Vinterhav

Vinterhav

mandag 11. oktober 2010

God haust....

I dag våkna eg til skodde - tjukk skodde. Det er eit vanleg fenomen her på hadelandet mitt om hausten når det er kaldt og fint veir. Grunnen til det er iflg. kjæresten at Randsfjorden har lagra mykje varme frå sommaren og når det då vert kaldt og klart i lufta dannar den varme fjorden skodde som sig sørover Viggadalen til oss....Det fine er at når fjorden "legg seg" forsvinn skodda - og fjorden legg seg eller frys til ein gang ut i januar.......
Men etter ein kaffikopp og litt nettsurfing oppdaga eg plutselig at sola kom igjennom og skein så fint på trea på andre sida av vegen.

Hausten er tid for elg...den som vi hadde tinga på vart skoten på første jaktdag i lillehammertraktene og i dag var den klar for henting.

For vår del vil vi ha mykje kjøtdeig som vi frys ned i passe porsjonspakkar - det er liksom så greit å ta ut av frysen då - ein pose pr. person. Men det er litt av ein jobb å pakke ned....2 fulle slike kartongar med reint kverna elgkjøt - vi er vel bra heldige

I tillegg til mange ferdig surra steiker blir det ein del stykker med biffkjøt og. Indre og ytrefilet, rundbiff, mørbrad og flatbiff blir delt i passe stykker med tanke på grillsessong.

Det er utruleg vakkert i hagen her no. Alle dei store bjørkene som står som ei ramme rundt terassen her er fulle av knall gule blad og i sola blir dette som gull.

Etter å ha kava ei stund med pakking og frysing av kjøt var det fint at Ingun ba meg med på trimtur før eg kasta meg over middagen. Ruta vi valgde i dag går nordaust oppover lia før den svingar seg sørover eit stykke slik at vi etter ca. 5 km er tilbake til utgangspunktet. Vel oppe alle bakkane blir utsikta litt bedre, pusten litt rolegare og fotomotiva dukkar opp.

Sola står lavt i vest så det er ikkje noko problem å ta bilete av oss båe to på ein gang.

Det gule treet er så vakkert ilag med dei grøne bartrea - om nokre dagar er kanskje alt dette gule og raude borte og vi kan få snø kvar dag som helst. Dette er verkeleg fint turterreng både sommar og vinter.

Det er nok ikkje siste gang eg spurtar denne runda eller ei av dei andre turløypene som er så fine å gå...men no er eg trøtt og mett etter at kjæresten har laga ein god middag med elgkjøtdeig og spagetti - så får vi håpe at naturen viser seg like vakker ein annan dag.

jannetove

søndag 26. september 2010

Haustkos

Denne helga har vore god - god fordi eg har hatt besøk av Helene - god fordi laurdagen og søndagen kom med godt veir og god fordi eg har hatt besøk av tantejentene mine.
For tida held eg på å strikkar tøfler til fam. Bergvik - vintercampingtøfler som dei skal ha på når det vert kaldt på Lygnaseter. Tantejentene ville også strikke så Helene lærte Martine kunsten, og ho starta på eit skjerf av tråd som eg fant i strikkeskapet mitt. Sunniva ville også lære - men det var nok lurast å lære seg fingerhekling først. Ho vart raskt ferdig med eit skjerf som ho kan tulle rundt halsen mange mange ganer.


Helene er litt meir erfaren så ho held på med eit skikkelig storprosjekt - jakke i naturgarn. Blir spennande å sjå denne ferdig.



Det er så godt no når hausten er komen og det er mørkt og kaldt ute - då fyrer vi i ovnen og finn fram tjukkelestane. Men etter kvart kan det nok bli litt vel varmt for ei kjærring i rette alderen - då fyk tjukkelestane veggimellom. Akkurat denne gangen vart dei slengt av og bort i ei krå....bomma berre littegrann og traff murveggen. Artig med tjukkelestekunst på veggen:-))

lørdag 25. september 2010

Heldige meg....

Har besøk av Helene døtta i helga og då vart det ein liten tur til Brandbu for å kikke på litt strikkegarn. Vart ikkje så mykje garn som vart kjøpt - men denne fine koppen havna i posen då Helene forlot butikken......

.....no sit eg her og kosar meg med ein stor kopp te - og det er liksom ikkje tvil om kven som eig denne koppen:-))

Heldige meg.....som har ei snill datter:-))

fredag 17. september 2010

To tova badehette.....

Har ein bror og ei svigerinne som er dei reine badenymfer i nyanskaffa jacuzzi - der har dei vistnok tenkt å tilbringe mykje tid i vinter. Jacuzzien er vel plassert ute på terassen med ei fantastisk utsikt over fjord og fjell så eg sjønar godt at dei trivst i godt varmt vatn der når haust og vinterkulda set inn.
Sjølvom det er varmt og godt i vatnet så vil det nok melde seg eit behov for noko varmt på hovudet - og kva er vel då betre ein ei god tova badehette. Eg tok utfordringa og strikka dei kvar si tova badehette som eg har sendt over fjellet i dag.

Badehetta til venstre er tenkt til Randi - og Stein Ove passar forhåpentleg i badehetta til høgre.
Så no håpar eg dei to turtelduene får ein fin haust i badestampen og her heime sit eg og strikkar badehette til meg sjølv og kjærasten - må jo ha med badehette når vi skal på besøk:-)

jannetove

torsdag 9. september 2010

Det lyser i ballongen

Så lenge eg kan minnast har det eksistert ein gammaldags vin-ballong i mi familie - ei rusten jarnramme rundt ein brun glasballong. Den tida den var i bruk var den isolert med glasull mellom ramma og den store "glasflaska".

Eg minnest godt då far min sette vin på ballongen - ja eg meiner også at han brukte den når han brygga øl.

Men tida går og far min er borte for mange år sidan - og mor mi likeså - men ballongen den har fulgt meg trufast på mi rastlause reise fram til der eg no er. Ei tid lagra i ein mørk kjellar, ei stund som dekorativ pynt i stova mi, ei periode i ein gang før den no har havna med på lasset til Jaren.

Siste tida har han stått ute på trappa her - og både eg og kjæresten har kikka på den - grunda og tenkt på kvar vi skulle plassere den.

Så plutselig fekk gemalen ein lys idè - kva med lys i ballongen. Ein tur på butikken for å kjøpe det som trongst og litt arbeid med å få rigga alt på plass. Og vips så har den kjære vin-ballongen fått eit nytt liv.....


....no kan den lyse opp i mørke kveldar her i stova - eit kjært minne om farne tider og eit lyst håp om mange gode dagar famover.

Takk for ein fantastisk god tanke kjære Bjørn Erik :-))

mandag 6. september 2010

Ikkje så flatt som mange trur.....

Då eg reiste til Hadeland første gangen trudde eg at eg skulle ned på "flate austlandet" - stor var overraskinga difor når eg kom fram og fekk sjå at det slett ikkje var så flatt her som eg hadde trudd. Landskapet her blir også kalla "Nordens Toscana" og det med rette.

I dag kom eg endeleg over dørstokkmila og turen gjekk til Hvalebykampen eller Rånåsen som han og blir kalla. Herifrå ser den ut som ein liten ås der den ligg skogkledd i kveldssola - men når ein studerer kartet så er faktisk denne åsen 771 moh. og hadde den vore på vestlandet ville den nok bli rekna for eit fjell. Jarenvatnet rett nedanfor huset her ligg på 201 moh. så litt høgd blir det altså på fjellet vårt allikavel.


Eg har ikkje tenkt å skryte på meg masse kondisjon og "røle" av at eg er sprek - for nei det er eg altså IKKJE. Men eg har vore på Rånåsen i dag, ikkje så langt og ikkje så høgt, men ganske bratt allikavel - ein flott tur og jammen vart ulltrøya sveitt også.

Bildet over er tatt rett før vi kom til første toppen og her ser vi ned på Randsjøen og sætrane innover Øståsen. Langt borti alle blåner ein stad ligg Gardemoen og rett som det er kjem Widerøe flyet putrande over åsen her på veg mot barndomens fjell og dalar.



Vel framme på toppen blir ein nesten litt skuffa over all granskauen som stengjer for utsynet - men litt ser ein no imellom trea. Bildet er tatt med soom og retninga er mot Granavollen og Søsterkyrkjene. Fremst i bildet skimtar ein så vidt Jarenvatnet og i godt veir ser ein heilt til Gaustatoppen.

Nei absolutt ikkje så flatt som mange trur.....

mandag 30. august 2010

Kvar vart sommaren av.....?

Denne helga måtte vi fyre opp i ovnen - første gang denne sessongen, ja det er litt vemodig. Og så sit eg her då og lurer på kvar det vart av denne sommaren - det syns eg at eg gjer kvar haust.
Då er det fint å kunne bla litt i bilda ein har tatt ved nokre høve - ja så finn ein iallefall ut at sommar har det vore.
Som her når vi var på tur i skauen - her på hadeland er det skog - mykje skog.....

....skog så langt auga rekk å sjå. Her kan ein velge i mange merka løyper både sommar og vinter.

Eller ein kan velge å gå langs dei mange skogsvegane som finst inne på øståsen - ein får nok opp "dampen" sjølvom ein vel vegane.

Ikkje alle vegane er like beine og rette som denne - kan nesten miste motet når ein ser kor langt det er bort til svingen. Men med slikt et koseleg følge vert turen rett så kjekk.

Å så - når ein har godt samvit for at ein har bevega seg nokre meter, er det tid for å kose seg med god mat og godt drikke. Det er tid for å leite fram grill og terassevarmer og lage god mat og god stemning....jammen er det koseleg med lange mørke og milde haustkveldar - når ein få tent i lys rundt om ute og kan krølle seg godt saman under eit teppe og berre nyte stemninga.

Men vi har då ikkje berre skog her rundt om. På Tingelstadhøgda som er området mellom oss på Jaren og Randsfjorden har vi eit flott kulturlandskap. Med åsar og kollar, med dyrka mark, korn og potetåker og innimellom alle stader små vatn og tjønner med vannliljer og fugleliv.

For dei som tek seg tid til å bruke augene litt når ein er på tur kan ein også vere heldige å få auge på ein sommarfugl i vegkanten.....

eller ei åme midt på kongevegen.

Etter mange og fine sommardagar her på austlandet truga hausten med sitt kome - då tok vi likegodt å reiste ein tur nordover for å leite opp enno litt fint veir. Nærare bestemt til Sætermoen i Bardu kommune. Er så heldig å ha ei datter buandes opp i dette flotte riket. Så med lavpris hos Norwegian og gratis overnattig hos Helene - blir ein seinsommartur nordover godt overkommeleg.
4 heile dagar skulle vi unne oss og godt var det for oss at vi fekk låne bil slik at vi fekk komt oss litt rundt for å sjå oss om.
Vi tok turen til Målselvfossen og fekk studert laksetrappene der. Målselvfossen ligg som navnet tilsei i Målselv kommune. Turen vidare den dagen vart ein rundtur oppom Øverbygd/Sjold/Maukstadmoen før vi enda opp nede på E6 igjenn.

Litt artig å sjå område og landskapet der så mange unge soldatar inkl. mi eiga godjente har avtjent verneplikt og plikttjeneste.

Uten mat og drikke - duger helten ikkje, eit gamalt ordtak som absolutt er noko i. Her er Helene i gang med å lage Finnbiffgryte og steikte potet - utruleg godt etter ein lang dag med sol og nye inntrykk.

Når ein først er i dette område må ein unne seg ein tur til "Nordens Paris" nemleg Tromsø. Her vart det besøk både på Rorbua, Ishavskatedralen og Kabelbana med panoramautsikt over kjende landemerke i Tromsø.
Elles vart det tid til å reise både til Harstad, Narvik og Finsnes - om ikkje med anna ærend enn å kjøpe ein kaffi og eit kakestykke. Ei omvising i leiren med tilhøyrande lunch vart det og tid til - for ikkje å snakke om å få vere med i "øltimen" på fredagen.

Så når eg no har fått gått gjennom litt av det eg har opplevd berre siste månaden - jau så veit eg jo at eg har hatt sommar og at hausten berre kan kome.
Eg skal nok leite fram kosen sjølvom været ikkje lenger er like varmt og sommarleg som for nokre veker sidan.
Ser fram til peiskos - ein stor tekopp og ei god bok - under eit slumreteppe i godstolen.
Kvar årstid sin sjarm - og eg takkar for at eg fekk lov å leve denne sommaren også:-)