Vinterhav

Vinterhav

fredag 1. april 2011

Ikkje New York - men Flø

Kva er det med Flø? 
Spørsmålet vart stillt i programmet Folk på NRK her ein av dagane. 
Ja kva er det med Flø - som gjer at kjente kunstnarar som Hugo Opdal har galleri her - 
- som fengar gutta i Moods of Norway så mykje at dei har eigen butikk her  -
- og at Magne Furuholmen held konsert i denne vesle bygda langt ute i havgapet på Sunnmøre?
Kan det vere nokon tvil?

Himmel og hav
åker og eng
Sauene beitar i fjøra ein tidleg vårdag- 
med utsyn til Runde og øyane rundt


Vindskeive tre
Steinrøyser og grusvegar
Sol og glede
I nord kan vi sjå Godøya 
som ligg som nabo til Ålesund



Gamle steingardar
Kulturlandskap
Naust i fjøra 
Hav og øyar så langt auge ser


Å rusle på gode grusvegar i ope landskap 
fredfyllt og stille 
Kjenne angen av våt jord
 Lukte bonden sin våronn


Beitefjøsar som skal gje ly for vind og veir gjennom sommaren
 Sjå at bygda lever 
Vite at det enno finst folk 
 folk som er villige til å drive karrig landbruk
Urøyvd og veirhardt


I eit med naturen

2 kommentarer:

  1. Må ha minst ein tur til Flø i løpet av sommaren..
    nyte havet, strendene, måseskrik og stillheit..
    rusle rundt på gravplassen, finne kjende namn og vemod i bringa..vite at livet både gir og tek..

    god helg klem :-)

    SvarSlett
  2. Vi som har vore på Flø veit svaret:) Eller?

    SvarSlett