Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 12. oktober 2010

Ting som varmar ein haustfrosen skrott.

Vakkert og dekorativt kan det vere - ei halvslitt brødfjøl med friske grønnsaker og rotfrukter - det er iallefall eit fint bilete på hausten. Og ja no er det ugjenkallelig slutt - frosten er komen rundt husnova og nattekylda dreg skodda opp frå sjøen og hyllar oss alle inn i mjuk kvit skodde.

Då kan det vere godt å ha noko verkeleg varmt og godt å varme seg på. Litt av grønsakene, eit par stykke fårebog og suppekjøt frå elg - alt blanda med god kraft. Brennsnut som vi kallar det på Sunnmøre - nydleg godt med flatbrød til.
I det kjæresten kjem snusande inn på kjøkenet får eg vite at fersksuppe med klot er eit av dei gode minna han har frå barndommen og mor....Klot???....Fersksuppe med klot...
Ja kva i alle dager er det for noko...Atter ein gang spelar dialektane og kulturforskjellen oss eit artig puss.

Her har du fersksuppe med klot servert akkurat slik det skal vere - nesten like god som den mor Otta laga. Kloten eller mjølbollane som det heiter i mitt hovud kunna sikkert ha hatt litt meir mjøl i seg slik at dei vart litt meir fyldige. Men eg må sei at mine luftige mjølbollar vart heilt akkurat slik eg syns dei skulle vere...

Å gå gjennom vinteren her på Hadelandet mitt er heilt utenkjeleg uten vottar - og her som alle andre stadar rundt om har mødrene før oss utarbeidd sine eigne oppskrifter - så også med Hadelandsvotten.
Første gangen eg vart presentert for denne votten tenkte eg at den der klarar nok ikkje eg å strikke. Så på kurset i vinter strikka eg mine eigne enkle ting medan dei meir erfarne strikkarane lærte kunsten å forme Hadelandsvotten.

Det spesielle med denne votten er tommelkila som er auka ut på ein spesiell måte - ja og så dette stripemønsteret som skal vere med i aukinga og fellinga. I tillegg er den dobble mansjetten strikka frå innsida og strikka saman før stripene startar.

For to veker sidan vart det starta eit nytt kurs i Hadelandsvott på strikkekafèn i Brandbu og eg stillte med pinnar, garn og ei super positiv innstilling....
....og her syner eg stolt fram det ferdige resultatet - ikkje alle masker like fine og litt uryddig auking på første kila - men jammen meg gjekk det mykje bedre enn eg hadde trudd.

Eg har igrunnen i alle år tenkt at handarbeid er nok ikkje noko særleg for meg og strikking absolutt ikkje sidan det er så tidkrevjande. Men du verden kor kjekt det har vore å arbeidd med desse vottane - kor kjekt det har vore å funne ut at med tolmod så får eg til ting. Sjøl med min kranglete kropp er det muleg å få til ting og på neste strikkekafè - jau då skal vi lære oss flettestrikk - skal tru om eg får dreisen på det og? Det hadde vore noko det:-)

jannetove

3 kommentarer:

  1. Åh...mat...hekje ete sida før tannlegen...dinna brennsnuten der såg fantastisk god ut!!

    Å dissa vottane va no berre kjempefine då! Sånne he no ej lyst på ;)
    Tenkje flettestrikk gjenge veldig veldig bra ej. Du he no talent for strikk :) Lykke til Janne Tove, og kos dej i haustkylda med gode votta å fyr i ovnen :)

    SvarSlett
  2. Brennsnut sier me heime i Sunnhordland og.! Husker eg likte så godt mjølboller når eg var liten. Åssen lager du dei? Er det bare mjøl og vaten, og så putte dei i den kokende gryta? Har aldri laget sånne sjøl.

    Nydelige votter! Så flink du er som får de til!

    Ha ein fin dag! Klem,

    SvarSlett
  3. Tusen takk for oppskrifta, skal jammen prøve å lage melboller.

    Ønsker deg ei fin helg! Klem,

    SvarSlett