Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 5. januar 2010

Syting og klaging

No blir eg litt irritert og det er slett ikkje bra verken for kropp eller sjel....Men det er vel slik at vi menneske må ha noko å syte å klage over viss ikkje er vi antagelig ikkje friske.

Eg registrerer at det er mange som har sytt og klaga over at det har kome så mykje snø i det siste og at vegane er så dårleg brøytt.
Når eg prøver å huske nokre veker tilbake så var det ganske mange som ivrig fortalde kor mange sortar med kake som var i boks, julegåvene var ferdige og at dei gledde seg til jul...jau då var det berre julesnøen som mangla.

Så kom då endeleg denne etterlengta snøen, sola snudde og det vart lyst og fint ute. Klarveir og kaldt var det også. Berre heilt fantastisk spør du meg. Ein naturlig konsekvens av den fine snøen og det flotte veret var at vi måtte finne fram snøskuffa eller for dei heldige snøfresen.

Så etter at vi hadde fått skufla eller fresa vekk snøen for eiga trapp kunne vi sette oss godt til rette og kaste innpå god mat og julekaker, vel vitande om vi hadde brendt bort nokre kaloriar med heile snømokinga. Så oppdagar vi brått litt ut på kvelden at vi skulle hatt litt meir mat eller drikke og tenkjer at vi tek oss ein tur på "buda". Ja for "buda" den er open til langt på kveld sjølv om det er romjul og ferietid for mange.

Men kva oppdagar vi då? Jau dei slaskane som skulle rydde vegen vår har ikkje vore der og det ligg haugar med snø i vegbana...ikkje berre den snøen som har kome ovanfrå men også mange plasser den snøen som folk har forflytta frå eiga trapp til vegen.

Så er vi igang att...klagar og syt over at det ikkje er brøytt på vegen vår, det var enda godt at den ikkje var brøytt slik at vi fekk noko å syte over...Heldigvis har vi gode dekk på bilen og med litt planlegging av reiserute kjem vi oss på butikken og får handla alle dei varene som vi manglar og som er så livsviktige for at vi skal kunne sitte i sofaen og kose oss resten av kvelden. Jammen er vi heldige som har ei varm stove og ein god sofa og masse julemat....

Men kva med dei som ikkje sit i sofaen sin og et julemat - kva bedriv dei kvelden med??

Jau desse menneska er ute å brøyter vegen over heile kommunen. For det er nemleg ikkje slik at alle vegar har sin eigen brøytebil. Viss vi tenkjer godt etter så er det heilt utruleg mange vegar i kommunen som skal haldast opne. I tillegg står det ofte plassert bilar i vegen slik at brøytinga tek mykje leger tid. Jammen glad eg ikkje er ansatt for å brøyte vegane i kommunen...

Så er det slik at også eg sytte og klaga over all snøen som kom og at vegane var dårleg brøytte, elles ville eg vel ikkje vere frisk. Men når eg no har fått tenkt meg om etter å ha hatt ei kjempefin jul med varmt hus, julemat og god sofa så kjem det meg i hug at vi kanskje burde sende ei takk til alle som ikkje har hatt ei like roleg jul som oss....

Takk til alle som har:
-Arbeidd med snøbrøyting av vegane
-Stelt våre eldre og pleietrengande
-Dei som har har halde sjukehusa operative
-Dei som har sytt for at vi har hatt fersk mjølk og ferskt brød i jula
-Dei som har halde butikkane opne
-Dei som har laga tv og radio slik at vi har hatt noko å fordrive tida med
-Naboen min som har handmåka innkøyrsla til 2 gamle naboar i tilegg til si eiga
-Helene jenta mi som handmåka verandaen 2 ganger
-Sondre og Carina som passar på å måke bort snøen på båten min
-Alle dei som av ein eller annan grunn har måtta jobbe medan eg har hatt ei god jul....

TAKK!!

5 kommentarer:

  1. Så sant som det er sagt!

    :-) fra Camilla

    SvarSlett
  2. Så eni så eni!! :)

    SvarSlett
  3. Veit du Janne Tove du e kjempegode og klok. Er så enig med deg i det du skriv :-)

    Stor klem fra Lise

    SvarSlett
  4. Kjære Janne Tove!

    Fyrst og fremst: så utruleg bra at eg fann bloggen din! Såg du hadde lagt deg til som følgar på min blogg, og klikka meg difor inn og fann din!

    Og så: TUSEN takk for alt du skriv om desse "slaskete" brøytarane. Mannen min brøyter for Mesta (gangvegar og inn/utkøyrsler), og på det verste jobba han i tre døgn (!!!!) utan å sove eller ete. Kven takkar han for det????? Ingen!!!! Som du skriv, det er så lett å syte og klage! Tusen takk for at du er talerøyr for denne yrkesgruppa, og alle dei andre du listar opp.

    Til slutt: Det er litt rart, men før jul tenkte eg utruleg mykje på deg.... Eg kjenner deg ikkje personleg, men tankane mine har vore hos deg heilt sidan du mista din kjære. Det er alltid slik når desse familieorienterte høgtidene kjem, at tankane mine er hos dei som skal feire jul utan sine kjære rundt seg. Dei som saknar og gret, eller som stirer tomt ut i lufta og ikkje finn meining i noko. Hadde faktisk tenkt å søke opp mobilnr. ditt og sende deg ein sms, men gjorde det ikkje. Frykta vel at du ikkje skulle vite kven eg var, eller at du kanskje ikkje sette pris på å få slike meldingar. Men du skal vite at eg har tenkt mykje på deg... Eg snakka mykje med din kjære "før i verda", då eg jobba på Kinokroa. Han sat mykje der på børs, og eg sette alltid pris på selskapet!

    No legg eg deg til i blogglista mi, slik at eg ser når du postar nye innlegg!

    Takk og lov at du har laga deg blogg og deler tankane dine med oss! Og takk og lov for at eg fann deg!!!

    Varme klemmar frå meg

    PS! Dersom du synest at denne kommentaren vart for personleg, trur eg du kan gå inn og slette den.

    SvarSlett
  5. Fint at du set pris på innlegget mitt Tove. Såg ein status på facebook der nokon klaga over brøytinga og då kjende eg berre kor eg kokte over og måtte få det ned på papiret.
    Tenk om vi menneske kunne feie litt for eiga dør før vi tek fatt på andre si. Ei av forutsetningane for at verda skal bli betre å leve er at vi må kunne repektere kvarandre og det arbeidet vi gjer.
    Elles syns eg kommentaren din er personleg og fin - takkar for den og for alle tankane du har sendt meg.

    Klem Janne Tove

    SvarSlett