Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 5. januar 2010

Tankespinn i natta

Det er stille og mørkt, det einaste lyset på stova er skinet frå omnen som durar og gjev frå seg ein lun god varme. Ute er det godt og vel 23 minusgrader og det kryp sakte men sikkert nedover. Eg sit her åleine, får ikkje sove i kveld - sov vel litt vel lenge i dagmorgon antageleg.
Når eg sit slik og har heile verda for meg sjølv kan eg tillate meg å la tankane fare, eg kan senke skuldrane og kjenne at eg dreg pusten heilt ned i magen. Eg har det jammen godt her eg sit - trygt, varmt og roleg.
Eg kan spinne tankane tilbake til barndomen - tenke på kor heldig eg var som hadde mor og far og syskjen som brydde seg om meg og som eg brydde meg om. Syns eg kjenner kor far min strauk meg over håret - igjen og igjen - det var hans måte å vise meg at han var glad i meg. Eg kan huske mor mi som alltid var der - som laga verdens beste sosekjøt og smurde nistepakka mi kvar einaste dag - det var hennar måte å vise meg at ho var glad i meg. Det er mange år sidan dei to vart borte no, men minna lever og gjer at eg kan smile for meg sjølv her eg sit.
Så går tankane vidare til skuletida og tenåra, ei fin sorglaus tid var det sjølvom eg innimellom hadde kjærleiks-sorg og spegelen oftast var trasig å sjå i. Eg hadde mange flotte veninner som eg kunne dele gleder og sorger med og som viste meg at dei også brydde seg om meg. Desse veninnene er der framleis sjølvom eg ikkje har like stor omgang med dei no som før.
Så kom tida med mann, hus og barn. Eg kan hugse og minnast den tida med stor glede - men det var også bekymringar. Best av alt var då barna kom til verden. Dei fyrste åra deira og heile oppveksten - eit jag med tidsklemme, men mest av alt glede. No er barna voksne og klarar seg sjøl - flotte ungar som eg er veldig stolt av og som gjev meg mykje glede.
Eg spinn vidare i tankane og tenkjer at eg har opplevd mykje både på godt og vondt. Som januarkvelden for 2 år sidan då kreften slo ned i heimen som ei bombe - alle tårene og fortvilinga som fulgte den kampen. Inn og ut av sjukehus - cellegift og oppkast - latter og glede over gode beskjedar - avløyst av botnlaus fortviling då vi sjøna at det ikkje var bøtevon.
Det er 6 månader sidan han vart borte no i natt - kanskje er det derfor eg ikkje får sove i natt....6 månader sidan vi klemde kvarandre adjø - når eg tenkjer etter kjennest det som om det var igår samstundes som det kjennest ut som om det er eit heil liv sidan.
Her eg sit i mørket med peisvarmen som einaste lys, kjenner eg at livet kan vere nådelaust og hardt. Men eg må tenkje på at det er ikkje berre eg som opplever slike ting - det er ikkje berre eg som gret ved ei grav - det er så uendeleg mange som opplever å misse sine kjære, det vere seg barn, foreldre, ektefeller eller andre som står dei nær.
Så går tankane mine vidare på sin veg og eg kjenner at eg er glad for at kan klare å vri tanken vidare i positiv lei. Eg er glad for at eg evnar å vere takknemlig for den tida vi trass alt fekk - at eg kan sjå tilbake på den tida med eit smil - at eg kan gå vidare i livet utan å bere nag. Eg har så utruleg mykje å glede meg over i livet. Eg har snille gode barn, eg har ein fantastisk venn som kan støtte meg når eg treng det og eg har venner som har vist meg at dei bryr seg om meg.
Vist har eg opplevd mykje både på godt og vondt, men no i ettertid kan eg tenkje at eg hadde ikkje villa vore det foruten. Det er alle desse opplevingane som har gjort at eg er blitt den eg er og at eg kan fokusere på at livet er for kort til at vi skal skusle det bort.
Alt dette er mitt liv - det eg har fått i gåve - det er dette eg må ta vare på og syte for å leve.

4 kommentarer:

  1. Godt skrive Janne T!:-)
    ..ja livet må levast no.."ingen kjenner dagen,før solen går ned"..!

    Klem Kristin!

    SvarSlett
  2. Ingrid
    Er så imponert over kor fint du skrive, håper vi sjåast om ikkje så lenge :)

    SvarSlett
  3. Hei! Fann bloggen din hos Tove og vil gjerne følge den. Håper det er greit eg legg deg i lista mi?

    Ha ein fin vinterdag!

    Mvh Heidi-Line

    SvarSlett
  4. Verså god Heidi-Line

    Fint at folk vil følge med i bloggen min. Bare et spørsmål...er du Heidi-Line som var så ofte å sjå i heimen min i juli 09??

    SvarSlett