Vinterhav

Vinterhav

mandag 21. mars 2011

Våren på Hadeland

Kjenner at det er godt at temperaturen er over null om morgonen når eg står opp. Det er kaldt om natta enno - men når sola får tak så varmar den godt. Det er utruleg godt å kunne gå tur på tørr asfalt.


Same kor godt sola skin, så blir det ikkje så varmt når vinden ruskar i høgda. Då er det greit å ha eit varmt skjerf å tulle rundt øyrene.


Det er nok ei stund enno til markane er grøne her rundt om - men det smeltar nok fort berre varmen kjem.


Langt i det fjerne ligg Jarenvatnet med is enn så lenge og Tingelstadhøgda ligg i solhellinga.


Trea er enno nakne -men knoppane ventar berre på den livgjevande temperaturen.


Ikkje monstermaster - men kanskje ikkje så langt i frå. Slike finst det mange av her rundt om - dei er ikkje så vakre men her er no so mykje anna fint å sjå på - så eg treng no ikkje bry meg om desse.


Den gamle skulen som kjæresten gjekk på lyser om kapp med sola - no er det barnehage.



Berre så vidt over nullen, mykje snø og kald vind.....men våren er her....det veit eg så vist.

4 kommentarer:

  1. Herlig med berre veiar. Her e dei fulle i vatn...regn som fall i fjor, i år og neste år som ausar ned i dag. Frista ikkje litt å gå tur! :) Ej gler mej til meir vår! :)

    SvarSlett
  2. Så godt når ein virkeleg får trua på at våren kjem..
    No er dei fleste markar bare, fortsatt litt is på tunet.. Skal snøe på fredag, men den vert ikkje liggande..
    Fuglane syng i allefall, det betyr vel at det er vår ;-)

    SvarSlett
  3. Hej. Kom tilfældigvis forbi din fine blog og er glad for at jeg gjorde det. Mange gode ord og dejlige billeder.

    Jeg lægger mig til som følger og du skal også være hjertelig velkommen hos mig, hvis du har lyst.

    Så ses vi nok igen ;)

    SvarSlett
  4. Bor du på Hadeland. Det gjør jeg, også. Litt lenger ned enn deg, på Harestua. Og den tørre asfalten her har allerede fått kjenne på joggesko, herlig! Selv om jeg bare gikk:-)
    Mi

    SvarSlett