Vinterhav

Vinterhav

søndag 9. januar 2011

Glad for vinteren

Eg har liksom aldri heilt vore eit vintermenneske - syns alt er så mykje enklare og bedre når det er tørre vegar, god temperatur og gardina flagrar i vinden. Men når ein får slikt ei flott vinterveir så må endatil eg innrømme at det er vakkert.
Første juledag hadde vi eit nydleg veir og kjæresten og julejestane Johan og bikkja leda an på tur i bakkane her. Fint å få trimma bort litt julemat før nyttårshelga sette inn...

Jula var knapt ferdig før nye etargilde venta - og i år - nei i fjor meinar eg - var eg så heldig å få pinnekjøt hos syster mi på nyårsafta. Det var utruleg godt å kome til dekka bord - nesten som å kome heim til mor for mange år sidan medan ho enno levde...

Etterpå var det berre å ta fatt på oppvasken.....og jammen slapp eg lett unna den og.

Når nyåret er eit faktum og alle andre har satt seg sine fortsett - er det greit å vite at eg ikkje har satt meg eit einaste eitt. Eg kan slappe av i sofaen, ete bollar og gjere akkurat det eg vil uten å bryte eit einaste løfte.

Det har vore litt nedbør her rundt om i det siste og kaldt som det har vore så har det blitt litt snø her og. Men her ein dag letta det opp og vi tok oss ei ykt med snøfresing og avpynting av jula ute. Godt å vere godt kledd i kulda og til det arbeidet ein skal gjere.....

Når snøbyga lettar og ein får auge på litt blå himmel og ser at sola framleis går på himmelen - får ein liksom med ein gang eit løfte om vår....

Men våren er nok langt unna sjølv om ein kan få eit streif innimellom - og midt i alt dette grå/kvite vert sjølv tagginga på vegundergangen ein fin fargeklatt...

I dag var det gråveir når vi vakna og det hadde kome ein god del snø i løpet av siste par døgna. Bjørn Erik fekk trimma seg med å gå etter snøfresen ein times tid og eg tok meg ein tur vegalangs for å få bevega meg litt. Ikkje fritt for at det er litt pes å gå tur i tunge marsjstøvler og vinterdress på dårleg brøytte vegar - men så får vi det att når vi kan trippe i sommarsko - om nokre månader. Runda eg gjekk i dag byr på ein del fine motiv så fotoapparatet låg trygt i lomma og etter nokre bakkar og ei flate openbera dette flotte bildet seg. Ingen kan vere i tvil om at vinteren er flott....

....og viss ein let at augene så kan ei sjå føre seg at til sommaren vil det gå buskap på beite bak dette gjerdet.

På løypas øverste punkt kjennest det som om eg er på toppen av verda - iallefall på toppen Hadelandsverda....

Utsikta er det ingen ting å seie på - det islagde Jarenvatnet i botnen av Viggadalen og i vest Tingelstadhøgda og bakom der ligg Randsfjorden.

Endatil i grått vinterveir er det fint her på Hadelandet mitt - Å tenk så heldige vi er som har denne lange vinteren - så set vi ekstra stor pris på våren og sommaren når den kjem.
Vi får ta vare på dagane vi får - klem jannetove

3 kommentarer:

  1. Flott stykke og flotte bileter, Janne Tove!!! Og eg støttar det du seier på slutten; la oss ta vare på dei dagane vi får!

    God søndag til deg!

    SvarSlett
  2. Kloke ord..
    Oss får sette pris på dagane..
    Og når vinteren er lang har vi endå meir å glede oss over når våren kjem..

    Søndagsklem :-)

    SvarSlett
  3. Hei du. Så hyggelig meg helsing frå tausa framma gåtelede(he he. Det er så herlig med dissa gamle namna:)).Verda blir så lita i bloggverda. Er det i trøndermarka du held til du?

    SvarSlett