til å vere ein del av meg framover
og eg er blitt glad i "han" allereie eg:-)
Så utruleg mykje meir behageleg
å vere ven med enn den uformelege vattdotten
som eg fekk i starten.
I tillegg til denne venen her
har eg krav på å få enda ein
heilt gratis endatil
heilt gratis endatil
Hr. Staten seier at kvinner har rett på to puppar
ja to....
.....ein til kvardag og ein til selskap?
Nei ein i reserve heiter det visst
i tilfelle ein blir øydelagt
eller eg misser ein....
Og så er det slik at
dei finst i litt forskjellige variantar
nokon til å ha i lomma i BH`en
andre til å lime rett på huda
....ja og så i mange forskjellige størrelsar då...
...men eg tykkjer det er greit at "han" er omlag
like stor som naboen...
Så heretter er det slutt på
å gå på lavpriskjeder for å få klede til denne
kameraten
Spesialklede må til må vite
med lomme og god støtte
og dei er også å få i alle variantar
både med blonder og utan blonder
heilt ordinære og heilt spesielle
sportsutgåve, til å bade i og til å sole seg i
Så det står ikkje på utvalget...
....og prisen på herlegheitene....
..den treng vi kanskje ikkje prate om
for det er ikkje gratis...
blir mest som å betale for 3 og få ein
Men gode vener fortjener
at ein tek godt vare på dei
så får no prisen berre vere det den er
Ha ein flott dag der ute - det har eg tenkt å ha
Klem jannetove
Vet du, jeg har aldri sett en sånn løspupp. Interessant å se hvordan dette løses. Har både tante og kusiner med brystkreft, men jeg lever ikke så nær dem at det har vært naturlig å spørre om intime detaljer.
SvarSlettSå fint at du er blitt venn med den :)
Takk for at du deler erfaringene dine med oss!
Den vennen er grei å ha. Håper "han" oppfører seg og ikke stikker av eller noe i den duren.
SvarSlettEr det han som skal være vennen, for resten av din tid? Eller får du tilbud om rekonstruksjon senere?
Ha en fin tid med din nye venn.
Gratulerer med ny pupp-jeg synes han ser fin ut!
SvarSlettBra at du orker å se på dette med skjevt blikk.
Du er tøff og positiv,synes jeg.
:-) Har sendt en klem i forveien!
Jeg leser og smiler mens tårene renner!
SvarSlettSå skjønn du er!!:)
Lykke til med puppen og hele deg!!
Håper dagen har vært og forblir GOD!!
Sol i Ørsta i dag ;)
Godt du alt er blitt venn med han.
SvarSlettBåde mor-mor og mamma måtte få ein slik venn.
Og i løpet av dei siste åra har svigerinna mi også fått det. Godt du klare dele dette også med oss andre..
Klem og masse omtanke :-)
Takk og takk for alle gode ord og klemmar som dokke legg att hos meg. Alt blir så mykje enklare når ein kan dele på det som er litt trasigt og vanskeleg.
SvarSlettMormor: - Eg vil nok etterkvart få tilbud om rekonstruksjon og så får eg vurdere då om eg skal gjere det inngrepet. Litt styr å få rekonstruert og - antageleg må det då gjerast inngrep på begge sider - så erfaringa med lauspupp får avgjere kva eg vel å gjere etter kvart.
Du er så flink til å skrive, Janne Tove.
SvarSlettJeg sitter og ler, og nesten gråter. Det griper meg på flere måter.
I dag har jeg vært på Lindex å kjøpt meg en rosa sløyfenål. Den satte jeg på genseren med en gang.
Mange tanker sender jeg hver dag din vei.
Stor klem fra Astrid
Så fint at du blogger om det, Janne Tove. Nydelig lyseblå seng, syns jeg.
SvarSlettMin venninne ble rammet av brystkreft for 2 år siden. Hun kaller sin løspupp for kyllingfileten. Sist hun var i bassenget, skvatt den ut av badedrakta og havnet på bunnen. Selv så hun det komiske i situasjonen, der hun måtte ha hjelp til å dykke for å få den opp fra dypet igjen.
Goood helg ønskes deg.
Elisabeth - hehe den komikken ser også eg heilt klart og kyllingfileten er nok eit passande ord, men eg lurer litt på om min kanskje rett og slett blir kalkunfileten.......haha
SvarSlettEg nytta kyllingfilet som namn på protesen eg skulle ha. Då huda mi endeleg var klar for "prøving" etter strålinga, oppdaga eg raskt at den var meir på storleik som ein kalkunfilet!
SvarSlettEg har senka skuldrane og trekkjer dei kanskje litt bakover no når eg har to igjen!
Uendeleg meir komfortabel enn eg var budd på - den får kroppsvarme og er i konsistens som ein pupp - eg får ein med "lim" ettersendt!
Heilt topp!
Ønsker deg ei riktig god helg :)
SvarSlettKlem fra Kari
Godt at det finnes hjelpemidler. Lykke til med tilvenningen!
SvarSlettJeg ønsker deg en god helg! Klem
Jeg er så imponert over hvordan du tar denne puppen i mot, hvordan du ordlegger deg, og for at du deler dette med oss andre... Midt oppi alvoret, så lyser ironien, energien og livsgleden i mot meg. Stå på, du flinke jente! Jeg ønsker deg en energifylt søndag. Bruk den som best du kan! Klem til deg
SvarSlett