Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 8. mars 2011

På leit etter våren...

No trur eg han er her - iallefall nesten. Eg gjekk meg ein liten tur før i dag - berre for å sjå om eg fant han. Isen er borte på Vigga og vatnet renn roleg på sin veg mot Randsfjorden - skal berre ein tur innom Brandbu først.


Trappa heime er isfri og snøen rundt storbjørka er nesten borte.


Vinden og veiret har slite bra i denne i vinter.....spørst om den skal få fri - berre snøen tinar slik at eg kjem meg bort åt å få løyst ho frå trea.


Fastlavnsriset som eg kjøpte forrige helg har fått stå inne i varmen i over ei veke - og no sprett dei irrgrøne blada og buketten er full av lysegrøne museøyrer...

På turen i dag var det ein fantastisk fuglesong - det verka som om alle desse små var i full gang med kurtise og førebuingar til våre - så jau no er han komen - enno litt forsiktig - men våren er her....det er inga tvil lenger.

jannetove

1 kommentar:

  1. Så flott at du ser han kome, sakte, men sikkert :-)
    Her er det lova full storm, huff!
    Kanskje det er ein vårstorm?

    SvarSlett