Vinterhav

Vinterhav

fredag 4. februar 2011

Våren på besøk i februar

Dei siste dagane har eg vore litt i tvil når eg har kika på kallendaren - her har vi nemleg hatt rundt 5°C og eit strålande veir. Var ein tur til vassenden i dag og merka at eg godt kunne gått uten strikkejakka. Ein forsmak på våren har det vore og du verden kor godt det er.

Islykta som eg fraus til jul har fått stå i fred heilt til no....er ikkje mykje att av den der den står på trappa.

Sola står ikkje så veldig høgt enno, men ho varmar ganske godt. Og vakkert blir det når ho skin inn i kjøkenvindauga - det gjer ikkje så mykje at glasruta ikkje er heilt rein og at støvet viser ekstra godt i slikt veir. Det er berre å gå seg ein tur ut på trappa å berre nyte.

Men når sola går ned er det ikkje lenger tvil om at det er vinter enno. Då er det fint å kunne kveikje levande lys, fyre i omnen og lage eit godt og sundt middagsmåltid til oss to.

Har som oftast ein del grønsaker liggande og i dag vart dei kutta opp til "grabs". Squasj, gulrot, sjampinjong, vårlauk, paprika og annanas vart fresa i olje.

Brukar å ha i litt kikomansaus og basilikum på før eg heller på ein skvett fløyte og litt creme fraiche (går godt med rømme, melk eller kremost også). Så lar eg fløyte koke litt inn slik at det blir ein "graut" - eller "grabs" som ungane kalla dette når dei var små.


Brokkoli er full av antioksidanter og supergodt....må berre passe på å ikkje overkoke den.



Basmatiris er den varianten som vert brukt mest her i huset - men personleg er eg mest glad i villris og fullkornris.


Alt dette gode tilbehøyret passar ypparleg til heilsteikt kalkunfile. Eg brukar å brune den på panna før eg krydrar godt og set den i omnen på 200°C i ca. ein time. Når den så får kvile ei stund blir den saftig og god.


Ein fin fin start på ei februarhelg her på Hadeland - God helg alle saman.

jannetove

3 kommentarer:

  1. Så godt med sol!
    Her oppe på Møre bles det godt rundt nova no..regnet slår mot ruta..
    Godt å vere inne!
    Vart rett og slett svolten av å sjå så god mat :-)
    Meinte ikkje å herme då eg siterte Dei nære ting.
    Den datt ned i hovudet på meg etter eg laga tittel på bilete. Men grunnen til at den låg så langt fram i hjernebarken var nok det du skreiv i ditt innlegg. Eg skal linke til deg :-)

    - god helg kjære bloggevenn -

    SvarSlett
  2. MMM dette så helt nydellig ut:) God helg fra telemark:)

    SvarSlett
  3. Hei i natten.
    Tenker du sover nå kanskje så eg sniker meg inn litt stille.
    Kjente det duftet god mat så eg måtte se hvad du laget til.
    Såg så herligt godt ut.
    Har ikkje kalkunfile men har kylling så det går sikkert like bra tenker eg.
    Skal pröve den oppskrifta.

    Har värt en helt fabelaktig dag her idag og. Det har värt litt vind og så snödde det på morran.
    Nå blåser det enda. Men eg sitt her inne og har det godt og varmt.

    Nå får dere ha i flott helg på Hadeland.
    Det skal vi pröve her på Digernes og.
    Nattaklems Synnöve.

    SvarSlett