Vinterhav

Vinterhav

mandag 27. desember 2010

Lengter...............

....ja det er vel ikkje så rart - med det kalde veiret vi har her i Norge for tida. Lengter tilbake til vakre Dubai - emiratet som tok så godt i mot oss då vi var der på føljulsturen vår....

Et absolutt must når ein er på dei kanter er å besøke verdens høgste hus - Burj Kalifa - 828 meter høgt. Litt guffent å kome ut på verandaen der og kjenne at golvet gynga litt - sikkert gjort med vitande vilje. Bjørn Erik var trass høgdeskrekken sin imponerande modig ved vidauga så høgt oppe.

Nesten 30 varme - deilig sandstrand - akkurat passe varmt badevatn. Stranda rett ved sida av Skydive Dubai var god å ha for oss damene når guttaboys kosa seg med sin store lidenskap - fallskjermhopping.

Men skulle heimlengselen bli for stor - ja så var det berre å ta ein tur til Emirates Mall og besøke innendørs skibakke med passe vintertemperatur - 2°C....ikkje akkurat noko for oss som skulle vere i varmen berre ei veke.....

Høgdepunktet for meg denne veka var vel fallskjermhoppet eg fekk vere med på. Bråbestemte med for eit tandemhopp og var så heldig at eg fekk hoppe ilag med Bjørn Erik - som også kom og holdt meg i handa under det frie fallet.

Å sveve i fritt fall er spesiellt - å sveve i fritt fall over The Palm of Jumeirah er berre stort.....

Det går ganske fort mot bakken (ca. 200km/t) i fritt fall - reine ansiktsløftinga....

Men du verden for ein opplevelse - heldige meg som får lov til å kose meg slik....Ikkje rart eg lengtar tilbake vel.....

jannetove

lørdag 25. desember 2010

Julegjester

Solnedgangen over Granåsen var av det litt spesielle slaget på vesle julaften - ser nærmast ut som ein lyskastar bak fjellskrenten.

I år har vi hatt gleda av å ha ein spesiell Julegjest - Yocky - ein veloppdratt sjæfer har vore her i lag med matfar Johan. Litt molefonken her sidan han ikkje får lov å forsyne seg med alle godbitane på frukostbordet.

Ein julekveld er over - det er fred i stova - må vel snart få på gode varme klede å ta seg ein spasertur i kylda - er jo berre - 22°C no så......

Fortsatt god jul til alle der ute:-))

fredag 24. desember 2010

Julestemning

Det er berre eit par dagar sidan sola snudde så ein kan ikkje vente at ho står så høgt på himmelen. Men vakker er den om den berre så vidt kjem over kanten og igjennom skogen for å helse på på sjølvaste juleafta.


Ynskjer alle ei retteleg god og fredfull jul

Juleklem frå jannetove

tirsdag 21. desember 2010

Litt juleforberedelser allikavel...

I år har eg bestemt meg for at eg skal ha ei "light" jul - eg skal ikkje stresse -og alt eg gjer skal eg gjere av rein lyst. Eg har nok vore litt i overkant "julete" før om åra, men eg har alltid kosa meg med juleførebuingane. No har det seg slik at helsa ikkje er slik ho ein gong var og sjølv enkle ting krev meir av meg. Då er det fint å ha ein sambuar som ikkje er van med overdådig jul og meiner at det ikkje gjer nokon verdens ting om jula blir enkel.
Så her sit eg altso på solsnudagen og kjenner på meg at eg har full kontroll på mi enkle jul.

Julebaksten i år har blitt kransekakepinnar av ferdig kransekakemasse frå Askomat og så desse artige pepparkakene ala Vibeke.

Deiga var superenkel å lage og etter at ho hadde fått kjøla seg godt var det enkelt å høvle kakene med ostehøvel. Til å vere første gangen eg laga desse vart dei ganske god - men eg veit at eg skal ha meg ein diskusjon med Vibeke etter jul - berre for å prøve å finne ut kva ho gjer som ikkje eg har gjort....

Her i huset har vi bestemt oss for at vi ikkje vil ha juletre inne - vi har istaden satt opp eit flott tre med over 200 lys på verandaen...og det er kanskje ikkje så dumt med tanke på alle "husdyra" som vistnok bor i juletrea....
Men adventslysa har eg fått opp - dei stod jo fint på rekke og rad på loftet så det var jo berre å plugge i. Og med helga`s snøstorm har naturen ordna snøen på vindauga - det enkle er ofte det beste.

Nokre juleblomar er også kjekt å ha - har kjøpt meg nokre julestjerner og eit par amaryllis. Julestjernene håpar eg overlever til 2.dag jul og amaryllisane er i ferd med å opne seg - så når eg leitar fram eit par raude dukar, raude stearinlys og nokre nissar - ja så er stova julepynta.

Fekk ein ide om ei enkel lykt til å ha lys i ein eller annan stad på nettet for ei tid tilbake. Tenkte at det måtte jo vere idiellt her på desse kantar - her som det har vore under 10 minus i aldri så lang tid. Sette ut ei bytte med vatn i går kveld og i dag morgon var lykta ferdig...Enkelt og greit og så dekorativt:-))

Saman med nissen er lykta perfekt å ha på trappa. Tenkjer at eg skal lage ei til å ha på grava til mor og far Haugsbakken - ei islykt og ein heimelaga krans av furu teke frå hagen dei hadde rundt seg....

Julematen her i huset blir av praktiske årsaker ribbe, medisterkaker og surkål - Bjørn Erik sin julemat. Pinnekjøtet som eg er van med tek vi ein annan dag - vi klarar uansett ikkje ete to middagar kvar....
Denne jula vert antageleg heilt annleis enn det eg er van med - og akkurat det syns eg er spennande. Kjenner på meg at eg enno ikkje er for gammal til endringar og så veit eg at endringar kan vere veldig positive. Og er vi rett så heldige så får vi ein julegjest frå Hedmarken innom døra her - ja velkomen skal han vere iallefall.

søndag 19. desember 2010

Svart og kvitt....

Søndag kveld - 4. søndag i advent og eg har hatt ei fin helg. Eg har hatt besøk av yngste sonen og forloveden - Sondre og Carina - to flotte unge menneske som eg set veldig høgt. Eg er så heldig at eg har 3 flotte born, 2 nydlige svigerdøtre og ein utruleg god kjærest. Eg er glad for at eg kan vere takksam for alt det gode - det er ikkje kvar dag det er unt oss menneske å ha det like godt.

Denne helga er det mange rundt om i verda som brått har fått livet snudd opp ned - det finst mødre som gret i fortviling over tap av eit barn - det finst mange som lyt gå vidare i livet med eit sår i hjarte. Eg veit at dagane deira ein gang vil bli lyse igjenn - men det tek tid....og sjølv om livet smiler vil nok dagane skifte frå kvitt til svart innimellom....


Eg ligg heilt stille
Nagla til underlaget
Stiv – kan ikkje bevege meg
Atter ein gang låst
Natta er enno ung

Gang på gang natta igjennom
Våken - kjempar meg tilbake
Tilbake til den sorglause søvnen
Glir bort – ut av smertene
Inn i draumane

Gjennom vindauga
Skimtar eg det grå morgonlyset
Røyver meg forsiktig
Strekkjer varsamt ut musklane
Så kjem klumpen

Mageklumpen
Som minner meg om kvardagen
Redsla – angsten og smertene
Alle dei vonde minna
Kan dei aldri la meg kvile...
 
-jannetove nov.2010-

Tida leger sår og vi menneske går vidare - heilt til det skjer noko som minner oss om det som var - om kampen - gråten...Eg trur dei fleste av oss har slike netter innimellom - har tunge stunder....Då er det fint å få eit smil, ein klem eller eit klapp på skuldra.
Så midt i denne travle førjulstida vil eg berre kome med ei oppmoding - ta vare på kvarandre...
jannetove

Snart jul

Endelig har eg fått opp "ottanissen" på verandaen her i Haugsbakken. "Ottanissen" har fått navnet sitt etter Otta som var mor til Bjørn Erik og som også har laga denne nissen. Plassert saman med ei lyspynta gran står han der så stolt og rank og helsar alle naboane i feltet.

Nissen har fått skikkelege hadelandsvottar på der han står - og både lue, vottar og skjerf er heimestrikka av Otta. Det er nokre år sidan no at den har vore ute i dagslyset - så det var litt ekstra stas å ta oppatt den gamle tradisjonen. Det har blitt meg fortalt av folk rundt her at jula kom til Haugsbakkenfeltet først når nissen var komen på plass.

God 4. søndag i advent til alle saman.

søndag 28. november 2010

Så tender vi det fyrste lys....

.....åleine må det stå.....

Fyrste søndag i advent - ute er det rundt 10 minus, lett snø og litt vind som gjer at det blir snøstormliknande tilstander rundt husnova her innimellom.

Eg har ikkje gjort som alle andre iår...har ikkje leita fram adventsstaken og 4 like lys. Eg har hatt heilt andre ting i tankane - har pakka koffert og tenkjer meg ein tur til varmare strok - til ein stad der dei ikkje feirar adventstida slik som vi.

Kjenner at eg er veldig spent - ein heilt annan kultur - eit anna folk - ein annan temperatur - og antageleg tusenvis med nye inntrykk.

No er det slik at eg ikkje skal vere borte så lenge, så det blir nok jul i heimen her og - sann om ei vekes tid eller så....



Var ein tur på julemarknad sist helg - og denne vesle engelen her kunne eg vanskeleg gå forbi. Eg blir så glad av å sjå på han (eller er det ho) der han står å syng av hjartans lyst.



Dette får bli mitt fyrste lys denne adventstida - eit lys for håp og glede.

God førjulstid alle saman - og husk at jula kjem med fred om ikkje kvar ei krå er skinande rein....

jannetove

ps. kunstnaren heiter Marianne Lund og er frå Eina

fredag 26. november 2010

Egentleg eit lite under....

Endeleg er eg ferdig med mitt store pute-strikke-prosjekt - nokon som tvilar på at eg er stolt....

Strikkedamene skulle ha tema fletting og eg tenkte det måtte vere kjekt å prøve. Starta med friskt mot....

...ikkje berre fletting....men mange nye detaljer måtte lærast.....

...og etter kvart oppdaga eg at det var latterlig enkelt....

Det er rart å vere nesten 50 år og oppdage at strikking er så uendeleg mykje enklare enn eg har trudd - vi blir aldri for gamle til å lære.

Eg gledar meg så mykje over alle desse små prosjekta mine - er glad for at eg til trass for muskelplager kan klare å kose meg med slike sysslar.

....i år har eg endatil pakka heimelaga julegåver i mange pakkar....men du - det må du ikkje seie til nokon - iallefall ikkje før etter jul.

Håpar alle får ei fin adventstid...klem

onsdag 17. november 2010

Eit mektig skue



På tur heim frå Ørsta sist søndag fekk eg oppleve dette fantastiske synet - for første gang i mitt liv har eg sett ville ørner på nært hald.

Vi hadde akkurat passert første vatnet opp frå Kile mot Bjørkedalen - og i elva mellom vatna sat desse flotte fuglane. Maken kom flygande, landa og flaug igjenn medan vi stod i vegkanten og fylgde med.

Eg har ikkje det beste kameraet for slik fotografering - men syns likevel at eg har fått eit bra bilde av desse to.



Det var kjærasten som fekk auge på ørneparet og stoppa. Eg fekk gå ut av bilen og fram på elvebaren for å ta bilde - den eine ørna sat heilt roleg og følgde meg heile tida.

lørdag 6. november 2010

Utrulege fakta på ein laurdagskveld

Eg vart plutseleg så veldig, veldig trist her eg sat og skulle kose meg på ein laurdagskveld. TVèn stod på og det var magasinet på TV2 som brått fanga mi merksemd - eg vart sitjande som lamma og fylgje med på innslaget og trudde ikkje det eg såg.

Det handla ikkje om vald, krig eller svolt og elendigheit som ein kanskje skulle tru sidan eg vart så trist. Nei det handla om ei vel etablert familie med to små barn - ei famile med flott hus, god økonomi - og der det såg ut for at alle var friske og hadde det tilsynelatande bra.

Det som var så spesiellt med denne familien var at dei hadde meldt seg på ei ordning der dei fekk køyrd heim daglegvarer som inneheldt råvarer og oppskrifter til 5 sunne og gode middagar. Altså middagsvarer til 5 kvardagar slik at dei sjølve slapp å tenkje ut kva dei skulle ete og så slapp dei å gå innom butikken for å handle det dei trong.

Eg skal ikkje gjere meg til dommar over desse folka - dei må sjølve avgjere korleis dei vil leve livet sitt - og eg er heilt sikker på at dei og alle andre som vel ei slik løysing er flotte menneske som tek godt vare på familen sin.

Det som gjer meg så trist er at samfunnet vårt har blitt slik at vi i det heile har slike valg. Tidsklemma har teke heilt overhand og vi er så opptekne av karriere og ein travel livsstil at vi ikkje har tid til å gje ungane våre ein normal oppvekst lenger. Er det blitt slik rundt omkring at vi ikkje lenger har tid til å planlegge kva vi skal ha til middag og heller ikkje har tid til å handle inn det vi treng??

Dette innslaget handla om middagsmåltidet - kva så med dei andre måltida i denne familen - kvar vart dei etne? Sei det - det vart det ikkje snakka om men eg har nok ein misstanke om at foreldra har betalt for at borna får frukost, lunsh og ettermiddagsmat i barnehagen. Vidare trur eg at dei voksne inntek frukosten i full fart til jobb eller kanskje dei stoppar for ein kaffelatte og muffins på ein cool kaffibar på vegen. Lunchen et dei nok i kantina på kontoret eller så går dei ut og får med noko ferdigsmurt frå ein eller anna kafè på hjørnet.

Så undrar eg meg på om det finst anna mat i kjøleskåpet til dette unge paret - ja det er jo ikkje godt å vite om dei i det heile har behov for det - er ikkje sikkert dei et så mykje kveldsmat....og skulle dei bli svolte er det jo berre å ringe ein eller annan stad så får ein levert på døra.

Undrar meg på korleis den norske småbarnsfamilien ser ut om nokre år....blir det slik???
- All mat blir ete alle andre stader enn heime
- Huset vert vaska av profesjonelle ein gang i veka
- Eksterne firma blir leigd inn for å skifte sengetøy og ta unna klesvask og stryking
- Eigne firma syter for julepynting - julemat og gåveinnkjøp
- Interiørfirma vert leigd inn vår og haust for å style huset.
- Sportsbutikken tek mål og leverer perfekt innstillt sportsutstyr på døra
- Catering - og eventsfirma syter for alle bursdager og andre spesielle feiringar
- Eigne barneoppdragingsfirma......
- osv - osv - osv....

Eg trur vel egentlig ikkje at det går så langt - men eg må sei at eg faktisk er litt skremd over utviklinga. Eg er glad for at eg syns det er kjekt å lage handleliste og planlegge middagen min sjølv - eg er glad for at eg enno finn glede i å bake knekkebrød og lage til jul på tradisjonellt vis....

tirsdag 2. november 2010

November

Pøsande regn og susande vind
Nysnødryss på høge tind
Sluddbyger, regnbyger - snø
Lavtrykka står i kø
November mørker mitt sinn

Fønvind og bris og varme grader
Gullgult lauv alle stader
Haustsola varmar og skin
Solnedgang raud som vin
November lyser mitt sinn

Været skiftar ofte og brått
Frå solskin til regnvers grått
Dagane er som livet vårt
Alt frå lyst og lett til sårt
November kom også i år….

-jannetove 11/10

mandag 1. november 2010

Yoga

Phuuu endeleg er eg ferdig med endå ei yogaklasse - ja det er vist det det heiter - yogaklasse.
Eg har fått det føre meg at Yoga er noko som sikkert er bra for meg med kronisk muskelsmertesyndrom - ja jamvel nyare amerikansk forskning viser at det har ein positiv effekt på folk med mine plager.
Eg møtte opp med ope sinn forrige mandag - og ilag med nærare 40 andre damer i alle farger og fasonger fekk eg prøve mine første yogaøvelser. Vi fekk utlevert kvar si matte og kvart sitt teppe - og så var det berre å følge etter den flotte slanke dama som var yogainstruktør.
Dei første øvelsane var ikkje så verst vanskeleg - men det var til å begynne med det. Etter ei stund skulle vi stå med begge handflatene i matta heilt lengst framme og føtene strake heilt bakerst på matta. Halebeinet skulle vi rulle under oss og rompa skulle peike opp i lufta, ansiktet opp og fram medan vi pusta vekselvis inn og ut....Heilt umuleg spør du meg - og så eg som er så inderlig opptatt av at eg skal gjere alt rett - det var like før eg berre gjekk i lås der eg stod....
Men etter at vi hadde halde på i ein og ein halv time var det total avspenning som gjaldt og det er eg skikkeleg flink på - berre ligge rett ut og gjere ingen verdens ting - det kan eg!
Både tysdagen og onsdagen var eg veldig usikker på om eg i det heile skulle tore å gå på neste kurskveld - ja eg var igrunnen veldig usikker på om eg nokon gong kom til å klare å gå normalt igjenn. Elles var eg umåteleg overaska over at det kunne vere muleg å få så inderlig gangsperre berre ved å strekke musklane...

Men i dag har eg altså vore der igjenn - eg huska igjenn nokre av øvelsane frå sist - visste litt meir kva som skulle skje og eg følte at eg faktisk fekk til nokre av øvelsane ørlite bedre enn sist.

Eg er ikkje sikker på om Yoga er det som skal gjere meg og min musklatur bedre - men eg vil iallefall prøve så godt eg kan å gjennomføre heile kurset - og i morgon trur eg at eg vil kjøpe meg ei slik matte - ja slik at eg kan øve meg heime:-)))



Så får vi sjå om eg blir ein skikkeleg Yogatilhengar eller om det er berre eit lite blaff slik som så mykje anna eg har prøvd opp gjennom livet.....

....men eg har iallefall prøvd og dermed utvida min horisont:-)

jannetove

søndag 31. oktober 2010

Den gode kvila

Det er mjukt og varmt og mørket omsluttar meg
Kroppen kjennest tung mot underlaget – tunge såre musklar kviler
Tankane sviv på eiga hand – som i ein revy går dei sin eigen veg
Det er så stilt – berre lyden av verda som går til ro – siste toget uler

Så er det heilt stilt – stilt – berre bekken som sildrar så mildt der ute
Det er så fredfullt og godt å ligge slik – høyre på den jamne pusten like ved
Å vite at han søv – å vite at han har det godt – der han kviler på si pute
Kan kjenne meg så takksom for dagen i dag – som kom utan dei store sute

Enda ein dag er til ende – vi kjenner dei ikkje før dei er over
Først då kan vi senke skuldrane atter ein gong
Glede oss over det som er godt – håpe på morgondag med godver
Den jamne pusten ved sida av blir min voggesong

-jannetove okt10-


mandag 25. oktober 2010

Sølvsberget.

Det har vore rett så kaldt her rundt om nokre dagar no. Like før helga kom det endatil bittelitt snø - eg trur det var torsdagen at det dansa ned nokre snøfnugg akkurat så mykje at bakken vart dekt av ei tynt lag pudder. Gradestokken har bevega seg ned mot 10 blå og det har vore godt med varme i ovnen innomhus.
Tok med min eigen stive og støle kropp, kjæresten og hans kranke rygg samt fotoapparatet ut på tur i dag. Været var flott med sol og gradestokken rundt null - vi traska med freidig mot - toppen av Sølvsberget var målet for oss to.

Er vist ikkje berre vi som er to - dette furuparet stod og heldt rundt kvarandre ved stien oppover.



Litt lenger oppi lia vart eg litt i tvil om eigen oppfatting av kallendaren - her blomstrar løvetannen...

...ja dette bildet er tatt i dag 25.10.10...rett nok i sørhellinga - men denne stakkaren er nok litt forvirra...


Nokre stader går stien i ope lende og andre stader er det som å bevege seg gjennom ein tunnell - rett så spennande og trollsk....


...endatil heksekosten er tilstade i skogen her...


...ilag med trollskjegget på gammal gran...


Heldigvis var det litt opning i skogen slik at vi fekk sett på utsikta - er liksom litt meiningslaust for ein sunnmøring å gå på fjellet og ikkje få nyte utsynet. Frå vegen opp til Sølvsberget ser vi Rånåsen i aust - fjellet rett ovanfor der vi bor. I framgrunnen ser vi landskapet og gardane rundt Sølvsberget....


...å kalle dette "landet" for Nordens Toscana er kanskje ikkje heilt borte vekk. Vakkert er det iallefall å sjå nedpå gardane og jorda som har fått første snøteppe der sola ikkje har klart å fjerne det.


Vel oppe forstår vi at dette er eit ynda turmål for mange - her er plassert rastebord og laga benker for ein sliten skrott...



...og når vi først er oppe her må vi jo dokumentere at vi har vore her. Boka som ein kunne skrive navnet sitt i var lagt ut i kassa 13. mai - og vi skreiv oss inn som nummer 4.291 og 4.292....blir nokre personar kvar dag det ja...


Det fine med å gå på Sølvsberget er at ein ikkje treng å gå nedatt same vegen. Ein kan gå opp frå sørsida og fortsette nedatt på nordsida eit stykke før stien svingar av mot sør igjenn.
Rett mot nord kan vi sjå Randsfjorden og Brandbukampen - fjellet som det er bevist er ein gammal vulkan.


Så vandra vi nedatt i skogen på veg heimover - sola skin gjennom greinene innimellom....


...andre stader kjem den ikkje til og vinteren får eit fastre grep.


Nesten tilbake til start står dette huset - frå 1845 - brunbarka veggar og kvitmåla vindauge. Fråflytta men enno stolt og høgreist vitnar det om farne tider...



På Sølvsberget for første gang - eg håpar og trur at det ikkje blir siste gang eg ruslar den turen - akkurat passe lang og bratt.
Vel heime kan eg kose meg med ein varm kopp kaffi og vere takksom for at eg har mulegheit til å få slike naturopplevingar....

jannetove

søndag 17. oktober 2010

Som dagane går...

Hausten er ei god tid når sola skin frå klår himmel og lufta er klår og fargane formeleg eksploderer. Men det kan vere ganske trøsteslaust å vakne opp til dagar som denne.....



....skodda her på Hadelandet mitt blir berre så utruleg tjukk. Og når ein då veit at den ligg berre i dalsøkket og at himmelen over er knallblå blir det litt ekstra kjedleg.
Men så går det kanskje berre ei lita stund og eg oppdagar at lyset endrar seg i sør - det er akkurat som om noko som gløder.....



...og brått har sola fått overtaket igjenn. Då kjennest det godt å leve - humøret stig mange hakk og kroppen følest lettare med ein gang.



Denne helga har vore perfekt for haustaktivitet i hagen. Det har vore tørt og fint ute og sola har varma godt i ryggen sjølvom det om morgonen var heilt nede på - 6 grader. Eg pusla og raka litt under fureleggane i sørhellinga på tomta her - det gjev meg slike gode assosiasjoner til barndomen. Tankane går så lett tilbake til Askjellhaugen og granleggane der - der laga vi store bondegardar med grankongler og furukongler til husdyr og kvistar og mose til bygningar....Syns eg kjenner den gode lukta av varm skog...

Tida har gått og Askjellhaugen har bestått og blitt Ørsta`s nye gravstad - tenk om eg den gong viste kor mykje denne plassen skulle bety for meg og mange andre...

Naboens epler er modne og nokre har falle ned - dette ligg fint imellom steinane i bytet og er ikkje så verst dekorativt der det ligg.



Det er så fint her rundt husa - med store og mange bjørker og ein del furutre. Blir berre så enormt mykje lauv av slike tre - fullt på plenen og i takrenner. Godt med nyinnkjøpt lauvblåsar - fekk samla alt i ein stor haug, og då vart det jo så uendeleg mykje lettare å få det bort. Det gjer godt for oss "gamle" med stive og støle kroppar og elendige ryggar...



Det er nok ikkje mykje som tirrar apetitten som arbeid ute i frisk luft. Heldig for oss at vi hadde denne i press medan arbeidet pågjekk. Ein fin fårerull laga på slagside av lam og litt lammebog - smakar perfekt på grovt brød med raudbetar på.



Det er ikkje meir enn midten på oktober enno - men eg kjenner at det skal bli kjekt med snø, kulde og smått om senn juleførebuingar i år også....

jannetove

lørdag 16. oktober 2010

Eit sofaliv....

Det finst så mange milepælar gjennom eit langt liv - nokre gode og andre mindre gode. Ein milepæl som oftast er av den gode er valget ein tek om å kjøpe seg ny sofa. Det er akkurat det eg og kjærasten min har gjort. Vi har gått til det skritt og kjøpe møblar i lag - noko som er med på å binde oss tettare saman. Vi har gått frå møbelhus til møbelhus - prøvd - kikka - diskutert og til slutt blitt enige om møbler som vi begge likar godt. Ein sofa etter vår smak - ein sofa som er stor nok til at vi begge kan ligge middag der samstundes og ein sofa som har slike kvalitetar at den kan fylgje oss lenge - ja kanskje resten av livet.

For det er ikkje så ofte ein kjøper nye møbler slik vi har gjort no - ein sofa varar som oftast i mange år og det er nok ikkje så mange som skiftar dette møbelet i takt med trendane som stadig endrar seg. Det har iallefall ikkje eg gjort opp gjennom livet - og når eg no sit her og ser på vår nye sofa - går tankane bakover i tid og eg kan sjå på mitt sofaliv...

Den første sofaen eg fekk var ein brunrutete sovesofa som min kjære far snekra saman då eg fekk meg nytt ungpikerom heime på Øvre Mo. Putene var av vanleg skumgummi som eg sjølv skar til og sydde trekk på - den var verken god å sitte i eller ligge i - men du verden - det var min føste sofa.

Den neste i rekka var ein brun/beige sofa som eg fekk kjøpt svært rimeleg brukt - den første sofaen eg hadde i leiligheita som eg og Helene delte den fyrste tida ho var her ilag med meg. Om den ikkje var av den finaste og mest moderne - så var det iallefall ein sofa som eg så sårt trengde den gongen.

Sofa nr. 3 var ikkje berre ein, men to like store som skulle stå midt imot einannan. Dei var mjuke, store, i lyseblått stoff og typisk 80 talet - nærare bestemt 1985. Lyseblått stoff med etter kvart 3 aktive ungar i hus - ja det var kanskje ikkje så rart at nr. 4 vart i skinn.

Denne var litt av eit møbel - grønt mjukt skinn, ein stor sofa i hjørne og produsert i Hundeivika. Eit kvalitetsmøbel kjøpt for lånte pengar i 1995 - med verdens beste hjørnesitteplass.

Så ville det seg slik i livet mitt at eg forlot den fine grøne sofaen som eg likte så godt - og når nøden er stor må ein gjerne ta til takke med eit litt rimelegare alternativ. Sofa nr. 5 kom i hus i leigd leilegheit til ein særs billeg penge. Mørk blå denne gang, i eit billeg stoff uten den store kvalieten. Det var vel ikkje den store kvaliteten på heile møbelet - men den var fantastisk god å ligge middag på. Denne sofaen forlet eg i Haslevegen tidlegare i sommar - eg reknar med den framleis står i utestova der.

Då har eg kome så langt i livet at eg nett har fått i hus sofa nr. 6 - igjen er det hjørneløysinga som er valgt og fargen er tilbake til start - nemleg brun.


Det er rart å sitte her å tenkje tilbake på mitt sofaliv - tenkje tilbake på alle gledene og alle sorgene eg har opplevd. Tenk om mine sofaer kunne snakke - tenk alt dei då kunne fortelje - på same måte som den grønmala benken i hagen som ein gamal song fortel om...
Det er kanskje like greit - at sofaen ikkje kan prate - dei gode minna har vi jo med oss uansett og dei vonde som vi kanskje ikkje ynskjer å huske - dei kan berre vere....

Så får vi håpe at vi får mange mange gleder med den nye sofaen vår - at vi kan gå glade dager i møte og at sorgane - som vi veit vil kome ikkje blir så uoverkomelege...

Tilslutt vil eg sende ein blomst til kjæresten min som eit symbol på at eg er glad for at han finst og at han tek sjansen på å kjøpe møblar saman med meg.



Den same blomsten kan stå som ei helsing til alle dei som har vore og er ein del av mitt sofaliv:-))

jannetove

tirsdag 12. oktober 2010

Ting som varmar ein haustfrosen skrott.

Vakkert og dekorativt kan det vere - ei halvslitt brødfjøl med friske grønnsaker og rotfrukter - det er iallefall eit fint bilete på hausten. Og ja no er det ugjenkallelig slutt - frosten er komen rundt husnova og nattekylda dreg skodda opp frå sjøen og hyllar oss alle inn i mjuk kvit skodde.

Då kan det vere godt å ha noko verkeleg varmt og godt å varme seg på. Litt av grønsakene, eit par stykke fårebog og suppekjøt frå elg - alt blanda med god kraft. Brennsnut som vi kallar det på Sunnmøre - nydleg godt med flatbrød til.
I det kjæresten kjem snusande inn på kjøkenet får eg vite at fersksuppe med klot er eit av dei gode minna han har frå barndommen og mor....Klot???....Fersksuppe med klot...
Ja kva i alle dager er det for noko...Atter ein gang spelar dialektane og kulturforskjellen oss eit artig puss.

Her har du fersksuppe med klot servert akkurat slik det skal vere - nesten like god som den mor Otta laga. Kloten eller mjølbollane som det heiter i mitt hovud kunna sikkert ha hatt litt meir mjøl i seg slik at dei vart litt meir fyldige. Men eg må sei at mine luftige mjølbollar vart heilt akkurat slik eg syns dei skulle vere...

Å gå gjennom vinteren her på Hadelandet mitt er heilt utenkjeleg uten vottar - og her som alle andre stadar rundt om har mødrene før oss utarbeidd sine eigne oppskrifter - så også med Hadelandsvotten.
Første gangen eg vart presentert for denne votten tenkte eg at den der klarar nok ikkje eg å strikke. Så på kurset i vinter strikka eg mine eigne enkle ting medan dei meir erfarne strikkarane lærte kunsten å forme Hadelandsvotten.

Det spesielle med denne votten er tommelkila som er auka ut på ein spesiell måte - ja og så dette stripemønsteret som skal vere med i aukinga og fellinga. I tillegg er den dobble mansjetten strikka frå innsida og strikka saman før stripene startar.

For to veker sidan vart det starta eit nytt kurs i Hadelandsvott på strikkekafèn i Brandbu og eg stillte med pinnar, garn og ei super positiv innstilling....
....og her syner eg stolt fram det ferdige resultatet - ikkje alle masker like fine og litt uryddig auking på første kila - men jammen meg gjekk det mykje bedre enn eg hadde trudd.

Eg har igrunnen i alle år tenkt at handarbeid er nok ikkje noko særleg for meg og strikking absolutt ikkje sidan det er så tidkrevjande. Men du verden kor kjekt det har vore å arbeidd med desse vottane - kor kjekt det har vore å funne ut at med tolmod så får eg til ting. Sjøl med min kranglete kropp er det muleg å få til ting og på neste strikkekafè - jau då skal vi lære oss flettestrikk - skal tru om eg får dreisen på det og? Det hadde vore noko det:-)

jannetove