Vinterhav

Vinterhav

søndag 3. april 2011

Våren min

I dag var det fyrste dagen eg verkeleg fekk kjenne på våren
morgonen kom med tjukkskodde og regn
og i løpet av natta har mesteparten av snøen på plenen regna bort.
Men utpå ettermiddagen var sola framme og kjærasten brende ei lita bråte
i blomsterbeddet - det vart slutten på fugleneket frå jul.



Spede solstrålar i tidleg morgon
Kitlar det sovande kinn
Å vakne av leikande solskin
Er våren i mitt sinn

Koret av leikne fuglar
Fyller mitt øyra – musikk
Knoppar frå dauden gror
Det er vårens  mystikk

Brisen har fått eit varmare drag
Bekken øser seg opp
Det luktar av våronn og mold
Våren fyller heile min kropp

Lukta av bråte gjev vissheit i sinn
Snøen og kulda var her i går
No spirar og gror det
Så kom han våren også i år
 jannetove-11


Det er godt at ventetida er over

1 kommentar:

  1. Så nydeleg!
    Du er kjempeflink :-)

    klem

    ps: glad for at eg fann nettopp deg i denne store bloggverda!

    SvarSlett