Ei reise med MS Trollfjord frå Bergen via Kirkenes og tilbake til Bergen har gjort uendeleg stort inntrykk på meg - inntrykk som eg heilt sikkert kjem til å bruke tid på å bearbeide. Men på den måten varer ferien lenger og sakte men sikkert vil heile den fullkomne turen legge seg tilrette i den menneskelege harddisken.
Ei reise i kontrastar
stilla og storm
blått morgonlyst hav
tidleg morgon over stadthavet -11
Grå og våt morgonby
Ålesund tidleg palmesøndag - våt og trist - 11
Speilblank morgonelv
Nidelven Trondheim -11
Roleg kaffikos
Kaffikos ein tidleg morgon på Bakklandet -11
Stemningsfull fyrlykt
på roleg hav
Fyrlykt langs leia -11
Romantiske middagar
Middagskos på fast plass heile turen -11
For meg vart turen eit eventyr - ei reise gjennom fleire årstider - ei reise langs vårt langstrakte land - ei reise i luksus og ei reise for livet.
No kan kvardagen kome for eg har fått påfyll av inntrykk og minner som eg kan leve på i lang tid.
klem jannetove
Så flott at dokke hadde ein fin tur! Vi er heldige her i Noreg.. Vi har liksom mykje av alt når det gjeld natur...
SvarSlettMmmm Kaffi på Bakklandet... lite kan måle seg med det!! :)
ha ein vakker laurdag i kvardagen din! Håpar at du snart sluttar å gynge;)
Klem
Så kjekt å ha deg tilbake, sakna nokon Janne-Tove kommentarar;) Stemningsfulle bilete, så bra at turen var vellukka!!
SvarSlettSå flott ein tur du har hatt..
SvarSlettSkulle stått på kaia i Ålebyen og vinka til deg ;-)
Ha flott maiveke!