Vinterhav

Vinterhav

torsdag 7. januar 2010

Kvardagens gleder


Set meg tungt ned på stolen her ved PCèn, rygg og musklar verker og svetten kjennest klam under ullskjorta. Frå høgtalarane fyller store tonar frå The Priest rommet og sola er i ferd med å gå bak åskammen over søsterkyrkjene i sørvest. Heile huset er oppvarma av god vedfyring og det luktar litt stramt av salmiakk. Golva skin nyvaska og fine her eg sit og tenkjer på at eg har greidd det denne gangen også. Eg har kome over både stove, kjøkken og gang med vaskefilla. Sjølvom kroppen min no verkjer og seier klart og tydeleg ifrå om at slike utskeielser ikkje er bra for stive musklar og ledd, har eg ein god følelse. Sjølvom å vaske er noko av det verste eg veit, så er eg glad for at eg er så pass frisk og førleg at eg kan gjere denne jobben sjølv.

3 kommentarer:

  1. Hei:) Hjelp kor tida flyg, det oppdaga ej verkeleg no!! Kor flotte dikt du skrive, Janne Tove.
    Klem

    SvarSlett
  2. Kjente meg veldig godt igjen i det du skriv. Må ofte tvinge meg sjølv til å begynne, men du verda kor godt det er når eg er ferdig.

    Ha ei god helg i nyvaska hus:)

    SvarSlett