I går var den store avslutningsdagen
siste dag med cellegiftkuren FEC100.
Eg våkna tidleg og kjende på kvalmen
lenge før eg skulle avstad.
Er nok mykje av biverknadane som sit mellom øyra....
Men med ein god frukost
og ein liten "roe-seg-ned-drops" innabords
bar det til Kreftpoliklinikken på Gjøvik
Først blodprøve
for å få sjekka at imunforsvaret var godt nok.
Så å vente ein times tid på at legen kunne gje klarsignal og bestille kuren.
Og eg kunne ta første kvalmestillande tablett.
Vel påkopla gjennom VAP
vart behandlinga satt i gang.
Først litt saltvatn
Så kvalmestillande
Saltvatn
F-kur
Saltvatn
E-kur -den raude og mest giftige - som gjer at eg tissar raudt eit par dagar....
....og må skylle ned to gongar etter dobesøk:-))
Saltvatn
C-kur
Så avsluttning med Saltvatn før eg vart kopla i frå.
Fine englar i kvitt henta både raud saft og brødskiver undervegs
til ein pasient som låg der med blanda følelser.
Og den gode kjærasten min sat tolmodig på ein pinnestol og goprata med meg.
Vel ferdig er eg skikkelig "tommelomsk"
finn nesten ikkje att verken doen eller kleda mine.
Så inn til legen som vil snakke med meg-
-forklare meg vidare behandlingsforløp.
Neste veke er det hjartetest
for å sjekke at blodpumpa virkar som den skal
at ho ikkje har teke skade
og at ho er klar for neste steg i prosessen.
Herceptinkuren - antistoffet som skal
ta knekken på dei eventuelle tulle-cellene som kan ha funne ut
at dei skulle vandre ut i kroppen min.
Den behandlinga startar med "oppladdingsdose" på 6 timer
om tre veker.
Og så blir det tur til Gjøvik kvar 3.veke i eit år framover
for ei lita påfyllingsdose på ein halvtime-
-ja om hjertetestane kvar 3. månad gjev klarsignal for det.
Nokre dagar etter det kan eg trygt reise ein tur til varme strok-
med sol, strand, spa og fine turar i varmen.
Då rekk eg akkurat heim og får starta med Tamoxifen - Antihormonet
som skal senke østrogen nivået mitt og gjere sjangsen for tilbakefall så liten som mulig.
5 år med tablettar med bivirkningsliste så lang og vanskeleg at ein kan bli mørkredd.
Den verste er nok hetetoktene sidan overgangsalderen kjem brått og brutalt-
-og muskelsmerter og leddsmerter....
....akkurat som om ikkje eg med Fibromyalgi har nok av dei frå før.....
Innimellom alt dette skal eg ha faste kontrollar
for å sjekke ut at det ikkje veks noko tull nokon stad i kroppen min.
Idag er forma god
forundeleg god
eg har ete godt (det gjer eg no igrunnen ganske så ofte eg då...)
Eg tygg kvalmestillande drops etter ein nøye planlagt timeplan
Huskar å ete youghut med Husk i
passar på å ta dropane som skal halde magen igang
(hmm er vist komt i den alderen at dette er eit naturleg tema - har du vore på do i dag- hehe)
Kosar meg i soffan med PC, te, farris og berre hentar meg inn.
Eit langt lerret å bleike tenkjer du nok....
....og det tenkjer eg og.......
Men tenk kor heldig eg er
som bur i Norge
som får alle desse tilboda
denne massive etterbehandlinga.
Legen gjev med alt det ho kan kome på
for å lette bivirkningane mine
no dei fyrste dagane etter kuren.
.....og så er det no på ingen måte sikkert
at alle dei bivirkningane som er forespeila slår til heller då...
Det er no lov å håpe.
Klem får soffakroken på Haugsbakken
Så fint at du nu er færdig med første fase. Det er jo et skridt på vejen. Men sikke en omgang og alt det, du efterfølgende skal igennem. Du har virkelig virkelig fortjent den tur til varmere himmelstrøg, der snart er en realitet. Jeg ønsker dig fortsat god rejse. Du er tapper og tøff!
SvarSlettKlem fra mig.
Takk Lene - tar en ting om gangen så går alt så mykje lettare:-))
SlettGode ønsker fra meg også!
SvarSlettKlem
Det varmer - Takk:-))
SlettSender også gode ønsker for denne omgangen!
SvarSlettOg kjenner også på hvor heldig jeg er. Som bor her.
:-) Klem fra sør!
Klem annkomt og Takk for at du ønsker godt:-))
SlettGode ønsker om god bedring og X-ing av alt vi har for at bivirkningene ikke skal bli så store. Og prøv å ikke se så langt frem er mitt råd, det er NÅ vi er her og der har jeg også en jobb å gjøre med meg selv.
SvarSlettHåper du får en så fin ettermiggdag og kveld som mulig.
Prøver alt eg kan å leve i nuet - og klarer det fint, men av og til litt godt med ei oppsummering slik at ein kan plotte det inn og planlegge korleis ein skal kome gjennom og klare å leve NO. Takk
SlettDet høres utrolig tøft ut, det du gjennomlever.
SvarSlettMen så bra at noen har funnet ut hvilke medisiner og hvilken behandling som kan hjelpe mot alvorlig sykdom.
Sender varme tanker og helbredende energier i din retning.
Ønsker deg alt godt! :)
Enerig motatt og gode ønsker er alltid godt:-))
SlettJa, det er masse å forholde seg til. Det viktigste, tror jeg, er å ta en dag om gangen - ha noen gode opplevelser når det er mulighet til det - og det tror jeg du er flink til.
SvarSlettKlem :)
Jepp eg tek ein dag om gangen og tenker at å tenke gjennom det som skal kome gjer det lettare og sortere ut kva eg skal fokusere på:-))
SlettStå på Janne! No er ein epoke ferdig og neste startar. Husk at etter motgang kjem det medgang. Klem fra meg :)
SvarSlettMotgang gjer sterkare - det veit eg alt om. Lever igrunnen ofte her og no og tenkjer lite på kva som skal kome....med unntak av sydenturen som vi gler oss til:-))
SlettHeilt utrulig kor omfattande ein slik kur er og kor mykje som skal "ruske" gjennom ein stakkars kropp for å bli frisk !! Du får meg til å sette pris på kor godt eg har det. Lukke til framover mot friskmelding, og kos deg med planlegginga av herleg sydenferie !!
SvarSlettJa no lever eg mykje meir dag for dag og i nuet - har god tru på at dette går bra. Takk for omtanke:-))f
SlettStå på Janne Tove! Det kan ikkje anna enn verte betre! GOd tur til sydens land, kos dokke skikkeleg! Apropos badetøy til lauspupp...har ein liten draum å starte butikk med mellom anna slike kleplagg...Det hadde vel vore kjekt å kunne få tak i i gamlebygda? + mykje andre små kleplagg til damer...
SvarSlettSkal på kurs på torsdag, då vert ting litt meir avklara ;)
Ein kjempeide spør du meg - eg må til Gjøvik for å handle og fytte katta for noken prisa.....Lykke til om du startar:-))
SlettEg har ikkje ord for det du har vore gjennom, og det du skal gjennom...anna enn ein stor klem!
SvarSlettSTOOR KLEM fra britt :)
Stoor klem motatt og prissatt:-)) Klem tilbake:-))
SlettSelv om du har en lang vei enda så tenker jeg at det likevel må være godt å være ferdig med første del:) Noe å krysse av før du går videre.
SvarSlettOg du vet jo ikke hvordan dagene blir fremover, det du vet er i dag. Men det tror jeg jammen at jeg har lært fra deg, så der ser du:)
Og du: jeg blir her, men A blir større og jeg kjenner litt på følelsen om å endre grensene litt. Men jeg tror aldri jeg hadde greid å holde meg unna så jeg gir meg ikke:)
(og ja, jeg har vært på do i dag;-)
God klem til deg, og takk for alle gode ord
Hanne:)
Leve i nuet bør vi alle gjere - fint at du blir her og at du har vore på do hehe:-)) Klem
SlettOj, det var ei lang liste med ting du må gjennom. MEn som du seier, godt at du faktisk kan få hjelp på denne måten! Det er nok verdt det, og du er verkeleg flink til å sjå positivt på det. Hald fram med det! Klem:)
SvarSlettDet va ikkje småtteri! Vi e helt utrolige vi mennesker som klarer alt det vi må igjennom.. Og du har rett, godt at dette skjer i Norge, det bør alle som klager på skatten huske.. Lykke til videre, krysser fingrene ;O)
SvarSlettDet er godt at det finnes fandenskap som tar knekken på fandenskapen, tenker jeg, her jeg sitter og småhutrer. Og synes synd på meg selv. Da er det godt å komme hit, for å få en liten dask på lanken og se at det ikke er så ille lell.
SvarSlettTakk for at du er :-)
Godklem til sofakroken i Haugsbakken fra sofakroken i Byskogen :o)
SvarSlettDet er jammen mektige ting en stakkar kropp skal gjennom og ikke minst tåle. Tenker at sydenturen er ei stor karamell akkurat nå. Springe barbeint som du drømmer om:))))
SvarSlettDet er jammen hver sin gang å gå oppoverbakker her i livet. Men innimellom er det noen som må gå litt lenger. Skulle gjerne sendt over en sang med Jan Teigen:))) BLI BRA IGJEN:))))
God bedring Janne Tove:)) snart spring du i sanden uten skor og kan tenke meg fryden i ansiktet blir stor:)))