Vinterhav

Vinterhav

søndag 21. august 2011

Tradisjon på ein søndag

Søndag - roleg og god
lat morgon med kaffi og nettsurfing

Men så snik arbeidslysta seg plutseleg på
og eg kjem på at eg har fersk høgrygg, rosenkål og brokkoli liggande - 
og så hugsar eg sosekjøtet som mor mi ofte laga
på søndagen



På kjøkenet brunar eg sausbruning -
steikjer skorpe på kjøtet og 
høyrer på søndagspreika på radio

Kokar opp sausen
smakar til og legg
det bruna kjøtet i -
- så er det berre å la varmen gjere jobben



Var på Damene på gården i går og fekk
kjøpt nydleg kjøttkrydder
og heimelaga lefser

Blandar sukker og smør og
får smurt dei mjuke lefsene
slik eg trur at det skal gjerast
- og ein liten dæsj kanel
gjer nok susen


Men vi kan ikkje leve berre
på søtsaker og kjøt
Å blande ihop ei knekkbrøddeig
er gjort på ein to tre - 
og at nokre er litt brende er 
berre fint


Så er søndagsmiddagen
i boks
Kaffikosen klar
og kjæresten min har frukostmat
i fleire dagar

Eg kan sette meg ned
vente på at kjæresten kjem
heim frå fallskjermsamling
og glede med over
at eg fekk fatt i denne fine lykta
på garasjesalg hos Vibeke



Lar desse to lysa som speglar
seg i spegelen bak i lykta
vere eit bidrag
til å tenne lys for 
alle som har det vondt rundt om

...så skal eg berre kose meg
resten av denne fine søndagen

4 kommentarer:

  1. Sosakjött er som vårt Kalops. Nesten. Men det er gott uansett.
    Lefser har eg IKKE spist på år og dag, har du noen god oppskrift? Har ei takke så steikinga ska gå fint den :)
    Smör, sukker og kanel er godt på. Slik gjorde alltid mormor. Savnder dette eg.

    Flott lykt du fått tag i. Det er nå man plukker frem slikt og tenner på kveldstid når mörket senker seg over gård og stall.

    Vi får tenke på dem som blev drept idag. Men nå begynner eg å bli rimeligt lei av allt som står i avisene, som vises på tvn, höres i radion og som er på nettet.
    La de etterlatte få ha sorjen sin i fred nå! Dem må få tid og sörje, uten at vi ska lese om det i avis etter avis.

    Ha ei flott söndagsettermiddag nå.
    KLems Synnöve.

    SvarSlett
  2. Så godt med ein slik dag..
    Og gripande tekst i songen du har i innlegget under her..

    måtte du få ei vakker veke!

    klem :-)

    SvarSlett
  3. En søndag helt i min ånd.
    Fred og ro, tid til å koke og brese, gode lukter i huset, gode tanker i hodet, gode smaker i munnen.

    SvarSlett
  4. Å sånne gode matminner! Både sosakjøtt og lefser!
    Kanskje eg skal prøve meg på sosakjøtt ein søndag!
    Skulle vert ute å plukka tyttebær også. Men ikkje i dag for nå regner det.

    Ein fin høst ønsker eg deg! Klem fra meg.

    SvarSlett