Vårsola lavt over åsen
Strevar med å jage bort natta`s frost
Småfuglen dansar i vårkåt kurtise
Knoppane vaknar til liv under snødekt mark
Bekken tek sine første tonar på vegen mot store hav
Ho vender andletet mot sola og ber om varme
Å kor takksam ho er for våren
Lufta dirrar av hete
Sola varmar ei hungrig jord
Humla suser i åker og eng
Angen av blomster finn vegen inn i sinnet hennar
Fuglane syng og lagar eit storslått kor
Den varme brisen røyver så vidt på blada
Å kor takksama ho er for sommaren
Vinden ruskar i tørt lauv - blada dalar mot jord
Kvelden er mørk og mild – stille
Angen av daudt gras og våt mold
Himmelen er høg og klar – blå blå
Lufta er rein og kald – dei første kvite toppane
Stormen brøler og regnet piskar i kinna
Å kor takksam ho er for hausten
Heile jorda er kvit og stille
Snøen dalar jamnt og dekkjer moder jord
Det einaste ho høyrer er snøen som knirkar under føtene
Verda er rima av frost og trea er vakre kunstverk
Skispora svingar seg på kvite markar
Frostrøyken dannar trolske bilder over ope vatn
Å kor takksam ho er for vinteren
Takksam for livet
Takksam for born og make
Takksam for vener
Takksam for omsorg og gode tankar
Takksam for livets bølgedalar
Takksam for latter og glede
Takksam for berre å vere til stade.
28.03.11 jannetove
ps også ei takk for gode kommentarar på forrige innlegg:-)))
Takk til deg og for denne flotte dikten.
SvarSlettBlir så ödmyk når eg leser den.
Klem.
Dette var godt å lesa! Fullt av positiv energi :)
SvarSlettVakkert dikt! Det er sant, jammen meg godt at me har årstider, Og mye annet å være takknemlig for.
SvarSlettTusen takk for gode ord hos meg.
Våren er ei fin tid å reise på, men me må passe våre får.
Så får me pynte med de fargene me sjøl liker best. Sterke farger er flott, men eg får ikkje til å bruke dei, det er ikkje heilt meg.
Håper du får ei fin helg! Klem,