MORGONKAV
Ho vaknar brått
Ser seg skremd rundt
Det er morgon
Sveitten driv
Pusten går fort
Strevar med å huske
Det som skulle gjerast
Musklane stivnar
Kva har ho gløymt
Kva er det ho ikkje har fått gjort
Kvar morgon
Same kjensla
Pliktene - alt ho skal rekke
Kjensla av noko ugjort
Kjensla av stress
Vere snar
Kome seg opp
Kome seg i gang
Få unna alt som skulle vore gjort i går
Aldri ein morgon utan denne forbanninga
Pust ut - du er ikkje der lenger
Det er andre tider
Tider med tid for å kvile
Tider med betre tid
Tider utan pliktene
Tider utan stresset
Forbanninga frå tida før
Får nok fylgje ho
jannetove-11
ei grind langs sætrevegen - 09
Flot digt. Du er virkelig flink! :) Det er godt at læse med hos dig.
SvarSlettØnsker dig en dejlig aften. Klem.
Kjempefint dikt, og herlig grind ;)
SvarSlettHa en flott dag.
Klem fra Kari
Jammen har du skrive eit dikt om meg!!! Traff akkurat blink i går iallefall... Har det heldigvis bedre i dag :)
SvarSlettHa ein kjekke kveld!