Vinterhav

Vinterhav

torsdag 23. juni 2011

Sju blomar i skogen - midtsommar

St.Hans aften eller Jonsokafta som
eg alltid har kalla dagen - midtsommar med
lange lyse netter og godt veir.
Kanskje akkurat den tida på året
som vi går å drøymer om
heile hausten, vinteren og våren 
igjennom.

No er den her - lever du ut dagen no?

Eg har starta feiringa med
ein lang og god tur i skauen.
Blomane står i full flor i utkanten
av slåttemarkane eller kornåkrane.
Sola skin innimellom kvite skyer.




Inne i skogen min er det svalt og godt
og kløver og andre blomar gror godt
på den mjuke skogbotnen.


Nokre stader svingar stien seg i utkanten -
langs ei eng og eit gjerde.


Brått dukkar det opp teikn til 
liv på bygda.


Det er tydleg at eg ikkje har skogen for meg sjølv
- men akkurat i dag fekk eg gå åleine.
Sist eg var her var det fullt av leikande born
i dette området.
Den lokale barnehagen brukar denne delen av skogen
flittig - her har dei laga enkle leikeapparat -


- og ein stad å vere om veiret skulle vere 
litt våtare enn i dag.


Trur nok det er mange store 
auge her når "tanta" eller "onkelen" les
frå eventyrbøkene.


Her treng ein kanskje ikkje bok ein gong - 
her kan eventyra levast og leikast.


Når eg går slik i skogen 
går tankane ofte tilbake til min eigen skog - 
skogen som var mitt barndomsrike.
Askjellhaugen heiter den no - ja den
heitte vel kanskje det når eg var lita og - 
men vi kalla det berre ned under granene.

Der leika vi i den vesle skogen
laga store bondegardar av tjuker, kvist og mose.

Ein stad berre for glede den gong - 
no ligg kyrkjegarden på område - 
rart å tenkje på kor glede går hand i hand med sorg.......


Då eg var ung var det viktig 
å gå ut å plukke blomar jonsok kvelden. 
7 forskjellige blomar -
under hovudputa - 
så skulle jenta drøyme søtt om sin tilkomande husbond.

Mykje vatn har runne i elvane sidan 
den gong - 
livet har gjeve både sorg og glede
hand i hand har dei gått gjennom livet.
No i ettermiddagsykta er det fint
å minnast og tenkje på kor mykje flott
ein har fått oppleve - 
og kor godt ein egentleg har det.

God midtsommars kveld der ute - 

jannetove

7 kommentarer:

  1. Ja akkurat slik :)
    Herleg innlegg!

    SvarSlett
  2. Dette var kjek lesing. Man husker bedre når man var lita en no når man blitt vaksen. Hvorfor.
    Sier jonsok eg og.

    Det med glede og sorg som går hand i hand er heilt sant det.
    Det er slik livet er.

    Hå håper eg du og dine får ei flott jonsokfeiring. Her blir det nok stille trur eg. Veit ingen stader dem planleggr jonsokbål på her.
    Så vi feirer hjemme, vi forresten.... gubben jobber fram til over midnatt i kveld.
    Klem fra Digernes.
    Synnöve.

    SvarSlett
  3. Tusen takk for så fine ord og bilete! I kveld skal dottera mi få plukka sin fyrste jonsokbukett:) Ha ein fin kveld du også!!

    SvarSlett
  4. Dejligt indlæg, billeder og ord! :)

    Midsommer er et magisk tidspunkt på året.

    Ha en fin fredag. Klem fra mig.

    SvarSlett
  5. Flotte sommarbilete..

    God helg klem :-)

    SvarSlett
  6. Så mange vakre bilder! Og for et vakkert språk du har. Her vil jeg følge med :)

    SvarSlett
  7. Glemte å si at headerbildet ditt er jo rene hurtigrutebildet! :)

    SvarSlett