Skal ikkje skryte av at eg er fødd med ski på beina, men far min sytte for at eg vart normalt glad i å gå på ski. Sjølvom eg egentlig syns det er for kaldt når gradestokken viser - 16 når eg står opp - så var veiret så vakkert i dag når skodda letta at eg berre måtte ut å prøve skia.
Her på Hadeland er vi så heldige å ha milevis med flotte oppkøyrde løyper i variert skogsterreng.
Det var ikkje så mange i løypa i starten - var nok avdi eg var rimeleg tidleg ute. I perioder var eg heilt åleine så langt eg såg - store urøyvde vidder - sol frå klår himmel - flottare vinterterreng skal ein leite lenge etter.
Løypene går over flate myrar - over små åskollar - inni tjukke granskogar og rundt fjell og haugar.
Lushaughytta er eit populært mål for både liten og stor, der den ligg i solhellinga under Lushaugen. Her er det muleg å få kjøpt både kaffi, vaffel og sjokolade i helgane vinteren gjennom. I dag var det mykje folk der når eg nådde målet og det vart garantert ikkje mindre folk utover dagen.
For meg vart det ein rask stopp - berre så eg fekk ete eple som eg hadde i sekken. Det var ikkje nokon varme ute i dag og ein blir fort kald om ein blir ståande - så det var bedre å vere i bevegelse.
Å bevege seg det kan ein så vist få gjort i desse skogane.... Lushaughytta er eit knutepunkt i løypesystemet og herifrå kan ein velge både lange og korte løyper. Her forbi går også skiløypa mellom Oslo og Gjøvik - ja det er faktisk eit samanhengande løypesystem heile den vegen. Eg for min del skulle tilbake til Lygna der eg kom i frå - men eg kunne faktisk valt å gå ei løype som kjem ned rett oppi skogen her.
Skulle eg valt det måtte det nok ha vore litt andre forutsetningar tilstade... Eg måtte nok ha hatt meir mat og drikke i sekken - eg burde hatt skismørning slik at eg fekk litt bedre gli på skia og kanskje litt bedre feste i motbakkane. Men det viktigaste hadde nok vore gnagsårplaster... Merka det så vidt då eg stod og gnog i meg eple mitt - kjende det var noko i skoa som ikkje var heilt godt. Så dei 4 km tilbake til Lygna og bilen vart litt meir strevsomme enn eg hadde tenkt. Gnagsår er ikkje akkurat det beste å gå med - men har ein vore så utruleg dum at ein går ut uten plaster - ja så får ein berre slite med det til ein har kome seg heim.
Men det verste var at når eg vel var komen heim - jau så oppdaga eg at eg hadde gnagsårplaster i sekken. Snakk om å vere vettlaus....
Her om dagen var eg tilfeldig innom ein bokhandel og oppdaga at der var Mammutsalg. Var så heldig å finne eit par strikkebøker til sterkt redusert pris. Kjem nok ikkje til å strikke alt som er beskrive der - men det blir som med kokebøker - kjekke å ha sjølvom ein ikkje lagar all maten som er beskrive der:-))
No skal eg bruke ettermiddagen til å pleie mine såre bein og lage oss ein god søndagsmiddag - og kven veit kanskje blir det litt strikking etter kvart. Så får vi håpe det vert mykje godt veir framover slik at det blir fristande med fleire skiturar - men då skal eg ha på plaster.
God søndagskveld til alle der ute:-))
Det hørtes ut som ein frisk tur! Synd du fikk gnagsår.
SvarSlettEg har ein utfordring til deg på bloggen min. Ta den om du vil.
God gnagsår bedring, slapp av å kos deg litt nå!
God søndag videre, klem,
Så flott tur!
SvarSlettVondt at fotan er låk, stell fint med deg sjølv.
Ha fin ny veke :-)
For et terreng!!! Løype so langt auga kan sjå! Kjempekjekt med ei hytte i skogen der en kan kjøpe sej ei vafle eller tre ;)
SvarSlettPleie føta no, fleire tura venta! ;)
For eit nydelig vær og for ein flott tur trass gnagesår. Herlig!
SvarSlett