Vinterhav

Vinterhav

fredag 15. januar 2010


Etter å ha lese Møre Nytt og vore inne på forskjellige sider på internett kan eg ikkje unngå å legge merke til at det er starta ein stor aksjon for å berge sjukehuset i Volda. Det er vel fyrst og fremst akuttsjukehuset dei stridest om, men ein fryktar at forsvinn denne så vil andre funksjonar også bli borte etter kvart.
Dette får meg til å grøsse berre ved tanken. Eg har vakse opp i Ørsta og budd der omlag heile livet, og sjukehuset har alltid vore der. Det har vore ei tryggheit når nokon i mi familie har vorte sjuke og trengt hjelp. Det har vore der for meg både når det gjeld fødslar, operasjonar og når far min var sjuk og levde sine siste dagar der i 4. etg.

Men det som står sterkast i minne er at vi hadde Volda Sjukehus då min no avdøde Bjørn Malvin fekk kreft og måtte ha omfattande hjelp frå profesjonelle. Det var på Volda sjukehus vi fekk diagnosen og takk og lov at det var så kort veg heim den dagen. Når verda fall i grus og livet stoppa opp var det uendeleg godt å ha berre ei mil å køyre for å kome heim. Eg er usikker på om vi hadde klart turen i bil frå Åse og heimatt den fredags ettermiddagen.

Seinare vart det undersøkingar og operasjon både på Åse, St.Olav, Riskhospitalet og Radiumhospitalet. Dette var utruleg trøttande turar å ta når forma og psyken på ingen måte var i ballanse. Med det skal dei ha - alle dei som er på dei store sjukehusa - dei er flotte menneske alle som ein. Men ingen ting var som å kome på sjukehuset i Volda...det var som å kome heimatt til sine.

Gleda var derfor stor då vi fekk vite at Bjørn Malvin kunne få cellegift på kreftpoliklinikken i Volda - vi kunne vere heime i vår eiga seng kvar natt og det var berre nokre timar han var nøydd å tilbringe på sjukehuset. Dei dagane vi skulle ta cellegift kunne vi ha god tid om morgonen, ete ein god frukost og førebu oss i fred og ro på den belastninga kroppen skulle igjennom. Vel framme på kreftpol. møtte vi stort sett dei same pleiarane og legane kvar gang - dei vart på ein måte familien vår i denne uendeleg tunge stunda. I tillegg møtte vi ofte dei same pasientane også frå gang til gang - folk i same situasjon som kunne vere med å halde oss oppe og som vi kunne vere med å løfte med god galgenhumor og gode samtalar. Og sist men ikkje minst - når kuren var over og smerter og kvalme var uuthaldeleg - så var det berre ei mil heimatt til si eiga stove og sin eigen sofa. Tenk om vi skulle køyrd heile vegen frå Åse - det hadde gjort behandlinga så uendeleg mykje tyngre.

Etter kvart som behandlinga skreid fram vart det klart for oss at dette nok gjekk feil veg og etter kvart vart det smertelindring som gjaldt. Eg har ikkje tal på kor mange gangar vi reiste ein tur til Volda og fekk lagt oss inn på eit rom som kreftpol. disponerte slik at smertedosene kunne aukast og profesjonelle kunne ta hand om oss. Der hadde vi raskt tilgang til både lege, sjukepleiar, prest og fysioterapeut - ei fantastisk tryggheit i eit kjent miljø når børa vart for tung å bere åleine. Og så var det ikkje lengre vegen enn at eg som pårørande kunne stikke heimom å hente det som trengdest av "private" ting, ta med familie på besøk eller rett og slett sove og koble ut nokre timar. Tenk om eg hadde måtta reist frå Åse kvar gang eg hadde behov for å kome heimom ein tur.

Etter kvart som sjukdomen tok meir og meir overhand vart det veldig viktig å kunne få vere heime i sitt kjende miljø - og for oss var det viktig at livet skulle ende heime i så vante omgjevnader som mulig. Dette er det fullt muleg å få til med litt planlegging i eit samarbeid med heimebasert omsorg, hjelpemiddelsentralen, sjukehuset og familie. Alle desse profesjonane er fantastisk flinke til å hjelpe til og tilrettelegge for at den døyande skal få ei så verdig avslutning som mulig. Men om ein vel å vere heime siste tida vil det uansett falle mykje på dei næraste pårørande og usikkerheita og redselen for det som skal skje kjem etter kvart sigande innover ein anten ein vil det eller ikkje. Då er det at det er så utuleg godt å vite at om ein må ha hjelp så finst den berre ei mil unna.

Eg vil tore påstanden om at om ikkje Volda Sjukehus hadde vore så nær i julidagane -09 så hadde vi ikkje kunna oppfylt Bjørn Malvin sitt ynskje om å få døy heime. Vi hadde heilt sikkert ikkje fått ansatte frå Åse til å kome heim til oss å hjelpe til med nødvendig avansert sjukepleie ein av dei siste dagane. Vi hadde heller ikkje fått tilgang til naudsynt utstyr til smertelindring siste døgnet. Då hadde alternativet vore at vi hadde måtta tilkalla ambulanse og reist den lange vegen til Åse ein søndagsettermiddag, og kven veit - kanskje livet då hadde slutta ein stad uti Vartdalstranda......

Så går tankane mine til alle dei som vel å tilbringe sine siste dagar på sjukehus, det er trygt og godt og der kan ein få den hjelp ein treng til ei kvar tid. Eg trur ikkje det er så stor forskjell på å vere på sjukehus i Volda eller på Åse når det gjeld sjølve behandlinga. Det som imidlertid er ein utruleg stor forskjell er reisetida for alle pårørande som gjerne vil vere tilstade og gjerne byttar på å sitte ved den døyande si seng. Det er ei kjennsgjerning at når ein ligg for døden så er det ingen som veit når livet ebbar ut og dette er ei stor påkjenning for dei som er i ferd med å misse den dei er glad i. Ein blir veldig fokusert på at ein vil vere tilstade så mykje som mulig og iallefall når døden inntreff, men samtidig har ein eit visst behov for å ta vare også på seg sjølv i denne fasen. Nærheit til heim, familie og venner er derfor av avgjerande betydning, samtidig som ein vil kunne stille opp med ein gang om tilstanden forverrar seg.
....Tenk om du fekk bodskap om at no må du kome med ein gang....og så måtte du reise heile vegen til Ålesund...

LA SJUKEHUSET I VOLDA BESTÅ MED ALLE DEI FUNKSJONANE DET HAR I DAG!!

4 kommentarer:

  1. Hei Janne Tove!
    Ja, hadde berre dei som styrte med dette teke omsyn til det medmenneskelige og ikkje berre økonomien, men slik er det desverre alle plassar i sjukehusnorge ser det ut til, spare, spare, spare....

    Henny

    SvarSlett
  2. Godt skive,Janne Tove!
    Er so einig med deg..
    Tenkjer også på akkuttfunksjonen..tenk på ein som får hjartestans.eller hjerneblødning..eller.eller..
    Helikopter til Åse?..viss vere tillet det,eller helikopteret ikkje er på anna oppdrag akkurat då..!?!
    Når slike ting skjer,er det snakk om minutt for å redde liv!

    Kristin Bj.

    SvarSlett
  3. Akuttsituasjonen er vel så viktig, men eg føler at mange har tala for den. Tenkte det kunne vere litt artig å vinkle det litt utifrå mi erfaring. Har sendt det til møre-nytt så får me sjå om dei teke det inn.

    SvarSlett
  4. Flott:)
    Det håpar eg verkeleg at dei gjere!!

    God helg til deg!
    Klem Kristin Bj

    SvarSlett