Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 1. mars 2011

VM galskap eller.....

Eigentleg så bryr eg meg ikkje i det heile - for meg er det heilt uinteressant....

Hjarta slår – blodet brusar i årane
Eg vandrar kvilelaust frå rom til rom
Klarar ikkje tenkje
Klarar ingen ting
Det einaste eg høyrer er stemmene
Dei ville – ropande stemmene
Alle sine auge er vendt mot dette infernoet
Måpande, tvilande, skrekkblanda
Vil det gå
Vil ho klare det
Jaaaa ho tok gull -igjenn...

Kanskje er det like greitt at eg og alle andre blir riven med - får ut litt adrenalin - kan gløyme kvardagen for ei stakkars stund. Berre vi huskar at dette ikkje gjeld livet - for det er så uendeleg mykje anna som er viktig - som krev oss. Så lat oss sleppe laus innimellom - nyte VM medaljene, nyte dei gode augneblinkane og sette pris på dei gode stundene.

Dei gode stundene som her med utsikt over havet utanfor Senja i fjor - då eg og Helene var på oppdagelsestur midt på svartaste vinteren - berre vi to.



Det er snart berre ei veke att - vel ei veke til eg skal pakke snippøskja og ha meg nokre dagar til Troms - nokre kvalitetsdagar saman med den gode fine jenta mi.

Grip dagen

jannetove

3 kommentarer:

  1. :o) Så sant så sant Janne Tove. Er bra gira eg også her eg sitter å ser på langrenn. Spennande og eg kosar meg. Men som du seier: Det finnast så mykje anna som er MYKJE viktigare en VM på ski. Likevel HEIA NORGE
    Smil frå Lill

    SvarSlett
  2. Ja jenta trenge besøk no. D blir koselig! <3

    SvarSlett
  3. Kjekt når det går godt!
    Har ikkje hatt tid til blogg eller VM i det siste..

    Kos deg på tur! :-)

    SvarSlett