Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 15. mars 2011

Flyplassar og snømenn

Har hatt ein fin tur nordover for å besøke Helene på Setermoen - vi har kosa oss med god mat og sludra og prata og strikka litt innimellom - berre hatt mor/datter tid.

Då eg kom til Bardufoss før helga var det ein journalist i sving der for å intervjue folk om kva dei tykte om det nye navnet til flyplassen i Bardufoss....eg trudde dama hadde fått hjerneskaking...."Kva tykkjer du om at flyplassen skal heite Snowman Internasjonal Airport???


Det er ikkje tull ein gang og dama ho er sikkert heilt god i hovudet ho....Det var kome opp mange flagg rundt om og ho kunne fortelje at det skal vere ein lang AP trønder der å stå føre den offisielle opninga ein av dagane...

Og på veggen rett utanfor avgangshallen har dei mala heile den store snømannen på veggen...ikkje akkurat ein liten snømann heller...


Eg likar godt å flyge - spesiellt i slikt fint veir som det var i dag - fekk sett mykje av kysten på tur sørover. Her har eg fanga opp Harstad/Narvik lufthavn på Evenes.


Og dette meiner eg er Vega øya lengst ut og så Ylvingen til høgre og Brønnøy lenger mot venstre - ikkje akkurat det beste bildet men frå flyruta såg eg det fole klart.

Vel framme på Gardemoen vart det eit par timar å vente på flybussen over til Hadeland - ikkje akkurat nokon ynskjesituasjon - men men eg fekk no berre smørje meg med tolmod. Eg sette meg ned ved døra der alle som kjem frå utlandet kjem ut - å du verden kor mykje forsjellige folk som kjem til landet vårt.

Der var verdensvante foretningsfolk med 1001 natt sko, stivpynta damer med hælar høge som stylter og forvirra åleinereisande antageleg på tur til Norge for første gang. Å så plutseleg kom det eit syklubbfylgje - ein vennegjeng som sikkert hadde vore i Krakov på langhelg - damene hadde nok hatt det morosamt. Artig å oppdage lettelsen i augo til dei som antageleg hadde litt for mykje taxfreevarer i sekken og løye å sjå kor mange posar med godteri enkelte hadde med heim.

Å sitte slik i fred og ro og berre sjå og studere alle folka som kjem forventningsfulle ut av tollen set igang tankane. Å sitte slik å fundere på kvar alle folka skal, kvar dei har vore og berre observere er uhyre underhaldande. Best av alt er vel kanskje å sjå gleda når mor og far kjem på besøk til sonen som sikkert arbeider i Norge, eller når kjærasten kjem att frå eit langt utanlandsbesøk.

Eg sat der i knappe to timar - det føltest som om det var berre ei lita stund - kunne sikkert ha vore der enno lenger, men bussen min kom og eg måtte ta fatt på mi siste etappe på reisa heim til Hadeland.

Men absolutt ein fin måte å bruke ventetida på

2 kommentarer:

  1. Så flott du fekk lufta deg litt!

    Snowman? Dei no bruke NORSK i Noreg!!

    Ja, det er rart å berre vente- ser andre på ein spesiell måte då ;-)

    Nattaklem

    SvarSlett
  2. Trur eg kunne site leeeeenge slik du sat. Eg syns også at det er så spennade å sjå på dei ulike menneska... Tenke ut kven dei er og kva relasjon dei har til dei andre... :) Eit heilt studium:)

    Bra du hadde ein fin tur.. vi bur i eit nyyydeleg land!

    Ha ein fin fredag

    SvarSlett