Vinterhav

Vinterhav

torsdag 9. februar 2012

Kjempekjøp

Har fortalt ein del her inne om diverse biverknader som naturleg fyl ein cellegiftkur.
Og nokre gongar har eg vel sutra litt og syns synd på meg sjølv.
Det er vel kanskje naturleg - vi er oss sjølve nærast -
og når det står på - er det ikkje alltid like enkelt å sjå positivt på ting.
Det er ikkje lett å vere på cellegiftkur..
...det er knalltøft både fysisk og psykisk.
Men som alt anna går det over etter ei stund.

Eg har også orientert meg rundt om og vore i kontakt med andre i same situasjon, 
og eg veit at eg ikkje på langt nær har vore av dei som har hatt det verst.
No er eg ferdig med cellegiftkuren og kan tenkje framover -
kan få ting litt på avstand og konsentrere meg om å bygge meg oppatt
både fysisk og psykisk før eg tek til på trinn 2 og 3 i etterbehandlinga mi.

I dag har eg vore inne til hjertetest for å få sjekka tilstanden på hjertet før eg 
startar på trinn 2. Det er viktig å vite kor god effekt hjertet mitt har før eg startar med Antistoffet
som skal angripe og ta livet av evt. kreftceller som har vandra ut i kroppen min.
Antistoffet kan nemleg virke inn på hjertet og vere øydeleggande -
og planen er at eg skal sjekkast gjamnleg for å kunne forebygge evt. hjerteproblem.

Trinn 3 - som er ein 5 års lang tablettkur med Antihormon, vil også virke inn på helsa mi.
Dette Antihormonet skal hemme østrogenproduksjonen og dermed senke risikoen for å få tilbakefall. Eg skal kastast inn i overgangsalderen med alt det medfører av "biverknader". 
Eg vil nok merke heitetoktene i langt større grad enn om overgangen kom naturleg
og eg vil ikkje få lov å bruke noko middel for å minske desse plangene. Ikkje ein gong naturmedisin
som inneheld berre soya - oppkonsentrert soya triggar østrogenproduksjonen.
Dette Antistoffet verkar også veldig inn på musklar og ledd og kan gje tildels store smerter.

Så kan eg sutre og gramme meg over kor synd det er i meg - som må leve med desse plagene...

....eller eg kan akseptere dei og lære meg å leve med dei....

....eg vel det siste....det er trass alt alle desse biverknadane som skal syte for at eg 
forblir frisk og ikkje får tilbakefall. Eg har vore klar over dette heile tida - men har liksom ikkje klart
å sjå det så godt - men Kristin med bloggen Dikt for dagen minte meg på det i ein kommentar 
i siste innlegget mitt - Tusen Takk Kristin for at du la att akkurat den kommentaren:-))

No har eg fokus på å lære meg til å leve det livet eg har akkurat no. Eg vel kle med tanke på
at eg kjem til å svinge mellom vulkan og isbre. Ullklede vil nok vere mest i fokus her framover - 
men tekniske trøyer som tørkar fort i sommarvind er nok også ein lur ting.

I går fekk eg dei nye sengekleda mine - laken, pute og dyne i rein ull - sengekle som ikkje skal 
trekkjast med bomullstrekk eller anna sengetrekk - gode mjuke ullklede.
Eg har prøvd dei berre ei natt - og gleda er stor.
Dei verkar akkurat som leverandøren lova.
Eg sov godt - var passe varm og tørr heile natta.

Det blir spennande framover
spennande å gå på leiting etter andre ting som kan gjere kvardagen min lettare.

Klem frå Haugsbakken:-))

8 kommentarer:

  1. Så bra at ULLA funka :-)
    Nå ble jeg kjempeglad PÅ DINE VEGNE!!!
    :-)

    SvarSlett
  2. Så bra at ulla fungerte.....måtte dere få mange gode netter sammen....

    SvarSlett
  3. Du he rette innstillinga, å de hjelpe på so mykje :-) Ull kleda høyrest bra ut - klør det? Kar du fe tak i det?
    Du he no en god framtidsplan med medisin, håpe det gjenge greit å gjennomføre den .-)

    SvarSlett
  4. SO bra at ulla var god. Når det gjeld resten så har du nok fått meir enn mange av oss, å bera på skuldrena. Eg må og sei at du tek det veldig bra på ein forbilledlig måte for å sei det slik. Eg hadde nok vore meir slik " kicking and screaming" er eg redd.
    No håpar eg at alt legg seg til rette for deg og at helso vil nå nye høgder!

    Klem!

    SvarSlett
  5. Du har alldeles ikkje sutra her inne !! tvert i mot.. du e nokka med det mæst positive æ har opplevd når det gjelder å gå gjennom det du har gjort.. og du e mer modig enn du trur : )

    overgangsalder kan være så mangt.. nån får ingen plager.. mens en del av oss får i bøtter og spann :) håper disse ullgreiene vil hjelpe på bølgene..

    ha ei fin helg vennen.. klæm fra mæ

    SvarSlett
  6. Noen sutrekopp har du slett ikke vært. Langt i fra. Glem den biten, takk.
    Så godt at det ser ut til å gå den rette veien med sengetøy i alle fall. Husk bare en ting,(det står sikkert i vedlikeholdsbrosjyren også) ikke heng disse i sollys. Gjerne til lufting men ikke i sollys.
    Så får du bare ha lykke til videre, med din jakt på komfortable klær. Og livet skal leves, helst med maksimum glede. (selv om det er lov å si at dagen har vært blæææh)
    Ha en flott dag.

    SvarSlett
  7. Syns ofte jeg blir oppmuntra av å lese bloggen din. Syns det høres ut som du klarer å takn¨le dine plager veldig godt. MEn det er vel slik med deg som med meg, vi legger ikke ut det aller værste her på bloggen. Høres herlig ut med det ullsengetøyet. Spørs om jeg skulle ha invistert i det. Ikke pga hetetokter, enda, men fordi jeg ofte er kald på natta. Hørte på god morgen norge at idiell temperatur på soverommet var mellom 15-17. Her er det noen ganger nedi 5 når vi legger oss. Orker ikke elsktrisk varme på soverommet. Setter opp døra til stua noen ganger, visst vi rekker å fyre i tv stua om kvelden da.
    I dag må jeg en rask tur til Gjøvik. Klarer sikkert ikke å holde meg unna Plantasjen er jeg redd. Hehe. Blir sikkert en blomst med hjem i dag også.
    Kos deg som best du kan med blomster og andre ting som kan gjøre dagen litt lysere. Tenn et lys og ta en tekopp. Jeg skal snart kose meg med nystekte knekkebrød og en te kopp. Herlig.
    Håper du får ei riktig god helg :)

    SvarSlett
  8. Lykke til på vegen vidare!

    Bra ulla held det den lovar.

    Stor klem med ynskje om god helg :-)

    SvarSlett