Vinterhav

Vinterhav

mandag 16. januar 2012

Reisepremie

Endeleg ein nokonlunde heilt bra dag
Det har vore tyngre denne gangen
etter 5. kur.
Dei to første dagane var litt som sist - 
men så endra det seg brått.
Har vore meir konstant småkvalm
-og med den ekle metallsmaken i nasen - ja i nasen

Heitetoktene har omtrent lamma meg innimellom - 
før frostriene har innhenta meg.
Alle kjenner vel til den følelsen
ein får når ein har vore ute og verkeleg svetta ut
- då går det ikkje lenge før ein frys og ikkje vert varm att før ein har dusja og fått på tørre klede.
Men med heitetokter med halvtimes mellomrom
er det liksom ikkje berre å dusje kvar gang for å få att varmen heller......
....godt at lageret av ulltrøyer er stort....

Har plutseleg fått følelsen av total utmattelse
og sovna både på soffan og i stolen fleire ganger.
Stakkars gode kjærasten min 
han har nok vore litt bekymra for meg denne gongen.
Det er ikkje enkelt å vere pårørande og ikkje heilt vite kva ein skal gjere til beste
for den som berre sovnar bort
sveittar og frys
blir lite pratsom
irritabel og grinete.
Eg er så uendeleg takksam for at han er her
og har tolmod med meg
trøstar og muntrar opp
og køyrer etter "takeaway" mat når eg finn det for godt at det er det eg vil ha.

Men eg har kome gjennom dagane og nettene
eg har hatt matlyst
og vore ute på tur
på strikkekafe
og varmtvannsbading
som tidlegare....
....men eg kjenner at det har "kosta" meir 
å prøve å leve som vanleg
denne gongen.
Og så veit eg at eg er ikkje den som har det verst
det er mange andre som har det mykje verre under slike giftangrep som eg har hatt.
Eg har trass alt ikkje spydd ein einaste gang.....bank i bordet.....

Og NO ser eg slutten
enden i tunellen
Eg har diskutert vidare behandling
med antistoff og antihormon med legen min.
Og om to veker er eg klar for siste kur
og då er det ikkje lenge att før eg kan realisere
Reisepresangen vår

For det er heilt vanleg å få premie
når ein har vore flink enten hos tannlegen eller doktoren - så det så....